Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Varmekart: Kvar klikkar brukarane?

Studer eit varmekart (heatmap) av ei nettside og sjå kvar brukarane klikkar. Forstår brukarane designet, og kva er dei mest interesserte i på nettsida?
Nettside frå NDLA med varmekart som viser kvar brukarane trykker mest ved bruk av ulike fargar. Skjermbilete.
Tilgjengelegheit

Denne oppgåva er vanskeleg å svare på for personar med synshemming og for fargeblinde personar.

Ein annan ressurs som kan vere aktuell å jobbe med i staden, er artikkelen Bruk målingar og brukarrespons for å forbetre ein nettstad.

Ein sirkel med ulike fargar. Til venstre grønt, blått og lilla, desse er plasserte saman, til høgre gult, oransje, raudt og rosa plasserte saman. Illustrasjon.

Eit varmekart let deg sjå korleis brukaren bruker ei nettside. Gult, oransje, raudt og rosa er varme fargar, og blå- og grøntoner er kalde fargar. Det som er raudt på eit varmekart, har svært mange klikk, oransje og gult har ein god del klikk, og blått har nokon klikk, men ikkje så mange som dei raude og gule områda. Slik finn du ut korleis brukarar navigerer, og kva dei trykker på.

Undersøk varmekartet

Skjermbiletet nedanfor er frå faget samfunnskunnskap på NDLA.

  1. Kva element blir trykte på på sida?

  2. Kvar på sida er dei mest populære elementa?

  3. Ser det ut som det blir trykt på noko som ikkje er klikkbart? Kva er det, i så fall, og kvifor trur du det skjer?

  4. Er det noko som ser trykkbart ut, som ikkje blir trykt på? Kvifor trur du det er slik?

  5. Samanfatt det du har observert på varmekartet, og svar på spørsmåla:

  • Har brukarane forstått designet?

  • Kva er dei mest interesserte i på nettsida?

Lang skrolleside inne på NDLA. Det er eit varmekart som viser kvar nettbrukarar trykker. Skjermbilete.

nettsida Hotjar kan de prøve Hotjar varmekart og lese meir om korleis ein kan analysere varmekart. For å bruke dette verktøyet, må du registrere deg med eiga e-postadresse. Ver merksam på at tenester med innlogging kan samle data om brukarane sine.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid