Oppgåve
Vurder målgrupperetting
Gå saman i grupper og diskuter spørsmål knytt til målgrupperetting. De skal sjå på to blogginnlegg, eit utdrag frå NRK-serien Skam og ein reklameplakat for PlayStation.
A. Jørgine Masse Vasstrand er kjend som "Funkygine". Les eit blogginnlegg på Funkygines blogg:
- Kva er målgruppa til Funkygine?
- Diskuter korleis Funkygine tek omsyn til målgruppa når ho utformar bodskapen sin.
B. Sophie Elise la ned bloggen sin i januar 2020, men har framleis ein Instagram-profil med fleire hundre tusen følgjarar. Les dette blogginnlegget på Sophie Elises blogg frå 2017.
- På kva måte får Sophie Elise fram at måten ho tenkjer rundt målgruppe på, endra seg frå ho starta å blogge til ho skreiv blogginnlegget i 2017?
- Korleis har forståinga hennar av målgruppa endra bodskapen hennar?
- Diskuter kvifor bloggarar og influensarar har eit viktig ansvar når det gjeld kva bodskap dei formidlar til målgrupper.
C. Sjå dette klippet frå Skam, ein dramaserie for ungdom frå NRK: Skam: Trussel
- Kven er målgruppa for denne serien?
- Kva er bodskapen i denne episoden?
- Skam er eit døme på eit medieprodukt som fekk eit mykje større publikum enn først planlagd. Kva trur de er årsakene til det?
D. Sjå på denne reklameplakaten: Plakat for PlayStation
Vurder målgruppa for denne reklameplakaten.
Kva tenkjer de er bodskapen i denne reklameplakaten?
- Kor godt synest de bodskap og målgruppe heng saman?
- Kor ville de ha plassert denne reklameplakaten for at han skal treffe målgruppa?