Hopp til innhald

Fagstoff

Idégrunnlaget for opplysingstida

Det kongelege eineveldet og den merkantilistiske økonomiske politikken var dominerande gjennom opplysingstida. Kritikken mot denne politikken kom frå politiske filosofar som tok utgangspunkt i naturretten og folkesuvereniteten i forsøka sine på å skape nye politiske system.

Einevelde og merkantilisme

Den vanlegaste styreforma i Europa på 1600-talet var einevelde i ei eller anna form. Tanken bak dette systemet var at kongen var einerådande. Han kunne vedta lover og reglar, bestemme kven som skulle sitje i regjeringa, og kunne benåde dømde lovbrytarar. Han hadde òg full kontroll over økonomien til staten. Den mest kjende eineveldige kongen i Frankrike, Ludvig 14. (1643–1715) skal ha uttalt: "Staten, det er eg!"

Det dominerande økonomiske systemet i Europa var i same tidsrom merkantilismen. Systemet var i dei eineveldige kongane og privilegerte gruppene sine interesser, og målet var å oppnå eit handelsoverskot i forhold til andre land. Store mengder "edle metall" var uttrykk for rikdommen og velstanden i landet. For å skaffe dette vart import av varer frå utlandet pålagd høg toll og store avgifter. I tillegg fekk handelskompani einerett på handel med dei oversjøiske koloniane til stormaktene.

Adam Smith vart den fremste kritikaren av dette systemet. Han hevda i boka Nasjonenes velstand frå 1776 at den frie marknaden burde regulere seg sjølv gjennom tilbod og etterspurnad, heller enn å bli strengt regulert av ein stat.

Naturretten

Logikken til den naturvitskaplege metoden vart òg freista overført til menneska og samfunnet. Ifølgje opplysningsfilosofane skulle rettsstaten og lovene som omfatta menneska, gjelde for alle. Dei utvikla ei rettsoppfatning som vart kalla naturretten. Dei såg for seg at ordenen og lovmessigheita i naturen gav mennesket visse opphavlege og allmenne rettar og plikter. Desse rettane og pliktene er grunnleggjande for alle menneske.

Menneskerettane, som vi kjenner dei i dag, fekk den spede byrjinga si med naturretten. Naturretten henta ideala sine mellom anna frå seinantikken og romersk rettslære.

Samfunnskontrakt

Den engelske filosofen Thomas Hobbes tok utgangspunkt i naturen då han formulerte kontraktsteorien sin. Han meinte at sidan alle menneske i utgangspunktet var frie, ville det bli ein kamp alle mot alle dersom menneskets primitive eigenskapar fekk fritt spelerom i naturtilstanden. Staten måtte derfor vere der for å verne menneska og sikre dei grunnleggjande rettar og plikter. Menneska skulle så gi makt og delar av fridommen sin tilbake til dei som styrte. I det politiske hovudverket sitt, Leviathan, frå 1651, kalla Hobbes denne gjensidige ordninga ein samfunnskontrakt. Styringssystemet einevelde, som var utbreidd i Europa frå midten av 1600-talet, passa godt inn i den politiske filosofien til Hobbes.

Bill of Rights

Det var i England at ideane i opplysingstida først fekk fotfeste i politikken. Den såkalla glorious revolution i 1688 avsette den katolske kongen Jakob 2. og innsette dottera hans, Maria, og svigersonen Vilhelm som dronning og konge. Dei vart lova støtte av Parlamentet dersom dei godtok ei samling av rettsreglar som gav Underhuset større fullmakter til å utøve politikk og til å bestemme over hæren og flåten. Eit anna krav var at kongen òg måtte setje saman regjeringa med utgangspunkt i kven som hadde fleirtal i Underhuset. Dette systemet blir kalla parlamentarisme.

I dag har vi parlamentarisme også i Noreg. Kongen må vende seg til leiaren av det største partiet etter kvart stortingsval for å be han eller henne om å danne regjering. Parlamentarismen var eitt av fleire steg i retning av det vi i dag kjenner som demokrati. Med The Bill of Rights vart det umogleg å innføre einevelde i England.

John Lockes politiske filosofi

John Locke har grått hår som fell ned mot aksla, mørk jakke og kvit skjorte med krage som er open i halsen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den engelske filosofen John Locke var arkitekten bak Bill of Rights og gjekk endå eit steg lenger enn Thomas Hobbes i den politiske filosofien sin. Han var både einig og ueinig med Hobbes. Som Hobbes meinte Locke at den viktigaste oppgåva til staten var å sikre innbyggjarane grunnleggjande naturlege rettar. Berre slik kunne staten legitimere – eller rettferdiggjere – si makt. Makta burde fordelast på fleire instansar. Samspelet mellom styresmaktene og innbyggjarane vart regulert i ein tenkt kontrakt. Locke var derimot ueinig med Hobbes i at menneska var "primitive" i naturtilstanden. Locke meinte at menneska var grunnleggjande fornuftige og tolerante.

Dersom styresmaktene ikkje overheldt sin del av kontrakten – som var å sikre trygge rammer for alle – hadde innbyggjarane rett og plikt til å gjere opprør og å finne nye makthavarar. Denne retten og plikta bygde på folkesuverenitetsprinsippet, som seier at all statsmakt og styring av samfunnet skal komme frå folket. Oftast skjer det via eit folkevalt parlament (ei nasjonalforsamling).

Relatert innhald

I første halvdel av 1700-talet dreiv franske filosofar tankane om naturrett og fornuftstenking vidare. I første rekkje mot det det eineveldige styresettet

Renessansens tankar om mennesket, natur og samfunn la grunnen for opplysingstida. Med den vitskaplege revolusjonen vart dominansen til Kyrkja utfordra.

CC BY-SASkrive av Amund Pedersen og Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar