Hopp til innhald

Fagstoff

Kolonistanes Amerika

Europearane byrja å etablere koloniar i Nord-Amerika på 1600-talet. Kolonistane etablerte plantasjar og dreiv jordbruk og handel. Urbefolkninga vart gradvis fortrengd og driven vestover. På 1700-talet auka folketalet monaleg, og gradvis vart det etablert ein eigen amerikansk identitet.
Biletet viser engelskmenn som byter varer med indianarar ved stranda. Større skip og robåtar i bakgrunnen. Biletet er fra 1628.  Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei første nybyggjarane

Historia om prinsessa Pocahontas (snl.no) og møtet med John Smith er vel kjend i moderne populærkultur. Kva som er fakta i historia om Pocahontas, er meir usikkert. Likevel kan forteljinga kaste lys over kulturmøta mellom dei første europeiske nybyggjarane og den amerikanske urbefolkninga. Skipinga av Jamestown i Virginia er det første forsøket på ei permanent busetjing av britiske nybyggjarar frå 1607.

Seinare skulle fleire ulike europeiske statar etablere koloniar i Nord-Amerika. Franskmennene slo seg ned langs Mississippi-deltaet og i Québec-området i dagens Canada, spanske kolonier vart etablerte i sør, mens nederlandske og svenske emigrantar opererte på nordaustkysten.

Nord og sør

Hovudtendensen utover 1600-talet i koloniområda vart plantasjedrift i sør og jordbruk og handel i dei nordlege koloniane.

Fleire koloniar vart etablerte i New England, der religiøse immigrantar kom til å prege kulturen. Mange hadde flykta frå ulike religiøse konfliktar i Europa. I koloniane ville dei skape nye og alternative samfunn.

Med utgangspunkt i kolonien Virginia vart økonomien i sør basert på plantasjedrift og import av slavar. Slik oppstod dei ulike økonomiske systema i nord og sør, mens det i midtstatane var større variasjon.

Folkeauke

Folketalet i dei engelske koloniane auka monaleg gjennom 1700-talet. I 1690 levde 200 000 i koloniane, i 1765 var talet 2.6 millionar. I dag reknar ein med at det òg kom cirka tolv millionar slavar til Amerika frå Afrika gjennom den transatlantiske slavehandelen (NDLA). Mange enda opp på plantasjane i sørstatane.

Etter fleire generasjonar vart den sosiale og kulturelle avstanden til Storbritannia større. Frå 1730-åra byrja ei opplysingstid blant kolonistane. Blant kolonistane i Nord-Amerika vart det gradvis etablert ein eigen identitet som markerte avstand til moderlandet Storbritannia. Oppgjeret etter sjuårskrigen (1756-63) i Nord-Amerika, kjend som vart ei viktig årsak til ønsket hos kolonistane om sjølvstende og fridom frå Storbritannia.

Tenk over

Mange av kolonistane som søkte lykka i Nord-Amerika, var religiøse flyktningar. Kjenne du til tilsvarande historiske døme? Er problemstillinga aktuell i dag?

Kjelde

Pharo, H, (2.3.2020). "USAs historie", i Store norske leksikon. Hentet fra https://snl.no/usas_historie

Relatert innhald

Etter freden med spanjolane i 1605 kunne engelskmennene konsentrere seg om ambisjonane sine i Nord-Amerika.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2021

Læringsressursar

Ideologiar og politiske omveltingar