Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sofie Linde og #metoo

Den danske programleiaren Sofie Linde skapte overskrifter med talen sin på Zulu Comedy Galla 2020. Det blir sagt at det var ho som sparka i gang #metoo-debatten i Danmark. Kvifor blei denne talen så kjend?
Rødhåra jente held opp eit ark med teksten #METOO. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Kva er #metoo?

A. Diskuter i klassen

  1. Veit de kva #metoo er? Prøv å setje ord på det i plenum.

  2. Korleis starta #metoo?

  3. Korleis blei det ein verdsomspennande kampanje?

B. #metoo verda rundt

  1. Sjå kortdokumentaren om #metoo under.

  2. Diskuter i plenum: Fekk de nokon nye opplysningar om #metoo-kampanjen de ikkje visste om?

Del 2. Sofie Linde og #metoo i Danmark

Sofie Linde står på scenen i blå kjole. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mens #metoo-kampanjen bølgja i Sverige og Noreg, var det relativt stille i Danmark. Det tok slutt då programleiar og skodespelar Sofie Linde heldt ein tale på Zulu Comedy Galla i 2020.

A. Sjå talen

  1. Sjå Sofie Lindes tale på nettsida til dansk TV2.

  2. Skriv ned førsteinntrykket dykkar av talen.

  3. Kva er det Sofie Linde ønskjer å fortelje publikummet sitt?

B. Diskuter i plenum

  1. Diskuter i plenum det de svarte på oppgåve A2 og A3.

  2. Etter å ha sett talen ein gong: Kva meiner de er det viktigaste verkemiddelet Linde bruker for å overtyde i talen?

Del 3. Den retoriske situasjonen

No skal de gå i djupna på talen. Målet er å setje talen i kontekst og dermed få innsikt i kvifor han gjorde så stort inntrykk på danskane.

I denne delen av oppgåva skal de først diskutere spørsmåla under i par. Deretter skal de skrive kvar for dykk.

De finn ei skriftleg utgåve av Lindes tale på dansketaler.dk.

A. Det påtrengjande problemet

Diskuter kva de meiner er det påtrengjande problemet Sofie Linde prøver å løyse med talen. Då må de sjå på følgjande spørsmål:

  1. Kva samfunnsproblem tek Sofie Linde opp i talen sin?

  2. Kva trur de ho ønskjer å oppnå med å halde denne talen?

B. Det retoriske publikummet

Det retoriske publikummet er dei som kan løyse det påtrengjande problemet, og som Sofie Linde må overtyde. Diskuter, og skriv ned svar på desse spørsmåla:

  1. Kven er det Sofie Linde snakkar til i talen? Legg merke til både at ho har eit publikum framfor seg i salen, og at talen blir send på TV.

  2. Korleis ser det ut til at det retoriske publikummet i salen reagerer på talen?

C. Dei tvingande omstenda

Dei tvingande omstenda er dei moglegheitene og avgrensingane talaren må ta omsyn til når ho snakkar. Ta for dykk dei følgjande spørsmåla:

  1. Sofie Lindes tale opna ein komediegalla. Kva har det å seie for måten talen er utforma på?

  2. Korleis kan #metoo-debatten, som ikkje heilt enno hadde nådd Danmark, sest på som eit bakteppe som skaper gode moglegheiter for Linde til å nå fram med bodskapen sin?

  3. Kva "band" må Sofie Linde leggje på seg sjølv når ho held talen sin, slik at ho ikkje skal støyte publikum?

D. Å bryte med folks forventningar – aptum

La de merke til at talen fekk blanda mottaking av publikum? Nokre ler og klappar, nokre ser overraska ut, mens andre er alvorlege. I ettertid blei Linde både hylla og kritisert. Ho blei kritisert for å ikkje gjere det ho skulle på ein komigalla: underhalde. Til dømes sa Uffe Holm, ein dansk komikar som sat i salen, dette om opplevinga si av talen:

Jeg synes, hun er en dygtig vært, jeg hader folk, der misbruger deres magt, og jeg støtter selvfølgelig op om MeToo, men det virkede alt alt for voldsomt, da vi sad i salen. [...] Jeg troede, vi skulle se noget, der var sjovt og grine. [...] Det er ligesom folk, der vinder en Oscar og begynder at snakke om forurening og klima. Hold nu kæft, sig tak for din Oscar og sæt dig ned. (Nygaard, 2020)

Andre rosa Linde for å gjere noko uforventa nettopp med det retoriske publikummet ho hadde framfor seg i salen:

Virkeligt stærkt af Sofie Linde at stå frem og fortælle sin historie – og det vildeste boss-move at gøre det foran hele comedybranchen. (Søndergaard, 2020)

  1. Vurder korleis Lindes tale kan sjåast på som eit "brot". Kva er det ved ordvala og framføringa hennar som bryt med forventningane til det retoriske publikummet?

  2. Er dette brotet ein styrke eller ei svakheit ved talen, meiner de? Grunngi svaret.

  3. Gi dykkar eiga vurdering av talens aptum. Prøv å drøfte, men kom med dykkar eigne, sjølvstendige konklusjon til slutt.

Del 3. Topos

Den gode retorikaren må velje argument frå ein stad hen trur kan overtyde. Det vil seie at argumenta må byggje på ein felles ståstad dei fleste i det retoriske publikummet kan vere einige om. Det er dette vi kallar talens topos (topoi i fleirtal).

  1. Sjå på sitata frå talen under, og diskuter: Kva "stader" går Sofie Linde til for å overtyde det retoriske publikummet sitt?

  2. Kvifor trur de ho går til akkurat desse stadene for å overtyde?

  3. Vi kan seie at Linde bruker humor for å appellere til kjenslene (patos), men det underliggjande målet er like mykje å appellere til fornufta (logos). Korleis?

Sitat 1

Så jeg gik ind og sagde: “Må jeg ikke godt få det samme som Mikkel Kryger? Det synes jeg, jeg fortjener.”

“Prøv at høre her, lille ven, du må forstå, at du er jo en usikker arbejdskraft. Altså, dig kan man jo ikke regne med, du kan jo lige pludselig blive gravid, det kan din mandlige medvært ikke.”

Sitat 2

Og siden den dag, så har jeg faktisk været dårligere betalt end størstedelen af mine mandlige kolleger.

Jeg er det også lige nu, kan vi sige. Jeg er det også lige nu. Og det ER ikke blevet bedre.

Sitat 3

Men som sagt, det er ikke for at være specifik, men altså jeg bad om halvdelen af det, Blachman får. Og fik det ikke, bare rolig. Altså jeg bad ikke om en husbåd, jeg bad om en jolle, og jeg fik det ikke.

Litt hjelp på vegen?

Det som er viktig når du skal finne ut kva topoi Linde går til, er å sjå på korleis sitata over speler på ei felles forståing hos publikum. Danskane, og vi nordmenn, er stort sett einige når det gjeld rettferd, likestilling og kjønn.

Del 4. Skriv om retorisk situasjon, topos, kairos og aptum

Skriv ein kort analyse (ca. 500 ord) av Sofie Lindes tale. Målet er å skrive:

  • ei innleiing der du presenterer talen

  • eit avsnitt om den retoriske situasjonen

  • eit avsnitt om topos

  • eit avsnitt om kairos og aptum

Sjå gjerne på den vedlagde modellteksten for å få hjelp til struktur og formuleringar. Modellteksten er ein analyse av ein tekst på nettsida til flyselskapet Norwegian.

NB! Det er ein fordel om du kan drøfte når du skriv teksten din. Legg til dømes merke til avsnittet om kairos og aptum i modellteksten under. Her kjem synspunktet til skrivaren godt fram, men hen viser samtidig at hen kan sjå fleire sider av saka.

Modelltekst med kommentarar

Tekst

Struktur og tips

Den samansette teksten "Vi gjør verden mindre" er ein reklame for flyselskapet Norwegian. Teksten består av to modalitetar: bilete og verbaltekst.

Kort innleiing
Presenter tekst, avsendar og sjanger.

