TRY råd
I podkasten nedanfor høyrer vi programleiar Berit Boman i samtale med leiaren i Try Råd, Sindre Beyer. Sindre driv eit selskap
som mellom anna jobbar med å hjelpe store og små verksemder med å velje målgruppe og nå ut til ho, og med korleis dei kan kommunisere med målgruppa. Sindre er i tett dialog med selskap som Google og Facebook i arbeidet sitt.
Sindre har uttalt følgjande:
Det er gøy å sjå ein YouTube-video, men du legg igjen digitale spor for kvart klikk du gjer, noko som igjen gjer deg til ein del av målgruppa for marknadsføring. Har du sett på eit slankeprodukt, set Google ein merkelapp på deg. Det sel dei igjen til andre annonsørar som tenkjer at du vil slanke deg og treng det dei kan tilby. Du får altså sjå ting gratis, men betaler med at dei får ting av deg.