Hopp til innhald

Fagstoff

Koreakrigen

Frå 1950 til 1953 var det krig mellom Nord-Korea og Sør-Korea, og fokuset i den kalde krigen flytta frå Europa til Asia. Den kalde krigen hadde blitt global.
To koreanske barn føre ei stridsvogn. Dei er alvorlege og ser rett inn i kameraet. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den kalde krigen flyttar seg til Asia

Etter andre verdskrigen oppstod det kald krig mellom USA og Sovjetunionen. Dette var ein ideologisk og politisk maktkamp som varte fram til 1991. I den første fasen var Europa kjerneområde for konflikten. USA hadde ei leiande rolle i Vest-Europa, medan Aust-Europa var under sovjetisk kontroll.

Supermaktene USA og Sovjetunionen kjempa om å skaffe seg innverknad og makt, ikkje berre i Europa, men også i andre verdsdelar. Maktbalansen mellom aust og vest blei forandra då Mao Zedong kom til makta i Kina i 1949 og gjorde landet kommunistisk. I den neste fasen spreidde dermed den kalde krigen seg til Asia, der han også skulle bli varm.

Sidan dei to supermaktene ikkje kunne krige direkte mot kvarandre på grunn av frykt for atomvåpen, støtta begge sidene vennlegsinna regime og statar for å svekke motparten. Dette blir kalla avløysarkrig, og Koreakrigen var det første dømet på dette under den kalde krigen.

Korea

Det området som i dag er Nord-Korea og Sør-Korea, var eitt land til slutten av andre verdskrigen. Sidan 1910 hadde Korea vore ein japansk koloni, men etter at Japan kapitulerte i 1945, blei det vedteke at Korea skulle delast i to mellombelse okkupasjonssoner. Det blei oppretta ei kunstig grense ved 38. breiddegrad som delte landet i to. Området nord for grensa blei okkupert av Sovjetunionen, medan området i sør blei okkupert av USA. Landet skulle gjenforeinast etter frie val, og ein amerikansk-sovjetisk kommisjon skulle førebu dette, men ueinigheiter mellom nord og sør og mellom dei to okkupasjonsmaktene gjorde dette umogeleg.

I 1948 blei det oppretta ein sjølvstendig republikk i sør med eit provestleg styre under leiing av Syngman Rhee. I nord blei det oppretta ein kommunistisk stat under leiing av Kim Il Song. Både i nord og sør var styresetta antidemokratiske. Etter at Sovjetunionen og USA trekte ut styrkane sine i 1949, ønskte begge leiarane å samle landet, men dei var usamde om kva politisk system som skulle gjelde.

Koreakrigen 1950–1953

I juni 1950 gjekk nordkoreanarane overraskande over den 38. breiddegraden og angreip Sør-Korea med store styrkar. FN fordømde angrepet og USA frykta at ei kommunistisk maktovertaking i sør kunne føre til at fleire land i Asia blei kommunistiske. På dette tidspunktet boikotta Sovjetunionen FNs tryggingsråd i protest mot at Taiwan hadde den kinesiske plassen i FN. Dermed kunne ikkje Sovjetunionen legge ned veto då FN godkjende ein fleirnasjonal militær styrke som skulle støtte Sør-Korea og presse dei nordkoreanske styrkane tilbake. 16 land deltok, men dette var i hovudsak ein amerikansk militæroperasjon; 90 prosent av dei militære styrkane var amerikanske. Nord-Korea på si side fekk militær støtte frå Sovjetunionen og Kina.

I den første fasen av krigen hadde nordkoreanarane rask framgang. Dei sørkoreanske styrkane blei pressa tilbake til eit lite område heilt sør i landet. Men då den amerikanskleidde FN-styrken gjekk i land ved Seoul, blei den nordkoreanske hæren delt i to, og forsyningslinjene deira kutta. Dette snudde krigslykka, og i løpet av hausten 1950 blei alle områda tekne tilbake.

General Douglas MacArthur, som var øvstkommanderande for FN-styrkane, ville halde fram krigen og ønskte å samle heile Korea ved bruk av militærmakt. I oktober 1950 kryssa FN-styrken den 38. breiddegraden. Dette førte til at det kommunistiske Kina gjekk inn på nordkoreansk side og pressa dei amerikanskleidde FN-styrkane tilbake. Resten av krigen føregjekk rundt den 38. breiddegraden.

Hjelmkledde soldatar med små kanonar ute i terrenget. Det er mykje røyk frå eldgiving omkring dei. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Kina blei kommunistisk i 1949. Kor mykje trur du dette påverka USAs engasjement i Korea?

Kvifor trur du Kina gjekk inn med militære styrkar i Korea og kjempa mot amerikanarane i 1950?

Våpenkvile 1953

Koreakrigen varte til ein avtale om våpenkvile blei underskriven 27. juli 1953. Ein reknar med at mellom tre og fire millionar menneske, både sivile og militære, omkom i løpet av den tre år lange krigen. I tillegg førte Koreakrigen til at opprustinga mellom supermaktene auka, og det amerikanske nærværet i Asia eskalerte.

Våpenkvileavtalen frå 1953 er endå ikkje avløyst av nokon endeleg fredsavtale, og det er framleis spent mellom Nord-Korea og Sør-Korea. I nord er det framleis eit kommunistisk diktatur, medan sør har blitt eit demokrati. Den spente situasjonen i dag heng saman med at Nord-Korea fryktar det amerikanske militære nærværet i Sør-Korea, medan USA fryktar Nord-Koreas militære opprusting, som mellom anna inkluderer atomvåpen.

Soldat i grøn vinteruniform med raude epålettar. Han har pistol i eit lukka hylster og held ein kikkert med hanskekledde hender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

Helgesen, G. (2023, 23. januar). Koreakrigen. I Store norske leksikon. https://snl.no/koreakrigen

Palmer, R. R. Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2023

Læringsressursar

Krigar og konfliktar etter 1945