Hopp til innhald

Fagstoff

Afrika, Asia og Midtausten etter første verdskrigen

Første verdskrigen og fredsoppgjeret fekk ikkje berre store konsekvensar for Europa, men også for Afrika, Asia og Midtausten.
Mange soldatar går langs ein veg. Nokre få er til hest. I tillegg er det nokre kløvhestar og hestekjerrer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Asia og Afrika

Kina og Japan deltok i første verdskrigen på side, men for Kina enda fredsoppgjeret med skuffelse. Kina ønskte å få tilbake dei tyske koloniane i landet, men desse, saman med tyske landområde i Stillehavet, vart til Kinas store frustrasjon overtekne av Japan.

Første verdskrigen hadde til dels vorte utkjempa i Afrika, sjølv om dette ikkje var avgjerande for utfallet til krigen. Krigen forandra Afrika-kartet i liten grad, men Tyskland måtte på grunn av Versaillestraktaten gi slepp på koloniane sine. Dei tidlegare tyske koloniane vart hovudsakleg overtekne av Storbritannia og Frankrike.

Midtausten

Det osmanske riket, som hadde kjempa på sentralmaktenes side, kollapsa etter første verdskrigen. I 1923 vart republikken Tyrkia oppretta, men områda i Midtausten som ikkje vart ein del av Tyrkia, vart administrerte av Folkeforbundet. I praksis overtok Frankrike og Storbritannia kontrollen over Irak, Syria og Libanon.

Dette førte til at dei arabiske folka i Midtausten ikkje fekk det sjølvstendet dei meinte dei hadde vorte lova. Dette har fått store følger for situasjonen i Midtausten fram til i dag.

Arabisk nasjonalisme

Den arabiske nasjonalismen hadde vakse fram på den arabiske halvøya og i Midtausten frå omkring hundreårsskiftet. I dette området hadde Det osmanske riket hatt kontroll i nærare 400 år. Den osmanske statens grep om makta hadde vore for sterk til at arabarane kunne håpe på sjølvstende. Første verdskrigen endra på dette. Det var mellom anna ved hjelpa til arabarane at Storbritannia og Frankrike hadde utmanøvrert osmanane. Til gjengjeld vart arabarane lovde sjølvstende.

Men etter fredskongressen i Paris fekk franskmennene og britane herredømme over Midtausten. Og statar som Irak, Jordan, Libanon og Syria vart etablerte delvis på tvers av nasjonale, religiøse og kulturelle grenser. Dette var noko sigerherrane gjorde medvite for å redusere risikoen for nasjonale frigjeringsrørsler. Taktikken blir gjerne kalla splitt og hersk. Det skapte harme og førte etter kvart til mange interne spenningar i dei nye statane. Dette er noko av årsaka til dei politiske utfordringane i Midtausten i dag.

Palestina

Palestina vart oppretta som eit internasjonalt område. Her vart det lagt til rette for jødisk busetting. Jødane hadde vore utsette for antisemittisme og forfølging i Europa og Russland i hundreår. Britane aksepterte jødisk busetting, men det skulle skje

"under den klare forståinga at det ikkje må gjerast noko som kan vere til skade for dei sivile og religiøse rettane til den noverande ikkje-jødiske befolkninga i Palestina [...]".
(Balfour-erklæringa, 1917)

Palestina skulle etter andre verdskrigen bli heimland for ein nasjon basert på jødisk kultur og religion. Denne nye nasjonen kom raskt i konflikt med den opphavlege befolkninga i området, som etter kvart utvikla ein eigen palestinsk nasjonal identitet.

Kart som viser område i Midtausten som vart britiske eller franske mandatområde. Syria og Libanon vart fransk mandatområde. Palestina og Transjordan vart britisk mandatområde. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Kjelder

Leraand, D. (2019, 5. september). Balfour-erklæringen, I Store Norske Leksikon. https://snl.no/Balfour-erkl%C3%A6ringen

Leraand D. (2020, 24. januar). Midtøstens historie. I Store norske leksikon. https://snl.no/midt%c3%b8stens_historie

Sæbø, M. og Leraand D. (2021, 21.april). Afrikas historie. I Store norske leksikon. https://snl.no/afrikas_historie

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne, Stein Ugelvik Larsen og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Første verdskrigen