Hopp til innhald
Fagartikkel

Førebyggande vedlikehald

Førebyggande vedlikehald er viktig for å halde noko i god driftsmessig stand. Vanlegvis er denne forma for vedlikehald planlagd og skjer periodisk i samsvar med instruksane til maskinprodusenten.

Kva er førebyggande vedlikehald?

Vi driv førebyggande vedlikehald når vi undersøker om det er oppstått ein feil, eller gjennomfører arbeid som skal førebygge feil ved å redusere slitasje.

Jobben med å utbetre eventuelle feil oppdaga ved inspeksjon er i prinsippet korrigerande vedlikehald.

Underkategoriar av førebyggande vedlikehald er førehandsbestemt og tilstandsbasert.

Førehandsbestemt vedlikehald

Førehandsbestemt vedlikehald kan òg brukast som eit samleomgrep for periodisk vedlikehald (kalender- og teljarbasert). Førehandsbestemt vedlikehald omfattar både kalendertid, driftstid og syklusar (til dømes talet på omdreiingar eller talet på produserte delar).

Tilstandsbasert vedlikehald

Med dagens teknologi er kan maskiner utstyrast med ulike sensorar som les av mellom anna temperaturar, oljekvalitet, vibrasjonar og sluttresultat.

Gjennom ei internettilkopling kan slike data sendast til ein datasentral, der data blir behandla og behov for vedlikehald blir vurdert ut frå den faktiske tilstanden til maskina.

Denne typen datainnsamling kom med den fjerde industrielle revolusjonen, industri 4.0.

Døme på førebyggande vedlikehald

Kvar enkelt maskinprodusent og maskin har sin eigen vedlikehaldsplan.

Det er likevel viktig at skulen eller bedrifta utviklar ein heilskapleg plan for vedlikehald av maskinparken. I ein slik vedlikehaldsplan er det òg viktig å definere kven som er ansvarleg for og skal utføre dei ulike delane av vedlikehaldet.

Dagleg og vekevis vedlikehald

Dagleg og vekevis vedlikehald kan vere enkle sjekkpunkt som blir gjorde kvar morgon, kvar kveld eller ved slutten av arbeidsveka.

Som oftast er denne typen vedlikehald enkelt og blir gjennomført av maskinoperatøren, altså den personen som bruker maskina.

Det er viktig at den som gjennomfører vedlikehaldet, dokumenterer at det er gjennomført, i ein servicelogg. Bedrifta bør òg ha interne rutinar for kven som skal varslast viss den som gjennomfører vedlikehaldet, oppdagar ein mangel eller unormal slitasje.

Døme på eit slikt skjema for vedlikehald av ein HAAS CNC-dreiebenk:

Øvrig vedlikehald

Større vedlikehald blir ofte gjennomført av ein industrimekanikar eller anna servicepersonell. Dette kan vere vedlikehald som skal gjennomførast månadleg, halvårleg eller årleg, og som oftast krevst det at maskina blir stengd ned for ein periode under vedlikehaldet.

Døme på ein vedlikehaldsplan for ein HAAS CNC-dreiebenk:

Arbeidsoppgave

Ta utgangspunkt i ei maskin de har på verkstaden, og finn fram brukarmanual og servicepapir. Viss skulen har utarbeidd ein serviceplan, må du òg finne fram denne.

Oppgåve

Vurder kvart enkelt servicepunkt.

Kva punkt bør gjerast av maskinoperatøren, og kva punkt bør gjennomførast av ein servicemekanikar eller industrimekanikar?