Hopp til innhald

Fagstoff

Analyser responsen på videoar

Finn ut meir om kva slags respons ein video får på nett, ved å bruke analyseverktøy. Kor mange ser heile videoen, og når klikkar dei seg ut?
Ein graf over videovisning som går gradvis nedover. Til høgre for grafen står ei videorute med to personar. Skjermbilete.

Ein video du har delt på nett, kan gi deg ulike data. Kor mange har klikka seg inn? Kor mange har delt han vidare? Og kor mange minutt av videoen er sett? Dersom vi set oss inn i desse dataa, kan vi tilpasse og forbetre innhaldet.

At ein 3 minutt lang video blir starta 1000 gonger, har ikkje så stor verdi dersom 95 % av sjåarane klikkar seg ut av han før det har gått 10 sekund. Då har du ikkje treft sjåarane med filmen din. Vi ønskjer å få høg for innhald på nett – her vil det seie at mange ser heile filmen din. Dersom vi har ein nettstad med ein viktig video, ønskjer vi at flest mogleg ser mest mogleg av videoen.

Dei som har kontoar i videodelingsplattformer, har tilgang til verktøy med grafar som viser kor mange som ser på ein video, og kor lenge dei følgjer med på filmen. Dette blir kalla audience retention rate og viser til kor stor del av publikum som framleis ser på videoen etter ei gitt tid. Dersom vi ikkje får den responsen vi ønskjer, og dersom få klikkar seg inn og nesten ingen ser ferdig videoen, kan vi bruke analyseverktøy for å finne ut meir og gjere forbetringar.

Analyse i videodelingsplattformer

Store videodelingsplattformer har analyseverktøy, der du kan studere korleis ein video blir motteken. Analyseverktøyet finn du i dashbordet til plattforma. Dersom du sjølv har lasta opp videoar gjennom YouTube, Brightcove eller Vimeo, har du tilgang til analyseverktøy.

Du kan studere grafen over talet på sjåarar og finne ut når han går opp og ned. Noter deg sentrale tidspunkt, til dømes når interessa går ned, eller når grafen går opp og mange byrjar å sjå på videoen igjen. Dersom du ser ein tydeleg nedgang nokre stader, kan du studere videoen nøye og sjå om du finn ut kvifor mange klikkar seg ut av han akkurat der.

Dei ulike videodelingssidene har støtteressursar som hjelper deg å bruke analyseverktøya. Nokre av desse må du logge inn for å kunne sjå.

Nettside med tittelen "Viktige øyeblikk for seerutvikling". Ein graf viser korleis sjåartalet for ein video varierer i løpet av videoen si varigheit på 14 minutt. Skjermbilete.

Kvifor klikkar sjåarane seg ut?

Det er fleire grunnar til at sjåarane klikkar seg ut av ein video. Dette kan vere nokre av årsakene:

  • Dei mistar interessa for innhaldet.

  • Dei har fått svar på det dei lurte på.

  • Videoen er for lang.

  • Dei klikka seg inn for å sjekke ut videoen, men fekk ikkje lyst til å sjå han.

  • Dei har ikkje tid til, eller ønskjer ikkje, å sjå heile videoen.

Korleis kan du få fleire til å sjå lenger på ein video?

Dersom du oppdagar at ein video ikkje får den responsen du forventar, er det fleire ting du kan gjere – anten for å forbetre videoen eller for å gjere han meir synleg, slik at fleire kan sjå han:

  • Du kan forbetre kvaliteten på videoen.

  • Du kan velje eit godt miniatyrbilete (thumbnail), bruke gode titlar og ha profesjonelt og tiltalande design.

  • Du kan stramme opp innhaldet og sikre at videoen har eit godt anslag og god dramaturgi.

  • Dersom du har ein lang video med djupnestoff eller opplæring, kan du leggje inn kapittel for å gjere det lettare å finne det mest sentrale.

  • Du kan leggje videoen godt synleg og spisse han meir mot målgruppa.

  • Du kan dele videoen på ulike tidspunkt og bruke kanalar som mange i målgruppa bruker.

  • Du kan også videoen og finne ut kva som fungerer og ikkje, slik at du kan gjere justeringar.

Kjelder

Dalen, O. & Rønjum, E. H. (2012). Slik lykkes du endelig med innhold på nett. Fagbokforlaget.

Green, J. (2021, 13. desember). 6 Ways to Improve the Video Play Rate for Every Video You Create. Databox. Henta 12. februar 2022 frå https://databox.com/improve-video-play-rate

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid