Hopp til innhald

Fagstoff

Slik kan du brukarteste digitalt innhald

Lag betre digitalt innhald! Godt forarbeid er viktig for å utvikle gode brukartestar, og det er lurt å brukarteste undervegs i produksjonsprosessen og å tilpasse innhaldet til brukaren.
To personar sit framfor ein berbar pc og studerer skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne artikkelen lærer du meir om dei tre viktige stega i brukartesting av ei digital løysing:

  • forarbeid

  • gjennomføring av testen

  • oppsummering av funn

1. Forarbeid

Kva skal du brukarteste?

Finn ut kva du ønsker å teste ut, og definer ei rekke som brukaren skal gjere på nettstaden, prototypen eller i skissa.

Korleis forstår brukaren designet? Kva gjer brukaren for å få til ulike brukaroppgåver?

Nokre brukaroppgåver du kan teste
  • Lag brukar på nettstaden.

  • Finn opningstid og bestill bord.

  • Finn informasjon om kven som står bak nettstaden.

  • Avbestill avisabonnementet.

  • Finn eit billig mobilabonnement med mykje data.

  • Bestill tre cheeseburgarar og brus. Ein av cheeseburgarane skal vere utan sylteagurk.

  • Sjekk kva du har lagt i handlekorga, og gå tilbake for å handle meir.

Roller i ein brukartest

Det er vanlegvis eit team som brukartestar. I bransjen er det ofte ein eigen testlab med eit testrom der brukartesten går føre seg, og eit observatørrom ved sida av der fleire personar sit og observerer skjermen samtidig som testen går føre seg.

Det er tre viktige roller i ein brukartest:

  • leiar testen

  • er personen som skal brukarteste løysinga

  • følger med på brukartesten frå litt avstand

I testrommet er det eit bord og stol til testpersonen, ein stol til testleiaren som sit ved sida av brukaren, og ein plass til observatøren som sit litt lenger bak. Viss det er mogleg, er det ein fordel at brukaren har eigen pc eller mobil som han eller ho er vand til å bruke. Viss dette ikkje er mogleg, må du skaffe ei eining som testpersonen kan bruke.

Enkle brukartestar kan du gjere i farta der du finn mange menneske, som på ein togstasjon, på eit kjøpesenter, i skulekantina eller på eit venterom. Slike kjappe brukartestar blir kalla geriljatesting.

Gut og jente ser på dataskjerm som guten bruker. I bakgrunnen sit ein annan gut med notatblokk og følger med på skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag testscript

Før brukartesten startar, må teamet lage eit med manus, brukaroppgåver og informasjon om kva som skal skje i testen. Dei må finne ut kva dei vil teste ut. Teamet må avklare kva utstyr som blir brukt, og kvar testen skal vere. Det er lurt å samarbeide om eit testscript for å få mange ulike innspel og perspektiv.

Det er lurt å gjere ein pilottest av testen med ein person før sjølve brukartesten. Pilottesten kan hjelpe teamet å justere testoppgåvene.

I fila under finn du døme på eit testscript til brukartest av ein prototype av appen til ei kleskjede.

Filer

2. Gjennomføring av brukartesten

Det er viktig å få fram at det ikkje er brukaren som blir testa, men korleis løysinga er å bruke for ulike brukarar.

Informasjon og samtykke

Testleiar startar med å innleie og informere om testen. Det er viktig å få testpersonen til å kjenne seg velkommen og komfortabel i situasjonen.
Understrek at det er sjølve løysinga og korleis ho fungerer som blir testa, ikkje kor "smart" testpersonen er. Trygg testpersonen.

Målet er å lage ei så god løysing som mogleg, og då er det viktig at testperson er ærleg og rett fram og ikkje pakkar inn moglege problem for å vere snill eller høfleg.

Brukaren skal samtykke til testen i forkant og må kunne avbryte brukartestinga når som helst viss hen ønsker det. Dersom testpersonen samtykker, kan de gjere skjermopptak av brukartesten for å kunne studere brukartesten nøye i ettertid.

Samtykkeskjema

Å samtykke betyr at ein gir løyve til noko eller aksepterer noko. I brukartestingssamanheng betyr det at brukarane skal avgjere om dei vil delta i ein brukartest.

Lag eit samtykkeskjema som passar til den aktuelle brukartesten.

I eit samtykkeskjema må det følgande komme fram:

  • kva dei gir samtykke til

  • om det blir gjort opptak av brukartesten

  • at det er frivillig å delta, og at testpersonen kan trekke seg undervegs eller i ettertid

  • ei formulering om at testpersonen samtykker og eit felt der kan skrive under

Gå gjennom samtykkeskjemaet og ver sikker på at testpersonen forstår det godt før hen skriv under. Viss testpersonen ikkje samtykker, avsluttar du testøkta på ein profesjonell måte og finn ein ny testperson.

Brukartest av løysing

Testleiar leier testen som han er beskriven i testscriptet, og gir brukaroppgåver til testpersonen.

Observer testpersonen så naturleg som mogleg. Testleiar skal ikkje forklare kvar hen skal trykke eller finne innhaldet. Be testpersonen om å tenke høgt når hen navigerer. Observatøren noterer undervegs mens testen går føre seg. Følg nøye med, og prøv å forstå korleis testpersonen bruker og forstår sida.

Dersom testpersonen ikkje får til oppgåva eller ikkje finn fram til det hen skal, går du berre vidare med neste brukaroppgåve. Det kan vere ein indikasjon på at løysinga ikkje er intuitiv nok å bruke.

