Hopp til innhald

Fagstoff

Cubakrisen

I løpet av 13 dagar hausten 1962 følgde heile verda med på ein av dei mest spente situasjonane som oppstod i løpet av den kalde krigen, Cubakrisen. Den førte nesten til storkrig med bruk av atomvåpen mellom supermaktene USA og Sovjetunionen.
Flyfotoet viser kamuflerte utskytingsrampar for missil. Nokre tankbilar står oppstilte på området. Det veks palmetre der. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnen for Cubakrisen

Cubakrisen hadde opphav i den kubanske revolusjonen i 1959 der Fidel Castro tok makta igjennom eit væpna kupp. Etter at den amerikanskvennlege diktatoren Batista blei styrta, sette Castro i gang med å gjere Cuba til den første sosialistiske staten på den vestlege halvkula.

Den kubanske revolusjonen blei radikalisert i sosialistisk retning, og amerikanske eigedommar på øya blei nasjonaliserte. Dette førte til stadig dårlegare forhold mellom USA og Cuba. I 1961 støtta USA eksilkubanarar som hadde flykta frå Castro, då dei forsøkte å invadere Cuba frå Grisebukta på sørkysten av øya. Invasjonen var mislykka og førte til at Sovjetunionen blei ein viktigare støttespelar for Castro og Cuba. Forholdet blei ytterlegare forverra etter at USA sette i gang ein langvarig økonomisk blokade av Cuba.

Krisen eskalerer

Etter den mislykka USA-støtta invasjonen i 1961 auka det militære samarbeidet mellom Cuba og Sovjetunionen.

Hausten 1962 bygde Sovjetunionen opp ein rakettbase på Cuba for å kunne utplassere atomrakettar der. Cuba ligg midt i det som gjerne blir omtalt som "USAs bakgard", og rakettar derifrå ville ha kapasitet til å utslette ei rekke store byar i USA. På grunn av den korte avstanden mellom Cuba og USA ville ikkje det amerikanske forsvaret rekke å svare på eit angrep.

16. oktober 1962 oppdaga eit amerikansk spionfly bygginga av rakettbasane på Cuba. Den amerikanske presidenten John F. Kennedy samla dei næraste rådgivarane sine for å ta stilling til kva som skulle gjerast. Kennedy vurderte fullt luftangrep på rakettbasane eller invasjon av øya, men valde i staden ein blokade av alle fartøy for å hindre fleire rakettleveransar til Cuba. Dette blei offentleggjort i ein tale der Kennedy informerte det amerikanske folket om situasjonen. I talen kravde han også at alle rakettinstallasjonar på Cuba måtte fjernast. Viss ikkje Sovjetunionen gjorde dette frivillig, ville USA gjere det sjølv med makt.

Flyfoto av eit transportskip med minst tre store missil og eit eskorteskip med kanonar.  Fire missil heng under vingen på flyet der biletet er teke frå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Atomkrig?

Blokaden av Cuba blei fysisk kontrollert av den amerikanske marinen i havet utanfor Cuba. Viss sovjetiske skip med atomrakettar valde å bryte blokadegrensa, ville amerikanarane ha rett til å angripe skipa. Dette ville vore ei krigserklæring og kunne utløyst atomkrig mellom USA og Sovjetunionen.

I løpet av heile krisen, som varte i 13 dagar i oktober, gjekk det føre seg hemmelege forhandlingar mellom representantar frå USAs og Sovjetunionens regjeringar. Amerikanarane trudde dei hadde nådd gjennom til sovjetarane, og at ingen ønskte krig, men sjølv to dagar etter Kennedys erklæring om blokade av øya, heldt sovjetiske skip lasta med rakettar fram kursen sin mot Cuba. Var dette ei krigserklæring, eller hadde ikkje skipa fått beskjed om å snu?

Skipa snudde i tide, og fredag 26. oktober kom det beskjed frå sovjetleiaren Nikita Khrusjtsjov om at dei lovde å fjerne rakettane på Cuba. Til gjengjeld måtte USA love ikkje å angripe Cuba og dessutan trekke tilbake eigne rakettar frå Tyrkia i 1963.

Den kalde krigens mest dramatiske augneblink, som nesten førte til atomkrig, var over.

Illustrativt kart som viser avstanden frå Cuba til ei rekke amerikanske byar så langt unna som Los Angeles, Seattle og New York. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsekvensar

Under Cubakrisen var heile verda tilskodarar til ein situasjon som kunne komme ut av kontroll. Viss supermaktene USA og Sovjetunionen hadde gått til krig mot kvarandre, ville verda aldri blitt den same igjen. Reaksjonane frå verdssamfunnet var derfor kraftige. Fredskrefter ønskte nedrusting, kommunikasjon og meir dialog mellom supermaktene. Som følge av Cubakrisen blei det oppretta ei direkte telefonlinje mellom Moskva og Washington. I framtida kunne ho hindre liknande situasjonar.

Etter Cubakrisen gjekk den kalde krigen over i ein fase prega av noko avspenning og ei viss tilnærming mellom supermaktene. På den eine sida inngjekk USA og Sovjetunionen avtaler om ikkjespreiing av atomvåpen til nye land. Alvoret i krisen blei ein vekkjar, og begge partar viste no ny respekt for følgene av kjernefysisk opprusting. På den andre sida fortsette våpenkappløpet med konvensjonelle våpen i uforminska fart.

Kjelder

Palmer, R. R. & Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Tvedt, K. A. Knudsen, O. F. (2021, 6. juli). Cubakrisen. I Store norske leksikon. https://snl.no/cubakrisen

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2023

Læringsressursar

Krigar og konfliktar etter 1945