Hopp til innhald

Fagstoff

Sosialismen

Sosialisme er eit sekkeord for tidlege utopiske sosialistiske idéar, Karl Marx' vitskaplege marxisme, anarkisme, sosialdemokratiske tankar og kommunisme. Kjerneverdien i sosialismen er meir likskap og rettferd i samfunnet.
Fotomontasje i svartkvitt. Portrett av Marx og Engels. Begge har skjegg og mørke dressjakker. Marx er meir grå i hår og skjegg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fellesskapen først

Sosialismen var den ideologiske motparten til liberalismen. Dei sosialistiske tankane var sameinte i krava om betre livsvilkår for den nye som kjende seg utnytta av den rådande kapitalistiske samfunnsstrukturen. Sosialistane hevda at liberalismen skapte store økonomiske og sosiale forskjellar. I den veksande arbeidarklassen vart det utover 1800-talet reist krav om at økonomien måtte styrast av staten og ikkje av næringslivet. Dei ville ha det som blir kalla ein planøkonomisk modell.

I synet på menneske og samfunn innanfor den sosialistiske rørsla har fellesskapen i hovudsak vore viktigare enn individa. Dette kjem av ei . Ho forklarer dei mekanismane som, ifølgje sosialistane, styrer den økonomiske utviklinga. Så lenge bedriftseigarane kunne utnytte industriarbeidarane med låg lønn og dårlege arbeidsvilkår, ville forskjellane i samfunnet halde fram med å auke. Sosialistiske tenkjarar ville at eigedomsretten til bedriftene skulle overførast til staten. Då kunne overskotet i bedriftene tilkomme alle i samfunnet etter behov.

Den vitskaplege marxismen

Den teoretiske analysen av det kapitalistiske samfunnet vart utforma av Karl Marx (1818–1883). Dei store økonomiske og sosiale forskjellane i samfunnet kjem av, ifølgje Marx, at borgarskapen eigde produksjonsmidla og kontrollerte det framveksande proletariatet, altså industriarbeidarklassen. Målet for Marx var økonomisk utjamning og/eller eit klasselaust samfunn der staten eller arbeidarkollektiv eigde produksjonsmidla (bedriftene). Ifølgje Karl Marx kunne denne overgangen skje gjennom ein revolusjon.

Revolusjonen måtte leiast gjennom ein overgangsfase som Marx kalla proletariatets diktatur. Idet arbeidarane tok kontroll over bedriftene og maskinene, ville eigarane av bedriftene kjempe imot. Denne maktkampen ville ende i ein væpna konflikt mellom partane.

Proletariatets diktatur skulle vere tidsavgrensa og ein overgangsfase på veg mot det klasselause samfunnet. Når arbeidarane hadde bestemt korleis verdiane i samfunnet kunne giast tilbake til fellesskapen, skulle diktaturet stanse, og ein ville få eit klasselaust samfunn.

Abc-a til marxismen

Revolusjon eller reformer?

Dei største forskjellane mellom dei ulike sosialistiske retningane er i synet på revolusjon som verkemiddel for å skape det sosialistiske samfunnet. Anarkistane braut med Marx' oppmoding om å skulle innføre proletariatets diktatur. Fridommen kunne først verkeleggjerast, ifølgje anarkistiske tenkjarar, utan ein undertrykkjande stat, uavhengig av kven som sat med makta i staten.

I den anarkistiske tradisjon fantes […] en intens frihetstrang, dyp uvilje imot staten og alle hierarkier og en innbitt tro på samarbeid og frivillighet, dertil et lyst menneskesyn som hevder at bare all nedbrytning av all autoritet vil kunne frigjøre menneskets iboende godhet. (Hagtvet, 2010)

Mot slutten av 1800-talet oppstod det òg ei retning som hevda at det var mogleg å skape eit sosialistisk samfunn innanfor det demokratiet som fanst. Det kunne gjerast ved å vinne makt gjennom val og så endre samfunnet innanfrå med reformer som gagna fellesskapen.

Tenk over: Utopia?

Gjennom historia har fleire rørsler hatt idéar om, og prøvd å skape, det perfekte samfunnet. Draumen om eit betre samfunn har gjerne vorte kalla "Utopia" etter Thomas Mores bok (ca. 1516) ved same namn.

Er det klasselause samfunnet berre ein utopi?

Kjelde

Hagtvet, B. (2010). Ideologienes hundreår: en personlig vandring i det 20. århundrets politiske idéhistorie. Dreyers forlag.

Relatert innhald

Mot slutten av 1800-talet vart eit sosialdemokratisk alternativ til revolusjon fremja blant sosialistiske tenkjarar.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar