Hopp til innhald

Fagstoff

Brukartest to versjonar (a/b-testing)

Store eller små knappar? Mest bilete eller mest tekst? Kva framside er best? Når du gjer ein a/b-test, testar du to versjonar av ei digital løysing og finn ut korleis brukarane opplever dei ulike versjonane.
To ulike skjermar merkte med bokstavane A og B. Skjermane viser ulike versjonar av eit nettdesign, og under dei står to ulike prosentverdiar for salstal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi , ser vi korleis brukarar forstår og bruker produkt og løysingar. Når vi utviklar digitale produkt som programvare, nettsider eller appar, finst det fleire måtar å brukarteste på.

I ein a/b-test lagar du to versjonar av ei digital løysing og brukartestar begge. Dersom ein utviklar lagar fleire versjonar av ei nettside eller ein app og brukartestar begge i ein tidleg fase, kan hen få verdifull kunnskap om kva som fungerer og ikkje.

Kunnskapen frå ein a/b-test kan vise om versjon a eller versjon b fungerer best, og kva som er styrkar og svakheiter ved dei ulike versjonane. Det kan også vise seg at nokre element fungerer godt i versjon a, mens andre element fungerer godt i versjon b. Då kan det vere lurt å bruke element frå begge i ein ny versjon.

Dette er viktig når du testar a- og b-versjonen

  • Brukaren må kunne løyse i begge versjonane.

  • Versjonane som skal testast, bør vere like langt i utviklinga.

  • Test versjonane på mange personar for å få eit betre kunnskapsgrunnlag.

Døme: a- og b-versjon av nettstaden til klesbutikk

Du kan setje opp resultata frå ein a/b-test i ein tabell. Kva ville du vektlagt dersom du skulle laga framsida til ein klesbutikk basert på informasjonen frå brukartesten nedanfor?

Versjon aVersjon b

Kjenneteikn ved løysinga

  • Bilete dominerer framsida.

  • Brukaren må logge inn for å leggje varer i handlekorga.

  • Nettsida vektlegg nye kolleksjonar og visjonen til klesmerket.

  • Nettsida er visuelt fin.

  • Brukaroppgåver dominerer framsida.

  • Løysinga har nedtrekksmeny.

  • Det er innlogging etter at brukaren har lagt varer i handlekorga.

  • Nettsida har få element og reint design.

Talet på personar som testar løysingaTi personarTi personar
Andel som synest den visuelle stilen er tiltalande80 %60 %
Andel som får gjort sentrale brukaroppgåver40 %80 %
Kommentarar og innspel frå brukarane
  • Sida ser fin ut.

  • Det ligg mykje innhald bak menyar.

  • Det er frustrerande å måtte logge inn for å leggje varer i handlekorga.

  • Mange av bileta tek lang tid å laste inn.

  • Det er vanskeleg å gå tilbake.

  • Handlekorga viser kor mange varer som ligg i korga.

  • Det er lett å forstå løysinga og lett å finne fram.

  • Butikken er oversiktleg.

  • Det er litt mykje kvitt på sidene – det kunne vore fleire fargar eller bilete.

  • Handlekorga viser ikkje talet på varer som er lagde i korga.

  • Knappane er veldig store.

Studer tabellen ovanfor

  • Kva slags informasjon får du om korleis brukarane opplever versjon a og versjon b?

  • Kva meiner du er positive og negative trekk ved versjon a og versjon b?

Tips til brukartesting av a- og b-versjon

Det er lurt å bruke fleire i a/b-testing av ei løysing enn i ein vanleg brukartest. Då får du meir data å trekkje konklusjonar ut frå. Testteamet kan la to grupper teste kvar sin versjon av ei digital løysing, til dømes ei nettside.

Vi kan brukarteste to versjonar av ei nettside som er under utvikling, ved hjelp av skisser, ein eller ei programmert løysing.

Dersom vi skal teste endringar på ei nettside som allereie er publisert, bør vi introdusere få endringar om gongen for å isolere kva som fører til endringar i bruken og opplevinga av nettsida. Til dømes er det lurt å innføre slike endringar kvar for seg: titlar på knappar og knappedesign, sterkare vektlegging av kjernesider eller meir bruk av ikon.

Du kan lese meir om brukartesting i artikkelen "Slik kan du brukarteste ei digital løysing".

Samanlikningstest

Det går også an å gjere ein samanlikningstest med begge versjonane. Då kan halvparten av brukarane starte med versjon a og den andre halvparten starte med versjon b – i tilfelle dei "lærer" av den første versjonen dei testar, slik at den andre versjonen derfor verkar "enklare".

Gjer brukartestane slik du ville gjort ein vanleg brukartest av ei digital løysing, berre at du testar to versjonar av ei nettside, og tek éin om gongen. Ta gode notat undervegs, og samle informasjon om kvar versjon.

Det kan vere lurt å ha ei utskrift av dei ulike versjonane med ei tydeleg merking av kva som er a- og b-versjonen. Det gjer det enklare for testdeltakarane og testteamet å skilje versjonane frå kvarandre når dei skal vise kva versjon dei snakkar om.

Tips: Samanlikn data om bruk i lanserte nettsider

Det går an å brukarteste og samle inn data om bruk av ei publisert nettside, for så å samanlikne dette med ein ny versjon. Då kan vi finne ut kva dagens nettside har når det gjeld til dømes kjøp, talet på visningar og nedlasting.

Når ein ny versjon av nettsida blir lansert, kan dei same områda bli testa – og slik kan testteamet samanlikne konverteringsgrad og bruk av versjon a og b.

Gjennom a/b-testing kan du undersøkje følgjande:

  1. Korleis opplever brukarane versjon a og versjon b?

  2. Kva versjon føretrekkjer testpersonane?

  3. Kva er styrkar ved versjonane?

  4. Kva er svakheiter ved versjonane?

  5. Kva for ein av versjonane er det verdt å gå vidare med?

  6. Er det aktuelt å lage ein ny versjon eller ta med nokon element frå den eine versjonen over i den andre, på bakgrunn av funna i brukartesten?

Kjelder


Dalen, O. & Rønjum, E. H. (2012). Slik lykkes du endelig med innhold på nett. Fagbokforlaget.

Netlife (2010, 20. mai). 5 eksempler på A/B-testing som bør gi deg lyst til å prøve selv. Medium. https://medium.com/netlife/5-eksempler-p%c3%a5-a-b-testing-som-b%c3%b8r-gi-deg-lyst-til-%c3%a5-pr%c3%b8ve-selv-12595341f6ed

Toftøy-Andersen, E. & Wold, J. G. (2011). Praktisk brukertesting. Cappelen Damm akademisk.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid