Hopp til innhald

Spelefilm

Quo Vadis, Aida?

Quo Vadis, Aida? er ein sterk spelefilm om Srebrenica-massakren i 1995. Filmen vart Oscar-nominert i kategorien beste internasjonale film i 2021.

Om filmen

Handlinga i filmen går føre seg i Bosnia i juli 1995. Hovudkarakteren i filmen, Aida, jobbar som tolk for FN i Srebrenica. Dei serbiske stridsvognene rykker stadig nærare, og Srebrenicas innbyggarar fryktar for livet.

Folk i byen søker tilflukt i det FN-kontrollerte området. Problemet er berre at FN-området ikkje har plass til alle som treng vern, og nesten 25 000 menneske blir ståande igjen utanfor portane.

Etter ei stund startar det opp fredsforhandlingar mellom den serbiske hæren, FN og representantar frå sivilbefolkninga. Det blir bestemt at sivilbefolkninga skal evakuerast. Mens kvinner og barn blir sende av garde i bussar, går dei bosniske mennene ein forferdeleg lagnad i møte.

Srebrenica-massakren

Srebrenica var erklært som ei såkalla sikker sone av FNs tryggingsråd. Dei sikre sonene vart etablerte i 1993 i Bosnia-Hercegovina for å verne sivilbefolkninga frå krigen. Trass i dette vart over 8000 bosniske menn og gutar i Srebrenica drepne av serbiske soldatar under den bosnisk-serbiske offensiven i 1995. Dette blir rekna som ein av dei verste massakrane etter andre verdskrigen.

Regissøren av Quo Vadis, Aida? har dedikert filmen til Srebrenicas kvinner og til minnet etter dei falne mennene.

Filmen bygger på verkelege hendingar, og kan, i fag som til dømes historie, vere med på å levandegjere det som gjekk føre seg i Srebrenica desse julidagane i 1995. Filmen opnar også for refleksjon rundt korleis og kvifor folkemord og krigsbrotsverk har funne stad opp gjennom historia, og framleis skjer i dag.

Kjelder

Lundbo, S. (2020, 16. april). Srebrenica. I Store norske leksikon. https://snl.no/srebrenica.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Krig og konflikt