Hopp til innhald

Fagstoff

Ideologi

Ein ideologi er eit tankesystem som gir uttrykk for eitt bestemt heilskapleg syn på samfunnet. Alle ideologiar har ein kjerneverdi, eit bestemt syn på korleis samfunnet bør vere, og kva verkemiddel som bør brukast til å nå målet til rørsla.

Tankar om samfunnet

Dei politiske ideologiane oppstod som ein reaksjon på samfunnsomveltingane som skjedde gjennom den industrielle revolusjonen og tankane i opplysningstida om individ og samfunn. Alle ideologiar har ein kjerneverdi, eit syn på mennesket og samfunnet, eit syn på kva rolle staten og demokratiet bør ha, og strategiar og mål for å skape sitt eige idealsamfunn.

Politiske idéar og ideologiar byggjer på tankar om korleis samfunnet bør organiserast, og korleis vi fordeler makt, gode og byrder. Ideologiane prøver å fortolke røyndommen og menneskets plass i tilværet både i fortid, notid og framtid. Hendingar i fortida og tilstandar i notida blir sette inn i ein samanheng der røyndommen får mål og meining. Slik sett forenklar ideologiane verda og gir ulike forslag om korleis ein bør leve og handle.

Historia til ideologiane

Dei moderne ideologiane oppstod i kjølvatnet av tankane frå opplysningstida på 1700-talet om at samfunnet skulle baserast på fornuft og vitskap, ikkje på religiøse førestillingar og tradisjonelle sedvanar. Den følgjande industrielle revolusjonen frå 1770-åra skapte grunnleggjande økonomiske og sosiale samfunnsendringar. Resultatet var aukande urbanisering omkring dei nye, moderne industribyane som voks fram.

Dei tre ideologiane nedanfor blir rekna som dei første. Dei var reaksjonar på dei endringane opplysningstida førte med seg.

Liberalismen

Konservatismen

Sosialismen

Interessene til borgarskapet var å sikre den politiske og økonomiske fridommen som vart kjempa fram under dei politiske revolusjonane i siste halvdel av 1700-talet.

Den konservative adelen ville kjempe mot dei store samfunnsomveltingane som fann stad, og vinne tilbake den tradisjonelle posisjonen sin.

I takt med veksten i industrialiseringa oppstod ein stor ny arbeidarklasse, industriarbeidarar som ønskte å endre livsvilkåra sine.

Tenk over

Finn eksempel på korleis ulike ideologiar har vore brukte som maktgrunnlag i politiske avgjerder opp gjennom historia.

Kjelde

Hagtvet, B. (2010). Ideologienes århundre: en personlig vandring i det 20. århundrets politiske idéhistorie. Dreyers forlag.

Relatert innhald

Arven frå opplysingstida er synleg i dagens samfunn. Idéane frå opplysningstida har vorte vidareførte i kampen for medråderett og fridom.

Liberalismen oppstod under opplysingstida på 1700-talet og spelte ei viktig rolle under den franske revolusjonen og i utviklinga av moderne demokrati.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2022

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar