Versaillestraktaten. Kva skjedde eigentleg?
Fredskonferansen i Paris var dominert av "dei fire store", altså statsministrane frå Storbritannia, Frankrike og Italia, og dessutan den amerikanske presidenten. I denne oppgåva skal de sette dykk inn i kva utgangspunkt dei ulike statsleiarane hadde før og under fredskonferansen. Deretter skal de drøfte ulike spørsmål til fredsoppgjeret.
Oppgåva skal løysast ved å bruke puslespelmetoden, eller jigsaw-metoden. Du kan lese meir om jigsaw-metoden her. Heile opplegget tek cirka 90 minutt.
Les artikkelen Fredsoppgjeret i Versailles før de byrjar.
Del dykk inn i basisgrupper på fem elevar. Viss det ikkje går opp, kan de ha seks elevar på nokre av gruppene. Då må to elevar på desse gruppene jobbe med same tema.
Fordel temaa under på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvart sitt tema.
Jobb individuelt i 15–20 minutt. Fordjup deg i temaet ditt, og svar på spørsmåla.
Sett dykk saman i ekspertgrupper og jobb saman i 10 minutt. Dei som har fordjupa seg i same tema, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre til å forstå og bli einige om kva som er viktigast. Førebu dykk på korleis temaa dykkar skal presenterast for basisgruppa.
Sett dykk tilbake i basisgruppene, og presenter for kvarandre det de har funne ut. Presenter i rett rekkefølge. Kvar ekspert får 3–4 minutt til å presentere svar på spørsmåla sine.
Når alle er ferdige med presentasjonane, skal de samanfatte hovudtrekka i fredsoppgjeret. Kva vart resultatet for Tyskland?
Deretter skal de diskutere følgande spørsmål i basisgruppa:
Kven var vinnarane og taparane etter fredsoppgjeret?
I kva grad vart Wilsons 14 punkt følgde i fredsoppgjeret?
Korleis påverka prinsippet om sjølvråderetten i nasjonen europakartet etter første verdskrigen?
Sigerherrane handla etter det dei meinte var rett i 1919. Sett med auga til notida, burde sigerherrane gjort noko annleis? I så fall kva?
I kva grad har første verdskrigen og fredsoppgjeret hatt noko å seie heilt fram til i dag?
Til slutt: Snakk saman i basisgruppa.
Kvar basisgruppe skal skrive ned to ting de har lært om fredsoppgjeret etter å ha jobba med puslespelmetoden.
Vurder din eigen innsats i basis- og ekspertgrupper med låg, middels eller høg måloppnåing. Kva kunne du gjort annleis?
Samanfatt i klassen viss de får tid.
Relatert innhald
I første verdskrigen var det viktige personar både blant sigerherrane og taparane. Her er ei kort oversikt over nokre av dei.
Etter våpenkvila 11.11.1918 vart det halde fredskonferanse i Versailles utanfor Paris. Kva vart resultatet av freden i Versailles?