Hopp til innhald

Fagstoff

Krigane i Jugoslavia på 1990-talet

På 1990-talet braut det ut fleire væpna konfliktar på Balkan. Bakgrunnen var at fleire republikkar ønskte å bryte ut av Jugoslavia. I denne artikkelen kan du lese om oppløysinga av Jugoslavia og dei konsekvensane dette fekk.
Kart over det oppdelte tidlegare Jugoslavia med Slovenia lengst i nord og Makedonia lengst sør. Kartet viser også litt av dei næraste nabolanda,  Italia på den andre sida av Adriaterhavet  i vest,  Austerrike og Ungarn i nord, Romania og Bulgaria i aust og Hellas og Albania i sør. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva var Jugoslavia?

Jugoslavia var namnet på ei statsdanning på som eksisterte under ulike former frå 1918 til 2006.

På slutten av 1800-talet oppstod det rørsler som fremde tanken om ei samanslutning av dei slavisktalande regionane på Balkan. Som følge av sigrar i seglde Serbia opp som ein dominerande stat med ambisjonar om eit Stor-Serbia. Men på grunn av første verdskrigen og samanbrotet av Austerrike-Ungarn blei den felles sørslaviske staten Jugoslavia oppretta i 1918. Den nye statsdanninga kom i stand ved at Serbia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Makedonia og Slovenia slo seg saman.

Jugoslavia bestod av fleire ulike kulturar, religionar og språk. Det var fleire etniske grupper, men ingen av dei var i fleirtal. Den største etniske gruppa i Jugoslavia var serbarar, som i hovudsak budde i Serbia, men også i Bosnia. Dei etniske gruppene budde side om side, ofte overlappa dei kvarandre.

Indre motsetningar mellom dei ulike områda skapte grobotn for konfliktar, men nasjonalismeproblema blei foreløpig feia under teppet. Diktatoren Josip Broz Tito, som styrte Jugoslavia etter andre verdskrigen og fram til han døde i 1980, brukte jernhand og greidde å halde statsdanninga intakt og folkegruppene samla.

Oppløysing av Jugoslavia

I perioden 1991–2006 gjekk Jugoslavia i oppløysing. Dei mest dramatiske hendingane skjedde på 1990-talet og førte til blodige krigar, massakrar, omleiring av byar, bruk av konsentrasjonsleirar og mange menneske på flukt.

På 1970-talet fekk dei ulike republikkane meir sjølvråderett, og etter Titos død auka Republikkane ønskte meir sjølvstyre og gjorde krav på historiske område og territorium der eigne etniske grupper var busette.

Eldre mann i dress og slips bak ein skranke. Foto.

Slobodan Milošević blei vald til president i Jugoslavia i 1989 og spelte på serbisk nasjonalisme for å halde Jugoslavia samla, spesielt etter kvart som stadige økonomiske problem ramma Jugoslavia.

Fallet til kommunistregima i Aust-Europa hausten 1989 skulle få stor betydning for Jugoslavia. Demokratiske reformer gjekk treigt og statsdanninga begynte å slå sprekkar. I første omgang braut Slovenia og Kroatia ut i 1991. Bosnia-Hercegovina erklærte seg uavhengig etter ei folkeavstemming i 1992. Serbia svarte med å gå til krig.

Bosniakrigen 1992–1995

Bosniakrigen var ein av mange krigar på Balkan i første halvdel av 1990-talet i samband med oppløysinga av Jugoslavia.

Årsakene til krigen er samansette, men heng saman med religiøse, etniske og kulturelle motsetningar på Balkan. I tillegg var det økonomisk uro og ikkje minst ønske om krig frå politiske leiarar som Slobodan Milošević. Han hadde ambisjonar om eit Stor-Serbia, og då måtte ingen statar bryte ut av Jugoslavia.

Slovenia fekk gå eigne vegar, men det kunne ikkje Kroatia og Bosnia-Hercegovina. I begge republikkane var det serbiske minoritetar, men spesielt i Bosnia-Hercegovina budde serbarar, kroatar og ved sida av kvarandre i eit slags etnisk lappeteppe. Bosnjakane og kroatane skulle fjernast frå områda og erstattast av serbarar.

Borgarkrigen i Bosnia-Hercegovina varte fram til 1995 og var utruleg brutal. Kroatar, bosnjakar og serbarar slost om territorium, og konsekvensane var at rundt 100 000 menneske mista livet og tallause blei flyktningar.

Massakren i Srebrenica

Det verste enkeltståande brotsverket i Bosniakrigen var massakren i Srebrenica utført av bosnisk-serbiske styrkar i juli 1995. Srebrenica er ein bosnisk by som tok imot mange flyktningar under Bosniakrigen. Byen blei erklært som "trygg sone" av FN, som skulle verne flyktningane. Dette mislykkast, og rundt 8000 bosnjakiske gutar og menn blei drepne av serbiske styrkar.

Gravplass med lange rekker av kvite gravsteinar i alle retningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Srebrenica-massakeren skapte sterke reaksjonar, og NATO fekk fullmakt frå FN til å angripe serbiske mål i Bosnia. Dette, saman med diplomati og fredsforhandlingar i USA (Dayton-avtalen), førte til at dei serbiske styrkane trekte seg ut av Bosnia-Hercegovina i 1995.

Ein internasjonal fredsbevarande styrke i regi av FN skulle sikre fred og gjennomføring av demokratiske val, delta i gjenoppbygging og ha ansvar for flyktningane. I tillegg begynte FNs krigsforbrytardomstol arbeidet sitt med å stille krigsforbrytarar for retten. Den tidlegare bosnisk-serbiske leiaren Radovan Karadžić og den bosnisk-serbiske øvstkommanderande Ratko Mladić blei dømde i Haag for mellom anna brotsverk mot menneskja.

Kosovokrigen 1998–1999

Kosovo var ein provins i Serbia og blei av mange serbarar vurdert som eit kjerneområde med historisk betydning. Utfordringa var at området var prega av kraftige etniske motsetningar. Den serbiske minoriteten ønskte overherredømme over fleirtalet av innbyggarane, som var muslimske albanarar. Som eit ledd i denne prosessen sette Slobodan Milošević i verk av befolkninga i Kosovo. Målet var å byte ut den kosovoalbanske befolkninga med serbarar.

I 1996 eskalerte konflikten i Kosovo ved at den kosovoalbanske frigjeringshæren, UCK-geriljaen, i aukande omfang kom i strid med serbiske styrkar. Dette utvikla seg til full krig frå 1998.

NATOS bombing av Serbia

Verdssamfunnet hadde i fleire omgangar freista å skape semje mellom kosovoalbanarar og serbarar utan å lykkast. Samtidig kom det rapportar om massakrar, drap og terror gjennomført av serbiske styrkar fleire stader i Kosovo. Dette var bakteppet for at NATO i 1999 valde å bombe strategiske mål og serbiske militæranlegg i Kosovo og Serbia.

Saka blei ikkje bringa inn for Tryggingsrådet i FN, og dette var første gong NATO gjekk til angrep på ein suveren stat. Norske jagarfly blei også brukte i operasjonen. I tillegg førte bombinga til eit meir anstrengt forhold til Russland, som hadde eit nært forhold til Serbia.

Bombinga svekte dei serbiske styrkane, som gjekk med på å trekke seg ut av Kosovo. NATO, EU og FN overtok ansvaret for tryggleiken i regionen inntil Kosovo erklærte seg som uavhengig stat i 2008. Sjølvstendet er omstridd, men over halvparten av FNs medlemsland, inkludert Noreg, anerkjenner Kosovo som sjølvstendig stat. Serbia og Russland har enno ikkje anerkjent Kosovos sjølvstende, og forholdet mellom kosovoalbanarar og serbarar er framleis betent.

Øydelagd bygning etter bombing. Det er folk og bilar i forkant av bygninga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Kjenner du til andre tilfelle i historia der Serbia og Russland har hatt eit nært forhold?

Slutten på Jugoslavia

Slobodan Milošević gjekk av som Jugoslavias president i 2000. Året etter blei han arrestert og utlevert til krigsforbrytardomstolen i Haag. Her døydde han på cella før saka rakk å komme opp for retten.

I 2006 blei Montenegro erklært som ein sjølvstendig og uavhengig nasjonalstat etter folkeavstemming. Dermed er det ikkje noko igjen av statsdanninga Jugoslavia.

Flyktningar til Noreg

Då Jugoslavia gjekk i oppløysing, kom det omtrent 15 000 bosniarar som flyktningar til Noreg. I tillegg kom det fleire tusen frå Kosovo. I filmen under møter du Leo Ajkic som måtte flykte frå Mostar i Bosnia til Noreg.

Kjelder

Aune, O. (2009, 24. mars). Krigen som rystet Europa. I NRK Urix. https://www.nrk.no/urix/krigen-som-rystet-europa-1.https://www.nrk.no/urix/krigen-som-rystet-europa-1.

FN-sambandet. (2021, 1. mars) Bosnia-Hercegovina. https://www.fn.no/land/bosnia-hercegovina

Berg, O. T. (2022, 28. september). Jugoslavia. I Store norske leksikon. https://snl.no/jugoslavia

Holm-Hansen, J. (2022, 21.april). Bosniakrigen. I Store norske leksikon. https://snl.no/bosniakrigen

FN-sambandet. (2022, 30. november). Kosovo. https://www.fn.no/konflikter/europa/kosovo

Lundbo, S. og Holm-Hansen, J. (2022, 14. september). Srebrenica-massakren. I Store norske leksikon. https://snl.no/srebrenica-massakren

Mønnesland, S. (2021). En kort introduksjon til Jugoslaviakonflikten. Cappelen Damm akademisk.

Mønnesland, S. (1999). Før Jugoslavia og etter. Sypress Forlag.

Mønnesland, S. (2021, 14. desember). Jugoslavias historie. I Store norske leksikon. https://snl.no/jugoslavias_historie

Relatert innhald

Oscar-nominert spelefilm om Srebrenica-massakren. Filmen er basert på uverkelege, men sanne, hendingar frå Bosnia i 1995.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2023

Læringsressursar

Krigar og konfliktar etter 1945