Hopp til innhald

Fagstoff

Napoleon, Frankrikes redningsmann?

Napoleon kan sjåast på som ein moderne statsmann. Han hadde eit reformprogram for Frankrike som til dels var prega av fornuft og opplysning. På den andre sida fekk han nærast diktatorisk makt gjennom keisartittelen i 1804.
Napoleon i uniform i kontoret sitt. Han ser mot betrakteren og har handa karakteristisk stukke inn i jakka framme. Jakka er utstyrt med medaljar og gull på skuldrene. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den franske nasjonen

Då Napoleon og støttespelarane hans gjorde statskupp ved inngangen til 1800-talet, var han i realiteten ønskt. Etter ti år med revolusjonære tilstandar, store omveltingar og krig ønskte franskmenn stabilitet. Med tittelen førstekonsul fekk Napoleon makt til å prøve å sameine ulike politiske rørsler og samfunnsklassar i den nye franske nasjonen.

Ein moderne statsmann

Napoleon blir rekna som ein moderne statsmann som bygde den nye franske nasjonen på fornuft og reformer. Slik sett vidareførte Napoleon ideane frå opplysingstida, samtidig som han heldt oppe delar av det gamle regimet.

Gjennom etableringa av eit einskapleg lovverk, seinare kalla Code Napoléon, vart det juridiske fundamentet for den nye nasjonen lagt.

  • Likskap for lova sikra støtte i dei breie laga i befolkninga.

  • Privat eigedomsrett sikra støtte frå borgarskapet.

  • Napoleon fungerte òg som garantist mot å gjeninnføre adelsprivilegia. Dette sikra støtte frå bøndene.

Tidlegare hadde sentrale posisjonar i samfunnet vore reserverte for dei øvste stendene. Napoleons reformprogram la opp til at menn etter evner og talent, ikkje arv og slektskap, kunne få posisjonar i samfunnet.

Offentlege skular vart utbygde etter same prinsipp. Det vart òg oppretta moglegheiter for høgare utdanning der talent og kunnskapar var føresetnad for opptak, ikkje gamle privilegium. Dette gjorde det mogleg for større delar av befolkninga å få høgare utdanning. Dette gjaldt unge gutar og menn, jenter fekk ikkje denne moglegheita. Det vart ansvaret til Kyrkja å drive ei moralsk og praktisk opplæring for dei.

Forliket med paven

Kampen dei revolusjonære hadde ført mot posisjonen til Kyrkja i samfunnet, skapte store motsetningar, spesielt bøndene mislikte dette. Med Napoleons avtale med paven og den katolske kyrkja i 1801 vart den tradisjonelle posisjonen til Kyrkja i samfunnet gjenoppretta.

Keisar Napoleon

Napoleon oppnådde stor popularitet i folket. Det var fleire hendingar som gjorde dette. Først ved statskuppet i 1799 og sidan under Napoleonskrigane. Med støtte i eigen populariteten lét Napoleon seg i 1804 krone til keisar i Frankrike etter ei folkeavstemming.

Først og fremst skapte Napoleon fransk eining og stabilitet etter eit tiår med kaos og revolusjon. Men som keisar førte han Frankrike ut i Napoleonskrigane, noko som skapte krig og utryggje i store delar av Europa fram mot det endelege fallet hans i 1815.

Pynta menneske, kvinner, menn og geistlege, står og beundrar akta der Napoleon kronar den vakre hustrua si som kneler framfor han under eit guddommeleg lys. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Ulike revolusjonære grupper ønskte å drive den franske revolusjonen vidare, men dei ulike gruppene kjempa mot kvarandre og det vart eit terrorvelde.

Arven frå opplysingstida er synleg i dagens samfunn. Idéane frå opplysningstida har vorte vidareførte i kampen for medråderett og fridom.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar