Hopp til innhald

Fagstoff

Israel-Palestina-konflikten

Israel-Palestina-konflikten, eller Midtausten-konflikten, er ein pågåande konflikt om området Palestina, som i 1948 blei delt på grunn av skipinga av staten Israel. Konflikten handlar om historiske og folkerettslege krav om å bu og etablere statsdanningar i området.
Unge menn flyktar gjennom gater prega av øydeleggingar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er Israel-Palestina-konflikten?

Det som er kjernen i Israel-Palestina-konflikten, er i dag det palestinske folkets rett til ein sjølvstendig stat i Palestina. Nemninga Palestina blir brukt om området i Midtausten der Israel og dei okkuperte palestinske områda Gaza og Vestbreidda ligg.

Konflikten er svært kompleks og kan delast inn i tre dimensjonar:

Kart som viser område i Midtausten som blei britiske eller franske mandatområde. Syria og Libanon blei fransk mandatområde. Palestina og Transjordan blei britisk mandatområde. Kart.

Den lokale dimensjonen gjeld kven som har rett til å etablere statsdanningar i området som fram til 1948 var det britiske mandatområdet Palestina. I første omgang handla dette om om ein jødisk stat kunne opprettast i området. I dag handlar den lokale dimensjonen i større grad om retten palestinarane har til ein eigen stat.

Den regionale dimensjonen viser til konflikten mellom Israel og nabolanda, spesielt Egypt, Jordan, Syria, Irak og Libanon.

Den globale dimensjonen tek for seg det internasjonale engasjementet omkring kven som har rett til statsdanningar i området.

Historisk bakteppe

Konflikten mellom Israel og palestinarar i dag går langt tilbake i tid. Frå midten av 1800-talet var det ei politisk rørsle blant jødane, sionismen, som var oppteken av å få dra tilbake til det landet som dei meinte var heimlandet deira, men som no låg under .

Under første verdskrigen blei arabarar i Midtausten lovde sjølvstende mot å støtte Storbritannia og Frankrike i kampen mot Det osmanske riket. Samtidig støtta britane i 1917 tanken om å opprette ein nasjonal heim for jødane i Palestina i den såkalla Balfour-erklæringa.

Etter første verdskrigen blei det britiske mandatområdet Palestina oppretta i Midtausten. Her auka den jødiske innvandringa fram til andre verdskrigen, spesielt etter at Adolf Hitler kom til makta i Tyskland i 1933. Området var allereie busett av arabarar, og det skapte spenning mellom folkegruppene.

Behovet for ein eigen jødisk stat blei ei viktig sak i det nyoppretta FN etter andre verdskrigen. I 1947 skulle konflikten løysast ved å opprette to statar i mandatområdet Palestina - ein jødisk og ein arabisk stat. Delingsplanen, som også har blitt kalla tostatsløysinga blei aldri gjennomført.

Staten Israel blir oppretta

I 1948 blei staten Israel oppretta. Dagen etterpå braut den første arabisk-israelske krigen ut ved at alle nabolanda gjekk til angrep på den nye staten Israel.

Arabarane lei eit knusande nederlag, og Israel tok kontroll over store område som var tiltenkte dei palestinarane som no blei sende på flukt. Ein stad mellom sju og åtte hundre tusen palestinarar blei flyktningar. Etter krigen enda Gaza under Egypts kontroll, medan Vestbreidda blei kontrollert av Jordan. Jerusalem blei delt i ein jødisk og ein arabisk del.

For palestinarane blei resultatet av krigen kalla al-Nakba, katastrofen. For Israel blei det kjent som sjølvstendekrigen.

Leiren består av einetasjes enkle hus. I bakgrunnen er det ein moderne by. Foto.

Krisar og krigar

Sida skipinga av Israel i 1948 har det vore spent mellom Israel og nabolanda. Under er det ei oversikt over nokre av hovudlinjene og konfliktane.

Seksdagarskrigen i 1967

I 1967 gjennomførte Israel ein krig mot Egypt, Jordan og Syria. Resultatet var at Israel tok kontroll over store område, blant dei Gazastripa, Vestbreidda frå Jordan, Sinaiørkenen frå Egypt og Golanhøgdene frå Syria. På ny måtte mange palestinarar flytte frå heimane sine.

Fram til 1967 hadde mange sympatisert med Israels ønske om å forsvare seg sjølv og trygge eigne grenser. Seksdagarskrigen forandra noko av denne oppfatninga då Israel erobra store territorium og begynte å etablere israelske busetjingar i område der palestinarane ønskte å bygge sin eigen stat. Desse israelske busetjingane inne på palestinsk område har gjort fredsforhandlingar vanskelegare i ettertid.

Områda er framleis okkuperte, og FN meiner at både okkupasjonen og etableringa av busetjingar er i strid med .

Den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO

I 1964 blir Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) oppretta av Yasir Arafat. PLO er ein paraplyorganisasjon for palestinsk motstandsrørsle og leidde an i den væpna frigjeringskampen etter seksdagarskrigen. Mellom anna tok gruppa i bruk terroraksjonar for å få merksemd om konflikten i Palestina. I 1988 tok Arafat avstand frå bruk av terror i kampen for sjølvstende.

I dag er det den største medlemsorganisasjonen i PLO, den palestinske gruppa Fatah, som dominerer på Vestbreidda. I det andre store palestinske området, Gaza, er det den palestinske rørsla Hamas som dominerer. Sidan 2006 har det vore ueinigheiter mellom Fatah og Hamas.

Nye krigar på 1970- og 80-talet

Under den jødiske høgtida Yom Kippur i 1973 gjekk Egypt og Syria til angrep på Israel for å ta tilbake landområde dei hadde tapt i seksdagarskrigen. Dette blir ofte kalla for Yom-Kippur-krigen. Israel fekk raskt militært overtak og slo tilbake invasjonen.

I 1979 blei det inngått ein fredsavtale mellom Egypt og Israel. Egypt skulle anerkjenne staten Israel mot å få tilbake kontrollen over Sinai-halvøya. Dette var den såkalla Camp David-avtalen som var basert på prinsippet om land i byte mot fred og tryggleik.

På 1970-talet brukte PLO det sørlege Libanon som base og utgangspunkt for geriljaangrep mot Israel. I 1982 invaderte Israel Sør-Libanon og øydela basane til PLO, som blei tvinga til å etablere seg i Tunisia.

Intifada

Mann med våpen og tildekt ansikt ser mot kamera. Foto.

I 1987–1991 skjedde den første palestinske intifadaen. Dette var eit palestinsk opprør mot den israelske okkupasjonen gjennomført av ein ny generasjon unge og frustrerte palestinarar. På mange måtar var dette resultat av 20 år med frustrasjon og okkupasjon utan noka politisk løysing i sikte.

I 2000–2005 skjedde den andre intifadaen, som var langt blodigare enn den første. Opprøret var ein reaksjon på dei sterke avgrensingane som blei lagde for utviklinga av ein palestinsk stat. Dette var langt på veg ein kamp mot okkupasjon og for sjølvstende. Hamas og andre militante radikale islamistar fekk ei meir framtredande rolle enn før, noko som førte til sterke militære motsvar frå Israel.

Fire unggutar med tildekte ansikt i aksjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gazastripa 2008-2021

Utover 2000-talet har det vore fleire konfrontasjonar mellom israelske militære styrkar og palestinarar på Gaza.

I 2005 trekte Israel ut militære styrkar frå Gaza, men erstatta dette med ein mur rundt området. Slik kunne Israel kontrollere handel og avgrense reiser inn og ut av området.

Den palestinske rørsla Hamas, som dominerer på Gaza, blir vurdert som ein terrororganisasjon av Israel. I 2008 braut det ut krig mellom partane etter at palestinske rakettar hadde blitt avfyrte mot Israel. Det same skjedde i 2014 etter at nye rakettar var blitt avfyrte frå Gaza mot Israel.

I 2021 var det igjen ein israelsk militæroffensiv mot Gaza.

I alle desse krigane har tapstala vore mykje større på palestinsk side, og Israel har blitt møtt med kritikk for å ha bomba folkerike område.

Israelsk apartheid

Israels okkupasjon av palestinske område er omstridd, og i 2022 konkluderte FNs spesialrapportør Michael Lynk med at Israels 55 år lange okkupasjonspolitikk er .

Dette inneber at palestinarar blir undertrykte, diskriminerte og forfølgde på rasistisk grunnlag. Innan folkeretten blir apartheid sett på som eit brot mot menneskja.
(United Nations, The Office of the High Commissioner for Human Rights, 2022)

Svart røyk stig opp midt i ein by. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kan konflikten løysast?

Israel-Palestina-konflikten er på mange måtar ein uløyseleg konflikt. Det har vore tallause planar for fred, men ingen har så langt lykkast.

Oslo-avtalen

Eit forsøk på å løyse Palestina-spørsmålet var Oslo-avtalen, inngått mellom Israel og PLO i 1993. Partane skulle anerkjenne kvarandre, og avtalen skulle legge eit politisk grunnlag for avgrensa palestinsk sjølvstyre, og delvis israelsk tilbaketrekking frå okkuperte palestinske område.

Det kunne sjå ut som Oslo-avtalen kunne danne grunnlag for ei mogleg løysing på konflikten, men i 1995 blei den israelske statsministeren Yitzhak Rabin drepen av ein jødisk ekstremist. I tillegg blei PLOs omdømme i Palestina gradvis svekt, mellom anna på grunn av korrupsjon, medan Hamas auka oppslutninga si. Samtidig auka talet på israelske busetjingar i okkuperte område. Resultatet var at progresjonen i Oslo-avtalen stagnerte, og i dag er det lite som tyder på at avtalen skal bli realisert.

Yitzhak Rabin og Yasir Arafat tek kvarandre i handa medan president Bill Clinton står i midten og ser på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Einstatsløysing eller tostatsløysing?

Det er to løysingar som ofte blir nemnde i Israel-Palestina-konflikten:

Det eine alternativet er ei form for einstatsløysing, der det blir oppretta ein stat innanfor det tidlegare mandatområdet Palestina. Dette kan utformast som ein sameint stat eller ein føderasjon.

Løysinga har tilhengarar på begge sider, og kan på lang sikt vere ein føresetnad for varig fred og tryggleik. Spesielt viss løysinga inneber demokrati og like rettar for alle, uavhengig av religion eller etnisitet. Utfordringa ligg i at dette ikkje er ei løysing mange i Israel ønsker seg. I tillegg spørst det om israelarar og palestinarar er klare til å samarbeide om ein felles stat.

Det andre alternativet er ei tostatsløysing der det blir etablert to sjølvstendige statar. Denne løysinga blir ofte framstilt som den mest realistiske, og fekk internasjonal heider igjennom Oslo-avtalen. Likevel er det stor skepsis knytt til denne løysinga.

For at ei tostatsløysing skal kunne realiserast, må desse forholda løysast:

  • Kvar skal grensene mellom ein palestinsk og ein israelsk stat gå? Skal grensene frå 1967 vere utgangspunkt? Det vil i så fall bety at Vestbreidda og Gaza skal danne ein palestinsk stat, og at Israel må avslutte okkupasjonen. Her kjem også spørsmålet om jødiske busetjingar på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem. Kva skal skje med dei?

  • Både Israel og palestinarane insisterer på at Jerusalem skal vere hovudstad. Det er uvisst korleis ein kan sikre begge partar tilgang til dei heilage stadene til dei respektive religionane.

  • Rundt halvparten av det palestinske folket er i dag flyktningar viss ein reknar med dei som flykta frå Palestina i 1948 og 1967 og dessutan etterkommarane deira. Kva skal skje med dei? Kven får flytte til det som i dag er Israel, kor mange skal integrerast i ein uavhengig palestinsk stat, og kor mange skal få statsborgarskap i eit tredjeland?

  • Begge partar må gjensidig anerkjenne kvarandre. Dette betyr at Israel må anerkjenne ein palestinsk stat, og den palestinske staten må anerkjenne Israel. Ei utfordring her vil vere at Israel kanskje må akseptere at ein palestinsk stat kan byggast opp militært. I tillegg må begge partar legge til side hat og mistru som har bygd seg opp over lang tid.

Ny krig i 2023

I oktober 2023 starta ein ny krig mellom Israel og Palestina etter at Hamas gjekk til angrep på i Israel 7. oktober. Dette var det mest omfattande angrepet i Israels historie. Hamas angreip både med rakettar og med soldatar på bakken. Mange israelarar blei drepne eller bortførte. Israel erklærte krig og har gjengjeldt med store angrep mot ulike mål i Gaza.

Sjølv om konflikten mellom Israel og Palestina har vore prega av militære offensivar, så er det første gong på 50 år at Israel har erklært at landet er i krig. I løpet av dei første dagane av krigen er det store sivile og militære tap på begge sider.

Angrep på sivile er rekna som krigslovbrot.

Tenk etter

Kva for løysing, ein- eller tostatsløysing, tenker du det er mest realistisk at det kan bli semje om på lang sikt?

Kva kan den nye krigen i oktober 2023 bety for løysingar i området?

Kjelder

Bratberg, K. (2021, 7. april). Israel-Palestina-konflikten. I Folk og Forsvar. https://folkogforsvar.no/israel-palestina-konflikten/

Gopla, Å. & Jensehaugen, J. (2018, 12. september). Fatah. I Store norske leksikon. https://snl.no/fatah

Jensehaugen, J. (2022). En kort introduksjon til Israel-Palestina-konflikten. Cappelen Damm Akademiske. Oslo

Leigland, L. E. (2021, 8. juni). Israel-Palestina-konflikten: Mange merkelapper, men hva sier FN? I FN-sambandet. https://www.fn.no/nyheter/israel-palestina-konflikten-mange-merkelapper-men-hva-sier-fn

Leraand, D. & Jensehaugen J. (2020, 12. mai). Palestinas historie etter 1948. I Store norske leksikon. https://snl.no/palestinas_historie_etter_1948

Leraand, D. & Jensehaugen J. (2021, 6. juni). Hamas. I Store norske leksikon. https://snl.no/hamas

Leraand, D. & Jensehaugen J. (2021, 19. august). Intifada. I Store norske leksikon. https://snl.no/intifada

Leraand, D. & Jensehaugen J. (2022, 8. juni). Midtøsten-konflikten. I Store norske leksikon. https://snl.no/midt38sten-konflikten

Leraand, D. & Jensehaugen J. (2023, 24. januar). PLO. I Store norske leksikon. https://snl.no/plo_-_den_palestinske_frigj38ringsorganisasjonen

Leraand, D. & Jensehaugen J. (2023, 28. mars). Palestina. I Store norske leksikon. https://snl.no/palestina

Palestina (2023, 21. juni). I FN-sambandet. https://www.fn.no/konflikter/palestina

Skare, E. (2022, 28. august). Palestinsk islamsk jihad. I Store norske leksikon. https://snl.no/palestinsk_islamsk_jihad

Stamsø, M. B. (2000). Cappelen historiske atlas. J.. Cappelen forlag A.. Osloforlag A.. Oslo

Tvedt, O. K. (2021). Midtøsten på 200 sider. Fra 1820 til i dag. Kagge forlag. Oslo

United Nations, The Office of the High Commissioner for Human Rights (2022, 25. mars). Israel's 55-year occupation of Palestinian Territory is apartheid – UN human rights expert. https://www.ohchr.org/en/press-releases/2022/03/israels-55-year-occupation-palestinian-territory-apartheid-un-human-rights

Waage, H.. (2018, 22. oktober). Hvorfor er det ikke fred mellom Israel og palestinane? I NUPI skule. https://www.nupi.no/publikasjoner/innsikt-og-kommentar/hvor-hender-det/hhd-2018/hvorfor-er-det-ikke-fred-mellom-israel-og-palestinerne

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2023

Læringsressursar

Krigar og konfliktar etter 1945