Hopp til innhald

Fagstoff

Kva skreiv dei realistiske forfattarane på 1800-talet om?

Litteraturen til det moderne gjennombrotet skulle ha ein tendens. Det vil seie han skulle ha ein klar bodskap, handle om samtida og ta opp politiske eller moralske spørsmål. Men kva for nokre tema var det dei realistiske forfattarane skreiv om?
Ein gut sit ved eit bord og drikk kaffi og et ei bolle. Han ser rett på målaren. Gammelt måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det moderne gjennombrotet

Rundt 1870 skjedde det ei radikal endring i skandinavisk kultur. Denne endringa blir omtalt som det moderne gjennombrotet. Det er først og fremst ei nemning på at litteraturen og kunsten i Norden forandra seg radikalt: frå romantisk og idylliserande til realistisk og problemorientert.

Sanning, kunnskap og innsikt

Forfattarane skreiv for å få fram sanninga – og for å opplyse folket. Litteraturen skulle bidra til å forandre samfunnet til det betre. Desse grunntankane kjenner vi igjen frå opplysingstida: Mennesket skal opplysast, få kunnskap og innsikt, og på den måten frigjere seg og arbeide for ei betre verd.

Georg Brandes' betydning

Georg Brandes. Portrett.

I 1871 heldt den danske litteraturkritikaren Georg Brandes ei forelesingsrekkje ved Københavns Universitet med tittelen "Hovedstrømninger i det 19de Aarhundredes Litteratur". Her kom han med ei programerklæring for ein ny samfunnskritisk og realistisk litteratur, og han uttalte at "det, at en litteratur i vore dage lever, viser seg i, at den sætter problem under debat". Å setje problem under debatt blei slagordet for ei rekkje norske og nordiske forfattarar i tiåra framover.

Georg Brandes inspirerte mange norske, og andre skandinaviske, forfattarar til å ta opp det dei meinte var gale i samfunnet. Men kva var det eigentleg dei skreiv om i dei kritiske tekstane sine?

Kvinner sin mangel på fridom

Ekteskapet er den eneste form for trelldom som anerkjennes av våre lover. Det er ingen lovlige slaver igjen bortsett fra fruen i hvert eneste hus. (John Stuart Mill, 1869)

Filosofen John Stuart Mill var oppteken av den manglande fridommen til kvinner. Georg Brandes omsette John Stuart Mills On the Subjection of Women (Kvinneundertrykkelsen) i 1869. I boka angrip Mill både ekteskapet og dei manglande juridiske rettane til kvinner. At kvinna ikkje hadde same rettar som menn, gjorde henne til slave, sa Mill. Han meinte at menn og kvinner måtte likestillast.

Kvinner sine rettar på 1800-talet

Kva var det eigentleg John Stuart Mill meinte då han skreiv om kvinneundertrykkinga? Jo, han peika på at kvinna mangla grunnleggjande juridiske og demokratiske rettar som

  • stemmerett

  • rett til utdanning og arbeid

  • lov til å bestemme over eiga inntekt (Om kvinna arbeidde, bestemde ektemannen over pengane hennar.)

  • lov til å bestemme over eigen eigedom

Nora frå Et dukkehjem

Et dukkehjem. Nora, kledd i kvit kjole, ligg nede, medan Thorvald går rundt. Han ser opprørt ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Henrik Ibsens Nora, hovudpersonen i dramaet Et dukkehjem (1879), er nok den aller mest kjende kvinneskikkelsen frå realismen. Henrik Ibsen var svært inspirert av både Georg Brandes og J.S. Mill.

Moralen Nora styrer etter – "moralen til hjartet" – er ikkje gyldig i det mannsdominerte samfunnet ho lever i. Ho bryt lova for å redde livet til ektemannen. Og når ho blir konfrontert med dette lovbrotet, er svaret hennar at det er lovene det er noko gale med, ikkje henne. Mannen hennar, Thorvald Helmer, er likevel berre oppteken av at ho har bringa skam over han. Nora innser at ho har levd eit liv i løgn i alle åra ho og Helmer har vore gifte. Ho forlèt mann og barn for å kunne ta del i samfunnet; for å bli eit sjølvstendig individ med ansvar for sitt eige liv.

Dobbeltmoral og hykleri

(...) vi lider av Selvbedrag, vi lider av mye løgn, som vi slett ikke ser, og av mye løgn, som vi ser, men ikke vet hva vi skal gjøre med. (Bjørnstjerne Bjørnson, 1877)

Realistane på 1870-talet skreiv først og fremst om borgarskapet, altså den velståande middelklassen i Noreg. Målet til mange av forfattarane var å avdekkje dobbeltmoralen til borgarskapet. Å vere dobbeltmoralsk vil seie at du ikkje handlar etter den moralen som du gir deg ut for å leve etter og ber andre følgje. Då lèt du som om du er betre enn du er og driv hykleri. Som Bjørnstjerne Bjørnson peikar på i sitatet over, meinte realistane at samfunnet på 1800-talet var gjennomsyra av løgn. Dei ønskte eit samfunn bygd på sanning. Berre slik kunne dobbeltmoralen og hykleriet kjempast mot.

Gjengangere

Ei borgarleg møblert stove med skikkelsar som går rundt i svarte klede. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Då Henrik Ibsens Et dukkehjem kom ut, blei han kritisert for å la Nora forlate mann og barn. Ibsen lét seg opprøre av kritikken og følgde opp med dramaet Gjengangere som skulle vise kva som skjedde i den borgarlege heimen om ei kvinne blir i eit ekteskap som baserer seg på løgn, dobbeltmoral og hykleri.

Hovudpersonen, Helene Alving, byggjer eit asyl etter mannen sin, kammerherre Alving. Heile bygda trur den avdøde kammerherren har levd eit moralsk solid liv og har vore ein god ektemann. Det dei ikkje veit, er at Helene prøvde å gå frå mannen sin etter berre eitt års ekteskap, fordi han var ein utru alkoholikar. Pastor Manders, familien Alvings omgangsven, overtalte henne då til å gå tilbake til mannen sin. Han trur at kammerherren etter det tok seg saman og levde eit liv fram til han døydde.

Då stykket startar, kjem pastor Manders på besøk for å hjelpe fru Alving med asylet som skal reisast til minne om denne "flotte" representanten for det norske borgarskapet. Det heile endar med eit kraftig oppgjer med dobbeltmoralen til både fru Alving, pastor Manders og kammerherre Alving, som har ført til kjønnssjukdommar, incest og anna ulykke.

Autoritetar og maktmisbruk

Den Hovmodige (...) innbiller sig, at man forlanger, han skal opgive sin Fornuft, når man fordrer, han skal bøje sig for Autoriteten. Langt fra! Autoriteten er kun den almindelige (...) Fornuft. (Brandes, 1871)

Angrepet på dobbeltmoral og hykleri innebar òg eit angrep på autoritetar, og særleg dei som misbruke makta si. Realistane var sterkt inspirerte av utanlandske samfunnskritikarar som meinte at autoritetane øydela sjansen enkeltmennesket hadde til å realisere seg sjølv. Om eit individ skulle bli lykkeleg, måtte det leve eit liv i fridom og sanning. Dermed ønskte dei realistiske forfattarane å avsløre dei som hindra individet i dette.

Kritikk av skulesystemet

Omslag til boka Gift som viser ein lærar som kjeftar på ein livredd liten gut. Illustrasjon.

Ein variant av kritikken mot autoritetar som misbruker makta si, finn vi i Alexander Kiellands skildring av vesle Marius som døyr mens han puggar latinglóser i romanen Gift (1883). Undergangen til denne sarte guten i møtet med ein hard og autoritær skule vekte sterk sympati hos lesarane. Hovudkarakterane i romanen er likevel kameraten til Marius, Abraham Løvdahl, og Abrahams mor, Wenche Løvdahl. Både ho og sonen er idealistiske og opprørske, men dei møter stor motstand.

Fattigdom og klassesamfunnet

Fra den dag av drakk både mann og kone på Hellemyren (Skram, 1887).

På 1880-talet forandra den realistiske litteraturen seg noko. Framleis skreiv forfattarar om dobbeltmoral og maktmisbruk hos borgarskapet, men mange realistar la òg handlinga til fattigare miljø og var ikkje redde for å skildre dei aller vanskelegaste sidene ved livet. Vi kallar denne typen realistisk litteratur for naturalisme.

Målet til naturalistane var å vise korleis det var umogleg for enkeltmennesket å forandre skjebnen sin (determinisme). Dei meinte at arv og miljø var så avgjerande for individet, at det var umogleg å kome seg bort frå det livet ein var fødd inn i. Dermed ønskte naturalistane å vise korleis både fattigdom og klassesamfunnet undertrykte individet.

Hellemyrsfolket

Portrettfoto av Amalie Skram.

Vår aller mest kjende naturalist heitte Amalie Skram. Ho har mellom anna skrive eit firebindsverk med namn Hellemyrsfolket. Romanserien følgjer fleire generasjonar av ei slekt som bur i Bergen. I den første romanen, Sjur Gabriel, møte vi Oline som har levd eit hardt liv prega av alkoholisme. Når sonen Vesle-Gabriel døyr, dregst òg mannen hennar, Sjur Gabriel, inn i det same elendet. Den berømte avslutninga til romanen er: "Fra den dag av drakk både mann og kone på Hellemyren".

Ei oppsummering

På spørsmålet "Kva skreiv dei realistiske forfattarane om?" må svaret vere: alt det dei meinte var gale i samfunnet. Forfattarane ønskte å bidra til samfunnsdebatten gjennom litteraturen. Dei var inspirerte av Georg Brandes og tankar om fridom, fornuft og framsteg som hadde herja over Europa etter opplysingstida og den franske revolusjonen. Målet var å setje søkjelyset på det som øydela moglegheita til enkeltindividet for lykke og eit liv i sanning.

Kjelder

Brandes, G. (1871). Hovedstrømdrag i det 19. Aarhundredes Litteratur. Henta frå http://www.bjornetjenesten.dk/teksterdk/hovedstr3.htm

Bjørnson, B. (1877). Om at vere i Sandhed. Henta frå http://virksommeord.no/tale/222/

Mill. J. S. (1869). Kvinneundertrykkelsen. Henta frå ''Familievernets historie''. Utg. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. 2016.

Skram, A. (1887). Sjur Gabriel. Oslo: Gyldendal. Henta frå https://www.nb.no/items/0f3d155c056c81c0256503ae091e7156?page=0&searchText=sjur%20gabriel

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øverland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Opprøret mot autoritetane!