Hopp til innhald

Fagstoff

Sovjetunionen invaderer Afghanistan

I 1979 invaderte Sovjetunionen nabolandet Afghanistan i det som skulle bli den kalde krigens siste store væpna konflikt. Krigen varte til 1989, og dei sovjetiske styrkane måtte trekke seg ut. Kvifor skjedde den afghansk-sovjetiske krigen, og kva blei konsekvensane?
Menn i tradisjonelle afghanske klede poserer ved eit nedskote helikopter. Helikopteret har ei sovjetisk stjerne. Foto.

Bakgrunn

I 1978 gjennomførte kommunistpartiet i Afghanistan eit statskupp. Den nye kommunistregjeringa ønskte å gjennomføre ei rekke reformer som kom på kollisjonskurs med dei konservative islamske kreftene i landet. Dette førte til auka misnøye, spesielt i dei austlege delane av landet. Etter kvart eskalerte det til open borgarkrig.

Sovjetunionen frykta at kommunistpartiet ville falle, og invaderte derfor nabolandet Afghanistan i 1979.

"Sovjets Vietnam"

Supermakta Sovjetunionen var militært overlegen sin afghanske motpart. Men, som Vietnamkrigen hadde vist, er ikkje det nødvendigvis nok til å vinne på slagmarka.

Sjølv om dei sovjetiske styrkane talde over 100 000 soldatar, klarte dei ikkje å kontrollere område utanfor dei større byane og hovudvegane. Sovjetisk krigføring gjekk derfor mykje ut på terrorbombing av landsbyar og minelegging av jordbruksområde for å svekke motstanden.

Den afghanske motstandsrørsla mujahedin kontrollerte det meste av landsbygda, men hadde problem med å handtere Sovjetunionens moderne våpen. Dette skulle forandre seg etter kvart som motstandsrørsla fekk støtte frå USA i form av militær trening, våpen, pengar og utstyr igjennom nabolandet Pakistan.

Den afghansk-sovjetiske krigen var ein såkalla stadfortredarkrig. For USA blei denne krigen eit viktig stridsområde i maktkampen mot Sovjetunionen i den kalde krigen.

Ein militær siger i Afghanistan blei umogeleg for Sovjetunionen, og etter fleire år med forhandlingar blei det lagt fram ein tidsplan for sovjetisk tilbaketrekking. I 1989 blei dei siste sovjetiske styrkane trekte ut av landet.

Russiske soldatar står føre stridsvogner med raude flagg i eit goldt landskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsekvensar

Krigen hadde påført sivilbefolkninga enorme lidingar, og ein antek at over ein million menneske mista livet. I tillegg enda fleire enn fem millionar afghanarar som flyktningar i Pakistan og Iran.

Krigen i Afghanistan bidrog til å knekke ein allereie svekt sovjetisk økonomi i sluttfasen av den kalde krigen. Dette var altså ein av fleire årsaker som bidrog til at Sovjetunionens blei oppløyst i 1991. For mange markerte dette det endelege sluttpunktet for den kalde krigen.

Etter at Sovjetunionen trekte seg ut av Afghanistan i 1988 og kommunistregimet fall i 1992, blei det borgarkrig mellom ulike grupper innan mujahedin. Maktvakuumet som oppstod, førte til at ulike opprørsgrupper, folkegrupper og alliansar kjempa mot kvarandre. Den gruppa som, takka vere betydeleg støtte frå Pakistan, til slutt gjekk sigrande ut, kalla seg Taliban. I 1996 hadde gruppa teke kontroll over hovudstaden Kabul og mesteparten av landet.

Taliban innførte eit strengt islamistisk styresett i Afghanistan. Mellom anna reduserte dei mogelegheitene jenter og kvinner hadde til utdanning og arbeid. I tillegg fekk terrororganisasjonen al-Qaida planlegge og gjennomføre internasjonal terror frå Afghanistan under vern frå Taliban.

Den 11. september 2001 gjennomførte al-Qaida under leiing av Osama Bin Laden eit terrorangrep mot USA. Dette førte til det den amerikanske presidenten George W. Bush kalla "krigen mot terror", der USA invaderte Afghanistan sidan Taliban nekta å utlevere Osama Bin Laden.

Den eine skyskraparen på World Trade Center er treft og står i brann. Det kjem mykje røyk. Eit fly har kurs rett mot det andre tårnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

FN-sambandet. (2023, 13. januar). Afghanistan. https://www.fn.no/konflikter/asia/afghanistan

Johannessen, B. Holmboe, H. & Tvedt, K.A (2023, 12. januar). Afghanistans historie. I Store Norske leksikon. https://snl.no/afghanistans_historie

NUPI. (2021, oktober). Den lange krigen i Afghanistan. NUPI Skole. https://www.nupi.no/skole/hhd-artikler/2021/den-lange-krigen-i-afghanistan

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2023

Læringsressursar

Krigar og konfliktar etter 1945