Avslutning

Når testpersonen har gjort brukaroppgåvene og sjølve testen er over, kan testleiaren stille nokre meir generelle spørsmål. Til dømes:

  • Korleis er det å bruke løysinga?

  • Kva er lett, og kva er vanskeleg med løysinga?

  • Har du nokre innspel og forslag som kan gjere løysinga betre?

  • Har du nokon andre tilbakemeldingar?

  • Korleis har du opplevd denne brukartesten?

Når desse spørsmåla er svart på, rundar testleiar av og avsluttar brukartesten.

To personar ser på ei skisse av ein app på ein laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

3. Oppsummering av funn

Dei som har vore til stades i testteamet under testen, snakkar saman om observasjonane sine etterpå. Lag ei liste over ting som er oppdaga under testen. Sorter ut problem, og prioriter kva det er viktigast å gjere noko med først. Nokre problem er kritiske, og desse må de utbetre snarast. Andre problem kan vere uheldige, men til å leve med.

Problem som er enkle å fikse og krev lite ressursar for å løyse, kallar vi lågthengande frukt. Sjølv om det kan vere lett å fikse, må ein sjå det i samanheng med resten av funna. Alvorlege problem må ha førsteprioritet.

Kor mange bør brukarteste ei løysing?

Brukaropplevingsekspert Steve Krug peikar på at det er viktig å teste tidleg, og at det er betre å teste med éin person tidleg i prosessen enn mange seint i prosessen.

Ein annan brukaropplevingsekspert, Jakob Nielsen, tilrår å brukarteste på fem personar, og det baserer han på ei undersøking han har gjort, som viser at 80 prosent av feila blir oppdaga når fem personar har brukartesta ei løysing.

Eli Toftøy-Andersen og Jon Gunnar Wold tilrår brukartestar med tre eller fire personar på ulike tidspunkt i ein utviklingsprosess, heller enn å ha ein stor test med mange som brukartestar på same tidspunkt.

Ut frå dette veit du at det er betre med éin enn ingen, og at det kan vere lurt å teste i fleire fasar av ein utviklingsprosess. Testar du med fem personar, vil du ha lokalisert dei aller fleste feila. Du veit òg at det er betre å teste tidleg enn seint i prosessen.

Vil du vite meir om ...

Observatørrom

Profesjonelle testlabar har gjerne eit observatørrom med eit team som følger brukartesten digitalt. Dei ser det som skjer på skjermen, og høyrer samtalen mellom testleiar, testperson og observatør. I nokre tilfelle kan personane i observatørrommet òg sjå opptak av testrommet eller sjå inn gjennom ein spegelvegg.

I skulesamanheng kan det vere realistisk med ein brukar som er testperson, ein testleiar og ein observatør, og å droppe observatørrom i tillegg.

Tips: Prøv observatørrom i klassen

Første gong klassen skal prøve brukartesting av digitale løysingar, kan lærar og to elevar modellere ein brukartest. Lærar er testleiar, elevane er testperson og observatør.

Dei går på eit eige rom og koplar til eit digitalt møte som dei sender til klasserommet. Dei gjennomfører brukartesten med introduksjon, brukartest av løysing og avslutning.

På klasserommet ser elevane skjermen og høyrer samtalen som går føre seg på testrommet.

Klassen blir òg observatørar og noterer det dei observerer. Elevane må skilje mellom det som er observasjonar og sitat, og det dei sjølv tenker eller kjem på undervegs.

Etter brukartesten snakkar klassen saman om det dei har observert og tenkt gjennom brukartesten. Læraren kan samle kommentarar og innspel på tavla, og elevane kan diskutere desse.

Møterom med seks unge personar som diskuterer. I bakgrunnen ein storskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fjerntesting

Det er òg mogleg å brukarteste utan at brukar og testperson er på same stad. Dette blir kalla fjerntesting.

Du kan ha eit nettmøte med brukar der du ser skjermen, gir brukaroppgåver og observerer korleis brukaren bruker løysinga. Det blir kalla moderert fjerntesting.

Det går òg an å lage program med ein førehandsdefinert test som brukaren klikkar seg gjennom, eller be brukarar gjere skjermopptak av at dei prøver ei digital løysing, skisser eller prototype. Det blir kalla umoderert fjerntesting.

Du får fleire tips til måtar du kan brukarteste på ein enkel og rimeleg måte på i videoklippet Enkel og effektiv brukertesting – med Ida Aalen (Vimeo).

Hugging-metoden

Ein enkel måte å filme brukartesting av ei digital løysing på ein mobil på, er å ved å bruke . 17 minutt ute i filmen som er nemnd i førre avsnitt, kan du sjå denne metoden demonstrert.

Ved hugging-metoden gjer vi opptak med datamaskina mens brukartesten går føre seg. Skjermen på datamaskina blir vend mot tastaturet og filmar mobilen og hendene til testpersonen mens vi gjer opptak.

Det ser ut som testperson omfamnar datamaskina, og det er derfor metoden blir kalla hugging.

Testperson gjer brukaroppgåver, og testleiar gir oppgåver.
Det er verdifullt med opptak i tillegg til sjølve brukartesten fordi du og andre i teamet kan studere brukartesten nøye i ettertid.

Kjelder

Krug, S. (2014). Don't make me think Revisited. A Common Sense Approach to Web and Mobile Usability. New Riders Publishing.

Toftøy-Andersen, E. & Wold, J. G. (2011). Praktisk brukertesting. Cappelen Damm akademisk.

Aalen, I. (2017). Enkel og effektiv brukertesting – med Ida Aalen (Webdagene 2017) [Video]. https://vimeo.com/239102777?embedded=tru&source=video_title&owner=7270851

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid