Hopp til innhald

Fagstoff

Vitskap og fornuft

Tankane i renessansen om mennesket, natur og samfunn la grunnen for opplysingstida. Med den vitskaplege revolusjonen vart dominansen til Kyrkja utfordra. Bruk av vitskap og fornuft fekk òg konsekvensar for gamle føydale strukturar og sedvanar. Legitimeringa av dei forsvann.
Isaac Newton og ein hjelpar er i eit rom med fleire vitskaplege instrument. Ein lysstråle kjem inn gjennom eit lite hol og går gjennom eit prisme. Ut av prismet held strålen fram i alle fargane i regnbogen og over til eit lerret. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidleg nytid

I renessansen oppstod eit nytt borgarskap i dei italienske bystatane. Auka handel og større marknader gjorde at fleire i borgarskapet vart rike og kunne bruke den økonomiske makta si til å stille spørsmål ved og utfordre dei "vedtekne sanningane" til Kyrkja og maktposisjonane til kongane i Europa. Ideane i renessansen var å rette søkjelyset mot moglegheitene til enkeltmenneska, noko som er kjernen i humanismen. I tillegg gav mange rike borgarar økonomisk støtte til vitskapsmenn og kunstnarar. Protestantismens brot med pavekyrkja høyrer òg med i dette biletet av store endringar. Boktrykkjarkunsten på si side gjorde både reformasjonen og den vitskaplege revolusjonen mogleg.

I tida mellom renessansen og opplysingstida vart altså både konge og kyrkjemakt utfordra. Det skjedde gjennom ein vitskapleg revolusjon, gjennom humanismen med vekt på enkeltmennesket og gjennom reformasjonen. I tillegg kom eit økonomisk sterkare og meir uavhengig borgarskap som kravde politiske endringar; samfunnet skulle byggje på fornufta.

Gjennombrotet frå naturvitskapen

Ein viktig faktor som var med på å forme opplysingstida, var utviklinga av naturvitskapane på 1600-talet. Med naturvitskaplege metodar gjekk ein til verks for å forstå lovmessigheiter i naturen. Det fekk enorm betydning for teknologiutviklinga, og det vart gjort epokegjerande oppfinningar innan ei rekkje fag.

Tidlegare var naturvitskap ein kombinasjon av filosofi og teologi. Ein brukte fornufta kombinert med vedtekne teologiske sanningar om verda til å forstå korleis naturen fungerte. På 15- og 1600-talet vart det utvikla nye metodar for å forstå naturen. Ved å kombinere systematisk observasjon og eksperiment med logisk argumentasjon danna ein grunnlaget for den moderne naturvitskapen.

Den vitskaplege revolusjonen

Allereie på 1500-talet kom den polske vitskapsmannen Nicolaus Copernicus fram til at sola var midtpunktet i universet. Denne oppfatninga (det heliosentriske verdsbiletet) var i strid med oppfatninga til Kyrkja om at jorda stod i sentrum, og at sola krinsa rundt jorda. Fleire av Copernicus' tilhengjarar og etterfølgjarar vart forfølgde og dømde av Kyrkja.

Men vitskapen slo likevel gjennom i fleire land. Det blir fortalt at på slutten av 1600-talet, såg den engelske vitskapsmannen Isaac Newton eit eple falle til jorda samtidig som han såg månen. Det var slik han fekk tanken om at det var dei same kreftene som trekte eplet mot bakken som heldt månen i bane rundt jorda. Om forteljinga er sann, veit vi ikkje, men det var Newton som først formulerte gravitasjonslovene. Newton studerte rørsle, lys og gravitasjon, og arbeida hans la grunnlaget for moderne fysikk. Han påpeika at dei same naturlovene gjaldt for heile universet. Newton visste at framgangen hans bygde på tidlegare vitskap, og skal ha sagt: "Viss eg har sett lenger, er det fordi eg har stått på skuldrene til kjempar".

Finn ut og tenk, kunnskap er makt

Med aukande kunnskap om naturlovene kom ideen om å kunne føresjå og kontrollere naturen. Ein integrert del av denne ideen er at mennesket kan styre utviklinga frigjort frå ein guddommeleg plan. Denne tenkinga blir kalla utviklingsoptimisme og er fundamentet for industrialiseringa og framveksten av moderne samfunn.

Finn nokre døme på nye vitskaplege oppdagingar i opplysingstida som forandra livet til vanlege menneske.

Kor medvetne meiner du vi har vore om konsekvensane av menneskas forvalting av naturen fram til vår tid?

Har du fått med deg dette?

Relatert innhald

I renessansen fekk eliten i Europa ei ny interesse for antikken, og det blei store endringar i både kunst, filosofi og vitskap.

I opplysingstida vart det kongelege eineveldet utfordra av politiske tenkjarar som tok utgangspunkt i naturrett og folkesuverenitet.

CC BY-SASkrive av Amund Pedersen og Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 18.04.2023

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar