Den kalde krigen
De skal arbeide i grupper og bruke SPØKT-modellen for å analysere motsetningane mellom Sovjetunionen og USA under den kalde krigen. Les meir om modellen på sida vår om analyse i historiefaget.
Du må altså utforske sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle og teknologiske forhold ved begge stormaktene.
Gruppene får tildelt eit av desse forholda og skal samanlikne korleis dette var i USA og i Sovjetunionen. Etterpå skal de presenter funna for kvarandre.
Nokre spørsmål de kan jobbe med:
Sosiale forhold
Var samfunnet delt i ulike grupper?
Hadde gruppene ulike rettar og plikter?
Korleis var levekåra i dei ulike landa og for dei ulike gruppene i landa?
Kva kjønnsroller fanst?
Korleis var befolkningsutviklinga?
Politiske forhold
Korleis blei samfunnet styrt i dei to statane under den kalde krigen?
Kor mykje fridom hadde ulike samfunnsgrupper?
Kor mykje politisk innverknad hadde ulike samfunnsgrupper?
Var det konfliktar internt eller med andre?
Økonomiske forhold
Korleis var dei økonomiske ressursane fordelte?
Kva naturressursar finst\fanst?
Korleis utnytta dei naturressursane?
Kulturelle forhold
Kva religion eller livssyn dominerte i dei to statane?
Korleis var synet på kva som var rett og gale?
Hadde samfunna kulturelt mangfald eller var det éin kultur som dominerte?
Teknologiske forhold
Kva reiskapar og metodar var viktigast i produksjon av energi, mat og andre varer?
Kva slags våpenteknologi fanst?
Kva slags teknologi blei brukt til transport og kommunikasjon?
Plenumsdiskusjon
Når de har presentert funna for kvarandre, skal de diskutere i plenum kva faktorar som var dei viktigaste drivkreftene i den kalde krigen.
Det var fleire hendingar som leidde opp til det vi reknar som slutten på den kalde krigen. Rivinga av Berlinmuren var ei av dei.
Lag ei tidslinje over hendingar som var viktige mot slutten av den kalde krigen, frå 1985 til 1991.
Drøft deretter kva hendingar som var dei viktigaste bakgrunnsfaktorane og dei viktigaste utløysande faktorane då den kalde krigen slutta.