Den retoriske situasjonen består av eit påtrengjande problem, eit retorisk publikum og tvingande omstende. Avsendaren av den retoriske teksten er Norwegian, eit norsk flyselskap. Problemet Norwegian prøver å løyse med teksten, er naturleg nok å selje fleire flybillettar. Målet med reklamar for produkt er stort sett det. Det retoriske publikummet Norwegian prøver å nå, er folk som skal flyge i næraste framtid. Men teksten viser at dei nok særleg ønskjer å nå fram til dei som har dårleg samvit fordi dei veit at flytrafikken er ein av våre største kjelder til forureining. Heilt til slutt kan vi sjå på dei tvingande omstenda dei må ta omsyn til. "Vi har allerede innført en rekke tiltak for å redusere vårt miljøavtrykk", skriv dei. Dette sitatet viser kva omsyn Norwegian tek til det aller viktigaste omstendet, nemleg den pågåande klimakrisa. Det går ikkje lenger an å reklamere omsynslaust for reising fordi store delar av det retoriske publikummet kjenner på flyskam.

Den retoriske situasjonen

  • påtrengjande problem

  • retorisk publikum

  • tvingande omstende

Den gode retorikaren må velje argument frå ein stad hen veit hen kan nå fram til det retoriske publikummet, altså ein felles ståstad. Dette kallar vi topos. Det kan vere eit tematisk område som vanlegvis blir sett i samanheng med saka, eller ei allmenn oppfatning. Norwegian er framfor alt eit flyselskap og hentar derfor ikkje overraskande argument frå topoi som turisme og pris. Likevel er dei mest sentrale topoi i teksten klima og berekraft, og Norwegian har framfor alt henta argument frå toposet vi må gjere noko med klimakrisa. Det kan verke rart sidan fly er ein av våre største forureinarar. Men ved å ta opp og anerkjenne problemet viser Norwegian at dei tek sitt ansvar alvorleg. Dei argumenterer for at dei er på god veg til å bli klima-ansvarlege ved å vise til fakta som "vi har i løpet av de siste ti årene redusert våre CO2-utslipp med 30 prosent". I tillegg hentar dei argument frå toposet om at økonomisk vekst og arbeidsplassar må til for at samfunnet skal gå rundt. Dei to øvste avsnitta av teksten bruker nettopp desse argumenta for å få folk til å kjøpe flybillettar med godt samvit.

Topos

Kva stader har avsendaren gått for å overtyde publikum med argumenta sine?

Så til spørsmålet: Er dette ein vellykka tekst? Griper Norwegian sjansen og kjem med rett ord til rett tid (kairos)? Og er teksten passande på den måten at orda er godt tilpassa situasjonen (aptum)? Eg vil seie at Norwegian gjer eit godt forsøk. I staden for å gjere som mange andre fly- og reiseselskap, som reklamerer for reiser og forureinande flyturar heilt skamlaust, så adresserer i alle fall Norwegian problemet dei er ein del av. Dermed er timinga god. Samtidig er jo denne reklamen eit perfekt døme på såkalla grønvasking. Det er det same kor mange prisar Norwegian har vunne for å vere drivstoffeffektive. Det blir aldri miljøvennleg å flyge. Det er altså all grunn til å vere kritisk til om Norwegian verkeleg meiner det når dei skriv at "folks bevissthet og meninger rundt fly og mer miljøvennlig transport blir stadig større. Det synes vi er bra". Men teksten er langt frå upassande. Det hadde vore mykje meir upassande om han ikkje i det heile hadde anerkjent miljøkrisa og oversett konsekvensane av produktet dei sel.

Kairos og aptum

Grip avsendaren sjansen og kjem med rett ord til rett tid (kairos)?

Er teksten passande, det vil seie godt tilpassa konteksten? Eller er det noko ved språket eller framføringa som ikkje passar i denne samanhengen?


Kjelder

Nygaard, K. D. (2020, 2. september). Uffe Holm i kritik af Sofie Linde: 'Jeg troede, vi skulle se noget, der var sjovt'. Berlingske Tidende. https://www.bt.dk/helt-vaek-med-hemmingsen/uffe-holm-i-kritik-af-sofie-linde-jeg-troede-vi-skulle-se-noget

Søndergaard, S. (2020, 27. august). Twitter. https://twitter.com/sannesonder/status/1298885670304440320?s=20

Relatert innhald

Den retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2022

Læringsressursar

Opprøret mot autoritetane!