Hopp til innhald
Fagartikkel

Noreg og Norden

Noreg, Danmark og Sverige klarte å halde saman i felles nøytralitet gjennom heile første verdskrigen. Men dei store handelsflåtene til Noreg og Danmark vart viktige aktørar, og den finske borgarkrigen prega Sverige. Dei nordiske landa enda ved krigsslutt opp med både tap og gevinst.

Trekongemøtet

Ved krigsutbrottet var alle dei nordiske landa nøytrale, bortsett frå Finland, som var eit storfyrstedømme under Russland. Noreg såg framleis på Sverige som den største potensielle trusselen mot norsk sjølvstende, og var òg skeptisk til Russlands hensikter i nord.

Men dei tre landa såg at dei måtte stå saman for å unngå å bli trekte inn i den store europeiske krigen. På trekongemøtet i Malmø i desember 1914 møttest dei tre nordiske kongane og understrekte at dei var samde om å verne den felles nøytraliteten.

Noreg ettertrakta

I utgangspunktet hadde ingen av dei krigførande partane noko ønske om å trekke dei nordiske landa inn i krigen. Dei hadde kvar for seg nok av andre utfordringar og problem. Men Noreg vart meir ettertrakta utover krigen. Den norske handelsflåten var ein av verdas største og betydde mykje for frakt av varer mellom landa. Dessutan var dei store råvareressursane i Noreg ettertrakta av dei krigførande landa.

Den norske opinionen var ved starten av krigen nøytral, men mest engelskvenleg på grunn av den tradisjonelle tilknytinga vi hadde hatt til Storbritannia. Banda til Tyskland var også sterke, både kulturelt og politisk. Men den tyske ubåtkrigen førte etter kvart til store tap av norske skip og menneskeliv, og dette fekk konsekvensar for norske haldningar. Særleg etter at Tyskland erklærte uinnskrenka ubåtkrig i 1917, og dei norske tapa steig dramatisk, svinga pendelen avgjerande i favør av vestmaktene.

"Nøytral alliert"

Noreg leverte viktige råvarer til den tyske våpenindustrien. I tillegg var begge dei krigførande partane interesserte i den store norske sildeeksporten. Noreg var samstundes sterkt avhengig av kolleveransar frå England. Britane gav i jula 1916 beskjed om at dei ville stogge desse leveransane, dersom ikkje Noreg stogga salet av sild til Tyskland og elles sterkt avgrensa råvareeksporten til tyskarane. Den norske regjeringa gav etter for trusselen. Norsk Rederiforbund forhandla samstundes fram ein avtale der mesteparten av den norske handelsflåten vart stilt til disposisjon for Storbritannia. Til gjengjeld skulle Noreg bli sikra britiske leveransar av kol, olje og andre nødvendige varer.

På denne måten vart norsk nøytralitet vatna ut og Noreg vart som ein motvillig alliert av vestmaktene.

Følger for Noreg

Sjølv om Noreg vart verande nøytralt og unngjekk å komme med i krigshandlingane, fekk krigen likevel store følger for landet. Importhindringar på mange varer førte til at vi måtte begynne å produsere desse varene sjølve, og etterspurnaden etter norske varer auka sterkt internasjonalt. Vi bygde ut jordbruket og styrka sjølvforsyningsgraden betydeleg.

Den britiskvennlege haldninga heldt seg etter krigen, på same måte som den negative haldninga til Tyskland. Det førte til at vi ved utbrotet av andre verdskrigen hadde langt meir britiskvennlege og tilsvarande antityske sympatiar enn då første verdskrigen starta.

Krigsprofitørane

Etter krigens slutt var det oppstått ei stor gruppe millionærar her i landet. I Oslo var det før krigen berre nokre få med millionformuar, men ved slutten av krigen var talet stige til over femti. Korleis hadde det vorte slik?

Nøkkelen ligg i yrket desse millionærane hadde, dei var nemleg alle skipsreiarar. Noreg hadde verdas fjerde største handelsflåte, og med krigen forsvann konkurransen frå den britiske og tyske handelsflåten. Den norske handelsflåten vart den største aktøren for forsyning av varer på hava og kunne nærast diktere sine eigne prisar. Det var stor mangel på skip, og profitten steig til himmels når fraktratane eksploderte.

Danmark

Danmark klarte, som Noreg, å halde seg nøytralt gjennom heile krigen. Landet eksporterte varer til begge dei krigførande partane, men mista mange skip og sjøfolk på grunn av ubåtar og miner.

Mange danske forretningsfolk skaffa seg stor rikdom under krigen som følgje av dei gode tidene for handel. Desse vart på folkemunne kalla gulasjbaronar. Det siste krigsåret vart det likevel varemangel, og danskane såg seg nøydde til å innføre rasjonering. Dette førte til sosial uro.

Ein del av Danmark hadde komme under tysk herredømme i den dansk-tyske krigen i 1864, og over 30 000 soldatar av dansk avstamming vart innkalla til den tyske hæren. 5000 av desse nordslesvigarane vart drepne i løpet av krigen. Ved fredsslutninga i Versailles fekk Danmark tilbakeført dei landområda som var blitt avståtte til Tyskland i 1864.

Sverige

Sverige erklærte seg nøytralt ved utbrotet av den første verdskrigen. Den konservative statsministeren Hjalmar Hammarskjöld førte ein tyskvenleg nøytralitetspolitikk, noko som førte til avgangen hans i 1917. Politikken hadde ført til stor misnøye i Storbritannia og gjekk utover forsyningssituasjonen til landet.

Etter Finlands sjølvstende i 1917 og borgarkrigen mellom dei kvite og dei raude tok Sverige parti for dei kvite. Men Sverige gav ikkje den våpenhjelpa dei vart bedne om. Etter slutten på krigen vart landet prega av stor arbeidsløyse og mykje sosial uro. Men i den nære etterkrigstida oppstod også fleire store sosiale reformer.

Finland

Finland var i 1914 ein del av det russiske imperiet, men finnar vart ikkje kalla inn til den russiske hæren. Over 100 000 russiske troppar vart i 1917 sende inn i Finland for å hindre ein eventuell tysk invasjon mot Russland gjennom landet.

I kjølvatnet av den russiske revolusjonen erklærte Finland seg sjølvstendig i desember 1917. Ein blodig borgarkrig mellom dei kvite og dei raude følgde. Dei kvite sigra, men borgarkrigen førte til mykje vondt blod som det tok lang tid å kvitte seg med.