Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor skreiv Henrik Ibsen Gjengangere?

Henrik Ibsen sa han måtte skrive Gjengangere etter utgivinga av Et dukkehjem. Her skal du undersøkje kva han kan ha meint med det.
Måleri med portrett av Henrik Ibsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Et dukkehjem og Gjengangere

Skodespelet Gjengangere blei gitt ut i 1881, to år etter Et dukkehjem. For å forstå kvifor Henrik Ibsen skreiv Gjengangere, er det viktig å kjenne til dette om Et dukkehjem:

  • Et dukkehjem avsluttar med at Nora dreg frå mannen Thorvald og barna deira. Kvifor gjer ho det?

  • Korleis blei Et dukkehjem motteke då det kom ut i 1879?

Alternativ A: Til dykk som har gått gjennom Et dukkehjem:

Diskuter dei to spørsmåla over i klassen. Kan de nok om dette til å gå over til del 2? Viss ikkje – gå vidare til alternativ B.

Alternativ B: Til dykk som ikkje har gått gjennom Et dukkehjem eller treng meir kunnskap:

  1. Start med å sjå filmen om Nora (over).

  2. Diskuter spørsmålet: "Et dukkehjem avsluttar med at Nora dreg frå mannen Thorvald. Kvifor gjer ho det?"

  3. Et dukkehjem fekk gode mottakingar då det kom ut. Men det var òg kritiske røyster. Les dei to meldingane under og diskuter kva det er ved Et dukkehjem dei kritiserer.

Melding 1

Kan en enkelt kvinne, forkvaklet av moderne tidsstrømninger, anse hensynet til sin egen person å stå høyere enn morspliktene mot de hjelpeløse små, så vil en naturlig følelse absolutt forby enhver mor slikt, og den alminnelige bevissthet vil på samme måte bestemt forutsette, at hun bare under ivaretakelsen av sine mors- og hustruplikter på en sunn og naturlig måte vil kunne orientere seg i sitt skipbrudd og bli menneske "hun også". Man føler seg derfor pinlig berørt ved igjen på dette punkt å måtte savne den avslutning, som bare forsoningen kan gi. (Petersen, 1880)

Melding 2

Jeg spør likefrem: Finnes det en mor blant tusener av mødre, en hustru blant tusener av hustruer, som ville handle, som Nora handler, som ville forlate mann, barn og hjem for selv først og fremst å bli "et Menneske"? Og jeg svarer bestemt: Nei og atter nei! (Brun, 1879)

Del 2: Kva trur de stykket kjem til å handle om?

Sjå gjennom presentasjonen under. Han inneheld eit sitat frå Henrik Ibsen, eit måleri av Edvard Munch til stykket, ein samtidig karikatur over Gjengangere og nokre sentrale sitat frå stykket.

  1. Jobb først aleine: Skriv fritt i fem minutt om kva de trur Gjengangere kjem til å handle om etter å ha sett gjennom presentasjonen over.

  2. Les det de har skrive høgt for kvarandre. Fortel kvifor de skreiv som de gjorde.

Kjelder

Brun, M.W. (1879). Melding av Et dukkehjem i Folkets Avis i København (Språket er modernisert). Henta frå https://www.hf.uio.no/is/tjenester/virtuelle-ibsensenteret/ibsen-arkivet/tekstarkiv/anm/du/du-m-w-brun.html

Petersen, F. (1880). Melding av Et dukkehjem i Aftenbladet (Språket er modernisert). Henta frå https://www.hf.uio.no/is/tjenester/virtuelle-ibsensenteret/ibsen-arkivet/tekstarkiv/anm/du/du-f-petersen.html

Ystad, V. (2008). Innleiing til Gengangere på Henrik Ibsens skrifter (UiO). Henta frå http://www.edd.uio.no/cocoon/ibsenarkiv/drinnl_ge%7Cintro_publication_reception.xhtml

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Opprøret mot autoritetane!