Vedlikehaldsplan
Både førebyggande og korrigerande vedlikehald er arbeid som blir utført på ei maskin utan at ho har fått driftsstans eller er defekt.
Det er viktig at vedlikehaldsplanen til maskina blir grundig gjennomgått, og at skulen eller bedrifta utarbeider gode rutinar som varetek maskinparken.
For den som skal utføre vedlikehaldet, er det viktig å kjenne til tidsintervall for vedlikehald, om det er kalender- eller driftsbasert, og dessutan omfanget av vedlikehaldsjobbane. Kva kan gjennomførast av maskinoperatøren, kva krev spesiell kompetanse, og kor lang tid må maskina vere ute av drift ved kvart enkelt vedlikehald?
Når ein har analysert vedlikehaldsplanen, blir vedlikehaldet definert i ulike kategoriar. Dette er ofte beskrive som linjebasert vedlikehald.
Vedlikehaldsarbeidet blir ofte delt opp i tre ulike omfang og ansvarsområde, definert som ulike linjebaserte vedlikehald. Dei ulike linjene krev ulik kompetanse, har ulik varigheit og ulike tidsintervall.
Førstelinje: operatørbasert vedlikehald
Førstelinjes vedlikehald blir ofte utført som enkel inspeksjon og smørjing. Denne typen vedlikehald blir gjennomført svært hyppig, og det kan vere planlagt både kvar veke og dagleg.
Det er som oftast maskinoperatøren som gjennomfører denne typen vedlikehald.
Dette er vedlikehald som er lite tidkrevjande, og som ikkje krev nedstenging av maskin eller produksjon.
I denne filmen (ca. 6 minutt) kan du lære meir om vedlikehald av maskinelement.
Andrelinje: vedlikehald med kort driftsstans
Vedlikehald som andrelinje er større vedlikehaldsjobbar som ofte krev noko driftsstans. Det er likevel enkle servicejobbar som olje- og oljefilterskift, reimskift og justeringar.
Dette er vedlikehald som krev litt meir teknisk kunnskap frå servicepersonell, og større bedrifter har ofte eige servicepersonell som gjennomfører denne typen vedlikehald.
Ettersom slikt vedlikehald krev at maskina eller produksjonen blir stengd ned for ein kortare periode, er det viktig at det er godt planlagt, slik at nedstenginga ikkje påverkar annan produksjon i verkstaden.
I denne filmen (ca. 6 minutt) kan du lære meir om reparasjon av maskinelement.
Tredjelinje: vedlikehald og overhalingar med omfattande driftsstans
Vedlikehald på tredjelinje er større vedlikehaldsoppdrag som krev nedstenging over lengre tid. Dette kan vere utskifting av komponentar som har nådd maksimal driftstid, har ulydar og defektar eller omfattande reingjering, kontroll og justeringar.
Dette er omfattande vedlikehaldsarbeid som krev god teknisk kunnskap, og som oftast blir slikt vedlikehald gjennomført av eigne teknikarar eller personell frå maskinleverandøren.
Innan flybransjen er det veldig vanleg med både første-, andre- og tredjelinjes vedlikehald.
Førstelinjes vedlikehald blir gjennomført mellom kvar flytur, det er enkel inspeksjon av komponentane til flyskroget.
Andrelinjes vedlikehald går føre seg i hangar og er eit større og omfattande vedlikehald som krev driftsstans. Det kan då bli skifta dekk, bremsar, oljer og væskar, justeringar blir gjennomførte og så vidare.
Ved tredjelinjes vedlikehald på eit fly blir flyet plukka ned i småbitar, og alle delar blir inspiserte før flyet blir sett saman igjen.
For å kunne halde oppe både den tekniske standen, nøyaktigheita og driftstryggleiken til maskina er det viktig å planlegge vedlikehaldet. Ein slik plan for vedlikehald blir kalla ein vedlikehaldsplan.
Vi skil mellom tidsbaserte og driftsbasert vedlikehald, og vedlikehaldsplanen inneheld informasjon om kva vedlikehaldsarbeid som skal gjennomførast etter eit bestemt intervall.
Ein slik vedlikehaldsplan er ofte utarbeidd av maskinprodusenten, men det kan vere tilfelle der han bør forandrast på bakgrunn av bruksområdet til maskina eller miljøet maskina jobbar i.
Dei fleste maskiner har ein manuell serviceplan i form av eit skjema eller tekst på maskina og i instruksjonsmanualen, mens nyare maskiner kan ha vedlikehaldsplanen digitalt på ein beteningsskjerm.
Tidsplanlagt vedlikehald
Tidsplanlagt vedlikehald er vedlikehaldsarbeid som blir gjort etter bestemde tidsintervall basert på ein kalender. Ei enkel inndeling av eit slikt tidsbasert vedlikehald kan vere:
dagleg
kvar veke
månadleg
årleg
Her er det ingen forskjell same kor mange timar ei maskin er nytta.
I dømet under er det vist ein serviceplan for ein dreiebenk. Nokre punkt er angitt med eit intervall på åtte timar, noko som vil seie at i ein vanleg arbeidskvardag må dei bli utførte kvar dag. Dette er då ofte tilsyn og nivåkontroll.
Driftsbasert vedlikehald
Driftsbasert vedlikehald er avhengig av kor mange timar maskina har vore i bruk. Denne typen vedlikehald er meir nøyaktig enn tidsplanlagt vedlikehald, spesielt for maskiner som har variert brukstid over ein tidsperiode.
Ei enkel inndeling av eit slikt driftsbasert vedlikehald kan vere:
8 driftstimar
50 driftstimar
200 driftstimar
1000 driftstimar
Ved denne typen vedlikehald er det viktig at det blir ført ein eksakt logg over maskindrifta, eller at det er montert ein timeteljar på maskina.
Relatert innhald
Førebyggande vedlikehald er viktig for å halde utstyret i god driftsmessig stand.
Kva er korrigerande vedlikehald, og korleis unngår vi for mange tiltak av denne typen?