Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Brukartest nettsida til ei kleskjede

Lag testscript og gjennomfør brukartesting av nettsida til ei kleskjede.
Ein person framfor ein berbar pc med nettside som viser klede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ei nettside er utforma på ein måte, forstår vi designet og greier å gjere det vi går inn på nettsida for å gjere.

Vel ei kleskjede og gjer ein av nettstaden.

Desse ressursane kan vere til hjelp i oppgåva:

1. Planlegg brukartest og lag testscript

Lag eit som passar til testen, og som handlar om det de ønsker å finne ut av. Formuler spørsmål.

De kan bruke testscriptet til prototypen av ein app for ei kleskjede som utgangspunkt for testscriptet, og gjere justeringar av det.

Filer

2. Gjennomfør brukartest

Fordel roller og ansvar i brukartesten og finn aktuell(e) (ar). Det bør vere minst ein og ein . Er de fleire personar i teamet, blir resten observatørar.

Følg testscriptet og gjennomfør brukartesten. Viss de har tid og moglegheit, kan de gjere fleire brukartestar med fleire personar.

3. Samanfatt funn

Etter brukartesten går de gjennom det de har observert og notert. Sjå denne informasjonen opp mot det de ønskte å finne ut.

  1. Kva er bra med nettsida, og kva er ikkje fullt så bra?

  2. Kva sit de igjen med av kunnskap og erfaring om brukartesting?

  3. Har de lik oppfatning av kva som skjedde under brukartesten?

  4. Kva vil vere viktigast å prioritere dersom de skulle redesigna nettsida?

4. Juster testscriptet

Etter at de no har gjennomført brukartesten, går de gjennom testscriptet.

  1. Korleis har det fungert til å brukarteste ei kleskjede-nettside?

  2. Vil de gjere nokon endringar på testscriptet viss de skal gjere ein brukartest igjen? Kva endringar, i så fall?

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid