Hopp til innhald

Fagstoff

Franske opplysningsfilosofar

Mens filosofane gjennom 1700-talet utvikla måtar å organisere samfunnet på som sikra rettane til enkeltmennesket og var til fellesskapets beste, levde framleis dei styrande elitane i ei livsfjern verd, langt frå vanlege folk.
Ei samling distingverte gjester i ein salong på 1700-talet. Bortsett frå eit par kvinner er alle menn. Alle mennene har knebukser, lange jakker og parykk.  Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kritikk av eineveldet

I første halvdel av 1700-talet dreiv franske filosofar tankane om naturretten og fornuftstenkinga vidare. I første rekkje mot det eineveldige vanstyret kongen og administrasjonen hans førte.

Kritikken dreidde seg om at eineveldet ikkje var effektivt og rasjonelt nok for næringslivet til borgarskapet. Bøndene kritiserte privilegia til adelen, og for størsteparten av tredjestanden handla kritikken om at dei mangla moglegheit til å påverke sine eigne liv. Det var kongemakta og adelen som styrte landet, skreiv ut lover og skattar og dømde slik det passa dei.

Montesquieu og maktfordelingsprinsippet

John Locke inspirerte mange av politikarane og tenkjarane i opplysingstida. Han heldt òg liberale verdiar høgt. Den amerikanske grunnlova vart tydeleg påverka av ideane hans. Også i Frankrike var det mange som las Lockes skrifter. Den franske politiske tenkjaren Charles Montesquieu omsette mange av Lockes tankar til politiske styringsprinsipp.

"Republikken var basert på dygder, despotiet på frykt og monarkiet på ære"
(Charles Montesquieu: Lovens ånd, 1748)

Han utfordra eineveldet med . Ideen bak dette prinsippet er at makta i ein stat bør delast mellom tre statsmakter: den utøvande, den lovgivande og den dømmande makta. Dei tre statsmaktene skal utnemnast uavhengig av kvarandre.

Balansen mellom desse tre og sjølvstendet til institusjonane skulle motverke maktkonsentrasjonen i eineveldet. Ein slik maktbalanse ville hindre at folk vart vilkårleg og urettferdig behandla. Montesquieus maktbalanse og maktfordeling skulle få stor betydning for framtidige styresett og konstitusjonell tenking. I Noreg i dag er det Regjeringa, Stortinget og domstolane som representerer dei tre statsmaktene.

Ein sekulær fritenkjartradisjon: Encyklopedien

Opplysingstida blir prega av offentleg meiningsutveksling, men "samtidig "oppdaginga" av å vere sensurert. Ei kritisk offentlegheit opna for å reise krav om ytringsfridom og folkesuverenitet, og den nye trykkpressa gjorde det mogleg å nå fleire. Dei franske opplysningsfilosofane Montesquieu, Voltaire og Rousseau bidrog med tekstar til dei fornuftsbaserte bøkene som skulle opplyse den franske befolkninga.

Voltaire og ytringsfridommen

François-Marie Arouet (1694-1778), betre kjend under pseudonymet Voltaire, blir rekna blant dei fremste av tenkjarane i opplysingstida.

Religionen var for Voltaire menneskeskapt og vart brukt av Kyrkja og det kongelege eineveldet til å undertrykkje folk og halde oppe første- og andrestandens privilegium i samfunnet. Dei mange endelause diskusjonane blant teologane viste òg at moralen kunne stillast fri frå religionen. Fornuftige menneske kunne sjølv finne fram til kva som var godt og vondt.

Ytringsfridommen stod sentralt hos Voltaire. Kampen for ytringsfridom i det kongelege eineveldet vart essensielt i det før-revolusjonære Frankrike. Ytringsfridom er ein føresetnad for politiske parti og demokratiet. Av den grunn skal Voltaire ha vorte tillagd denne utsegna: "Eg er ueinig i det du seier, men eg vil gå i døden for retten din til å seie det".

Jean-Jacques Rousseau og allmenviljen

"Tilbake til naturen" er eit slagord som har vorte tillagt den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau. Han såg for seg at mennesket var fødd med ei rekkje gode eigenskapar, men at storsamfunnet skapte egoistiske og uærlege menneske. Rousseau skreiv om dette i verket Om samfunnspakten, som kom ut i 1762. Han såg for seg samfunnspakta som ein avtale mellom alle innbyggjarane i ein stat der dei gjekk saman om å sikre sine eigne fridommar og rettar. I motsetning til Locke, som ville ha ein kontrakt mellom dei styrte og dei styrande, ville Rousseau ha ein kontrakt mellom menneska. Viljen til den enkelte vart med dette overdrege til allmennviljen som stod over viljen til den enkelte. Fellesinteresser skulle gå føre særinteresser. Allmennviljen skulle verke for samfunnets beste, og han skulle legitimere maktutøving over enkeltmenneska.

Det er likevel noko uklart hos Rousseau kven som skulle sørgje for at allmennviljen vart gjennomført. Historia har vist korleis ulike leiarar har definert og utnytta "folkets eigentlege vilje" til eiga vinning. Både Adolf Hitler og Josef Stalin ville hevde at dei styrte på vegner av folkets vilje, utan at det reelle folkefleirtalet vart lagt til grunn. Tankane til filosofen har derfor både vorte brukt til å legitimere demokrati og nasjonalisme, men også diktatur og totalitære regime.

Har du fått med deg dette?

Relatert innhald

Renessansens tankar om mennesket, natur og samfunn la grunnen for opplysingstida. Med den vitskaplege revolusjonen vart dominansen til Kyrkja utfordra.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar