Hopp til innhald

Fagstoff

Vietnamkrigen

Vietnamkrigen gjekk føre seg i åra 1957–1975 og var ein varm krig i den kalde krigen. Krigen handla om at USA ønskte å forhindre at det kommunistiske Nord-Vietnam skulle samle heile landet under kommunistisk styre.

Frankrike taper Indokina og Vietnam

Frankrike har lenge hatt eit nærvær i Søraust-Asia. Først igjennom handel og misjon på 1700-talet. Deretter koloniserte Frankrike Kambodsja, Vietnam og Laos i tidsalderen til imperialismen på slutten av 1800-talet. Dette området blei kalla Indokina og blei styrt direkte av Frankrike frå hovudsetet i den vietnamesiske byen Hanoi.

Portrettfotoet viser Ho Chi Minh med kort hår, bukkeskjegg og jakka gjenknappa heilt opp til halsen. Foto.

På 1900-talet oppstod det ei motstandsrørsle mot den franske kolonimakta som blei kalla Viet Minh. Denne blei leidd av kommunistleiaren Ho Chi Minh. Under andre verdskrigen kjempa Viet Minh ikkje berre mot Frankrike, men også mot Japan, som besette Indokina med troppar. Etter at Japan overgav seg, greip Viet Minh og kommunistane makta og erklærte Vietnam sjølvstendig i 1945.

Etter andre verdskrigen ønskte Frankrike å atterreise koloniane i Søraust-Asia og sende derfor militære styrkar for å ta tilbake Indokina. Frankrike blei støtta av Storbritannia og seinare USA, men blei til slutt overvunne i 1954 av Viet Minh og Ho Chi Minh. Frankrike måtte trekke seg ut, og Indokina blei delt opp i nye statar, blant dei det kommunistiske Nord-Vietnam og eit antikommunistisk Sør-Vietnam.

Dominoeffekt

Det kommunistiske Nord-Vietnam ønskte å samle heile landet under kommunistisk styre. I 1957 starta kommunistar i Sør-Vietnam eit væpna opprør mot regimet. Dei danna etter kvart frigjeringsfronten FNL. Nord-Vietnam støtta dei militært via eit omfattande vegnett igjennom Laos og Kambodsja.

Vietnamkrigen må sjåast i lys av den kalde krigen der USA og Sovjetunionen stod mot kvarandre. Med same bakgrunn som under Koreakrigen – frykt for spreiing av kommunismen – gjekk USA inn med støtte på sørvietnamesisk side. Amerikanarane frykta at det korrupte og autoritære, men vestorienterte, sørvietnamesiske regimet skulle kollapse, og auka gradvis det militære engasjementet sitt i Sør-Vietnam. Frykta var at viss eit land fall for kommunismen, ville nabolanda rundt også komme under kommunistisk styre. Dette blir kalla dominoteorien.

Vietnamkrigen

President John F. Kennedy auka talet på militære rådgivarar og soldatar i Vietnam, men det var president Lyndon B. Johnson som tok avgjerda om fullt amerikansk engasjement. USA sette inn store styrkar med det mest moderne som fanst av våpen og utstyr. På det meste var det over ein halv million amerikanske soldatar i Vietnam.

Krigføringa var ufatteleg brutal, og sivilbefolkninga både i nord og sør blei skadelidande. USA sette i verk massiv bombing av Nord-Vietnam for å presse fram ei overgiving. I løpet av Vietnamkrigen blei det sleppt fleire bomber enn under heile andre verdskrigen, men den amerikanske bombinga verka mot hensikta. Frigjeringsfronten FNL dreiv geriljakrig i sør, i Nord-Vietnam blei kampmoralen styrkt, og støtta frå Kina og Sovjetunionen auka.

Nord-Vietnam og FNL gav meir motstand enn forventa og amerikanarane fekk rask problem på slagmarka. Krigen blei stadig meir upopulær både på heimebane i USA og internasjonalt. Det var tydeleg at ein militær siger ville vere vanskeleg å oppnå. President Richard Nixon reduserte dei amerikanske troppane i Vietnam, og satsa på ein "vietnamisering" av krigen. Målet var å føre ansvaret for krigføringa meir og meir over til sørvietnamesiske soldatar. Samtidig gjekk det føre seg fredsforhandlingar med Nord-Vietnam.

Giftdusjen frå helikopteret er synleg som eit tynt, grått lag over den frodige, grøne tropeskogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunistane sigrar

Etter lange fredsforhandlingar inngjekk USA og Nord-Vietnam våpenkvile i 1973. USA trekte ut nesten alle troppane sine, slik at Sør-Vietnam blei ståande åleine militært. To år seinare, i 1975, blei overmakta frå Nord-Vietnam og FNL for stor, og heile landet blei samla til éin kommunistisk stat.

Vietnamkrigen fekk store følger for alle involverte. Dette var første gong USA tapte ein krig, og det skjedde mot eit fattig jordbruksland som var militært underlegent. Brutaliteten i krigen og dei høge tapstala sjokkerte verda. Over 58 000 amerikanske soldatar og sannsynlegvis fleire millionar vietnamesarar mista livet. I tillegg fekk krigen konsekvensar for nabolanda Laos og Kambodsja, som også blei kommunistiske statar.

Kjelder

Palmer, R. R. & Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Seland, E. H. (2022, 24. oktober). Indokina. I Store norske leksikon. https://snl.no/indokina

Tønnesson, S. (2022, 23. november). Vietnamkrigen. I Store norske leksikon. https://snl.no/vietnamkrigen

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2023

Læringsressursar

Krigar og konfliktar etter 1945