Hopp til innhald

Fagstoff

Republikk og terrorvelde

Ulike revolusjonære grupper ville drive den franske revolusjonen vidare. Med avrettinga av kongen vart republikken innført. Dei første åra vart prega av eit skrekkvelde der ulike revolusjonære fraksjonar kjempa mot kvarandre.
Kong Ludvig 16. blir avretta i giljotinen. Ei stor mengd soldatar på plassen rundt giljotinen ser hovudet til kongen bli løfta fram etter halshogginga. Kunstverk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krig og kongen fell

Etter at grunnlova vart vedteken i 1791 vart den nye samfunnsordninga trua frå fleire hald. Adelen søkte støtte i utlandet for å gjeninnføre privilegia sine. Kongemakta vart svekt i den nye grunnlova, og kongen var derfor sterkt imot dei samfunnsendringane som den nye franske nasjonen skulle byggje på. Med ulike motiv gjekk Frankrike til krig mot Austerrike og Preussen våren 1792. For ein svekt adel og kongemakt var målet å stoppe revolusjonen ved hjelp av utanlandske styrkar. For dei revolusjonære var tanken at ved å spreie idéane i revolusjonen til dei nabolanda, sikra ein at samfunnsendringane vart permanente.

Blant dei revolusjonære fanst det mange ulike fraksjonar med ulike syn på kva for politisk veg den nye nasjonen skulle ta. Dei var alle imot det kongelege eineveldet og ønskte eit nytt og "opplyst" Frankrike, men hadde ulike syn på kva verkemiddel som skulle brukast. Slik vart den politiske høgre/venstre-aksen danna mellom moderate og radikale republikanarar. Dette vart synleg i samband med fluktforsøket til kong Ludvig 16 og arrestasjonen av han i juni 1791. I den følgjande rettssaka vart han dømd skuldig i landsforræderi. Eit stort mindretal blant dei moderate republikanarane ønskte ikkje at kongen skulle dømmast til døden. Dødsdommen vart likevel fullbyrda med giljotinen i januar 1793. Dødsdommen mot kongen skapte større politiske motsetningar blant dei revolusjonære. I første omgang fekk dei radikale gjennomslag for sitt syn og etablerte republikken.

Republikken

Møte i Jakobinarklubben i Paris under den franske revolusjonen. Det er ei stor folkemengd til stades. Nokre står på ein talarstol og snakkar engasjert. Illustrasjon frå 1792.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei radikale, revolusjonære spelte ei stor rolle i etableringa av republikken i 1792. Med støtte i folkemassane i byane, kalla , prøvde jakobinarane å føre revolusjonen inn i eit endå meir radikalt spor. Etter kongens død vart det halde val på ei ny grunnlovgivande forsamling, også kalla nasjonalkonventet. Dei innførte republikk, og ei ny og svært demokratisk grunnlov vart vedteken i juni 1793. Ho innførte mellom anna allmenn stemmerett for menn. Grunnlova til republikken tredde aldri i kraft, fordi Frankrike var i krig med nabolanda. Inntil vidare fekk to komitéar i realiteten nærast diktatorisk makt for å verne landet mot indre og ytre fiendar.

Republikken innførte ei rekkje endringar som skapte splitting i nasjonen. Ei ny kyrkjeordning der geistlege vart underlagd staten, skapte motsetningar. Seinare skulle leiarane i republikken setje i gang kampanjar for å erstatte kristendommen med ein ny fornuftsreligion. Kyrkjer vart brukte som kornlager, og andre kyrkjer vart omgjorde til fornuftstempel. Alt i samfunnet skulle byggje på fornufta. Eit forslag om nye måleiningar, metersystemet, vart utvikla og etablert som standard i 1795. Det nye kalendersystemet inneheldt ti dagar, og tidlegare religiøse namn vart erstatta med nye, fornuftsbaserte nemningar. Dette forsøket på sekularisering og avkristning av nasjonen vann lite tilslutning i befolkninga, spesielt utanfor byane.

Terrorvelde

Portrettet, i svart/kvitt, er fra sida, og Robespierre har parykk, jakke med høg krage og tørkle i halsen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I republikkens første år dominerte dei radikale jakobinarane komitéane med bruk av terror mot potensielle fiendar som ønskte ei anna retning i revolusjonen. Ein markant revolusjonsleiar for terrorveldet var juristen Maximilien Robespierre (1758–1794). Han vart vald inn i velferdskomiteen, der dei viktigaste avgjerdene vart tekne. I samarbeid med sanskulottane og på bakgrunn av krigssituasjonen vart det erklært revolusjonær unntakstilstand våren 1793.

Det fremste våpenet i skrekkveldet var frykt og terror. Ei kjend utsegn frå den franske revolusjonen er at "revolusjonen et barna sine". Blant revolusjonsleiarane vart ein etter ein avretta etter kvart som maktkampen skrei fram. Giljotinen vart brukt til å fjerne fraksjonar og politiske motstandarar. Nærare 17 000 menneske vart dømde til døden under terrorveldet. I frykt for at Robespierre skulle erklære seg som diktator, samla motstandarane seg imot han sommaren 1794. Symbolet på terroren vart sjølv offer for giljotinen.

Etter Robespierres fall tok rike og meir moderate borgarar over styringa. Direktoriet var Frankrikes utøvande organ i tidsrommet 1795–99. Perioden vart prega av opprør i ulike delar av Frankrike og var kjenneteikna av korrupsjon og aukande inflasjon. Hæren spelte ei sentral rolle i å kjempe mot opprøra og fekk aukande makt og innverknad i Frankrike. Blant offiserane fanst den unge og suksessrike generalen Napoleon Bonaparte. Saman med sentrale leiarar i hæren gjorde Napoleon statskupp i november 1799 og tok tittelen førstekonsul.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar