Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Studer resultat for bruk av video

Observer funn gjort med videoanalyseverktøy, og vurder korleis grafar og sjåartal utviklar seg i ulike videoar.

Oppgåve 1: Filmen Algoritme for brunostskive (3:00)

  1. Sjå filmen og noter ned tidspunkt for kor lenge du sjølv er interessert, og når du eventuelt vil byrje å spole i videoen eller stoppe han.

  2. Observer grafen over talet på personar som ser filmen, og kor lenge dei ser på han.

  • Korleis vil du beskrive grafen? Korleis synest du sjåarresponsen er?

  • På kva tidspunkt minkar interessa litt, og kvifor trur du det skjer?

Ein graf som går gradvis nedover med talet på sjåarar på x-aksen og tid på y-aksen. Til høgre ei videorute med ein mann og ei jente. Under står samandrag av kor lenge sjåarane har sett filmen: gjennomsnittleg er det sett 2 minutt av filmen, 1690 har sett 1 %, 1171 har sett 25 %, 1018 har sett 50 %, 961 har sett 75 % og 676 har sett 100 % av filmen. Skjermbilete.

Oppgåve 2: Animasjon om steinalderen (3:32)


Sjå animasjonen og noter ned tidspunkt for kor lenge du sjølv er interessert, og når du eventuelt vil byrje å spole eller stoppe videoen.

Observer grafen under som viser talet på personar som ser på, og kor lenge dei ser på filmen.

  • Korleis vil du beskrive grafen? Korleis synest du responsen er?

  • På kva tidspunkt minkar interessa noko, og kvifor trur du det skjer?

Ein graf som går gradvis nedover med talet på sjåarar på x-aksen og tid på y-aksen. Til høgre ei videorute med eit noregskart. Filmen held ein høg del av sjåarane lenge, godt over halvparten har sett han heilt til han når 75 % av speletida. I siste firedel droppar nokre fleire sjåarar ut. Skjermbilete.

Oppgåve 3: Respons på opplæringsvideo

Under ser du skjermbilete av ein graf som viser sjåarresponsen i ein opplæringsvideo (tutorial). Videoen er 8:31 minutt lang, og sjåarane ser i gjennomsnitt 2:50 minutt av han, det er mange som ser berre litt av videoen. Videoen er ikkje tilgjengeleg, men det er likevel interessant å studere grafen.

  1. Når byrjar interessa å droppe i videoen?

  2. Kvifor trur du grafen hoppar opp og ned og går høgare opp igjen nokon stader?

  3. Mot slutten går videoen ein god del opp, frå å ha lege på cirka 15 prosent er det no 40 prosent som ser på. Kvifor trur du dette skjer?

  4. Kva kan vere lurt å gjere i opplæringsvideoar for å sikre at brukaren lett finn det hen lurer på?

YouTube-analyse med ganske kraftig fall nedover til det legg seg på cirka 15 prosent. Mot slutten går videoen opp mot 40 prosent. Skjermbilete.
Kvifor går grafen brått opp heilt til slutt?

Det er slik at mange kan ha problem med å eksportere ut video, lyd og grafiske produkt til rett format. Vi kan ikkje levere prosjektfila, vi må eksportere til mp3, WAV, .H264, PDF eller PNG og så vidare.

Forklaringa på at grafen går så brått opp heilt til slutt, er at elevane vil sjå korleis dei skal eksportere ut fila.

Grafen viser at elevane klikkar seg litt bortover når dei ser videoen, og grafen går opp og ned. Det kan tyde på at dei ser etter bestemde ting i opplæringsvideoane. I opplæringsvideoar kan det vere nyttig å legge inn kapittel undervegs med sentrale verktøy, då kan sjåaren enkelt finne fram til sentralt innhald.

YouTube-analyse med ganske kraftig fall nedover til det legg seg på cirka 15 prosent. Mot slutten går videoen opp mot 40 prosent. Skjermbilete.

Oppgåve 4: Analyse av videoar


  1. Korleis utviklar sjåartala seg i undervisningsfilmane samanlikna med opplæringsfilmane (tutorial)?

  2. Korleis kan vi bruke analyseverktøy for å forstå og forbetre videoinnhald?

  3. Kva kan vi gjere for å forbetre ein film og for å få fleire til å sjå meir av ein film?

Ekstraoppgåve: Studer analyseverktøy på videodelingsteneste

Viss du eller dei du jobbar saman med, har ein eigen videokanal, kan de gå inn i analyseverktøyet og studere eit par av filmane. Viss linja du går på, har sin eigen videokanal, kan de òg gå inn i analyseseksjonen og sjå på han saman på storskjerm.

  1. Før de ser på tala: Kva forventar du/de er responsen er på filmane?

  2. Etter at du/de har sett filmane: Korleis utviklar sjåargrafane seg? Er det som forventa eller ikkje?

  3. Ut frå den kunnskapen de har: Kva kan gjerast for å få fleire til å sjå meir av filmane?

Relatert innhald

Kor mange ser heile videoen din, og når klikkar sjåarane seg ut? Bruk analyseverktøy for å finne ut kva slags respons du får.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid