Økonomisk betydning av vedlikehald
Bedrifter kan unngå eller redusere reparasjonskostnader og oppnå ein meir påliteleg og kostnadseffektiv drift dersom dei utarbeider ein god plan for vedlikehald av maskiner og utstyr.
Når ei verkstadsmaskin stoppar eller havarerer på grunn av mangelfullt vedlikehald, blir det stans i produksjonen. Viss maskina er ein del av ei større produksjonslinje, vil heile produksjonslinja stoppe opp. Bedrifta taper då inntekter fordi ho ikkje kan levere produkt til kunden, og kunden har heller ikkje nokre produkt å selje vidare.
I tillegg må bedrifta betale lønn til arbeidarane sine sjølv om dei ikkje får produsert noko så lenge produksjonen er stansa. Dess lengre tid maskina er ute av drift, dess større er det økonomiske tapet til bedrifta.
Tenk over
Bedrifta du jobbar i, har avtale om å produsere og levere ein viktig del til ein bilmotor. På grunn av dårleg vedlikehald av maskinene stansar produksjonen utan forvarsel. Ein maskindel må bytast ut, og maskina blir ståande i tre veker før ny del kjem.
Kva konsekvensar får denne produksjonsstansen
for bedrifta
for bilprodusenten
for kunden som skal kjøpe bilen
Kan også andre bedrifter bli påverka av produksjonsstansen på verkstaden?
Når ei maskin bryt saman på grunn av mangelfullt vedlikehald, kan det vere nødvendig med kostbare reparasjonar og erstatning av delar. I verste fall må heile maskina bli bytt ut. Kostnadene for reparasjon eller erstatning ved uventa stans er vanlegvis mykje høgare enn kostnadene for regelmessig førebyggande vedlikehald.
Ei bedrift investerer ofte i nytt utstyr i samband med arbeidsoppdrag og kundebestillingar. Ingen bedrifter kjøper nye maskiner utan at dei har eit konkret behov for dei. Kostnaden på ei maskin blir ofte kalkulert saman med talet på delar som skal produserast, for å sjå kva investeringa kostar per del. Viss dårleg vedlikehald fører til at bedrifta må kjøpe dyre delar eller ny maskin tidlegare enn planlagt, forsvinn (delar av) overskottet bedrifta har berekna.
Maskiner som ikkje blir haldne ved like godt nok, gjer ofte produksjonen mindre effektiv, og dei bruker meir energi. Dersom maskina til dømes ikkje har god smøring, aukar friksjonen mellom maskindelane, slik at det krevst større kraft. Er kjølevæska dårleg, kan verktøyet slitast raskare. Dårleg vedlikehald gir bedrifta høgare energirekningar og eit større forbruk av smøremiddel og andre forbruksvarer.
Med dårleg vedlikehaldne maskiner er det vanskeleg å lage produkt av høg og jamn kvalitet, og for kvar del som må kastast, blir fortenesta til bedrifta redusert. Kostnaden for produksjonen av ein del er nemleg den same, uavhengig av om delen blir godkjend eller ikkje. Ingen kundar vil betale for materialkostnader, energikostnader og lønn for delar som må kastast.
Delar som må kastast eller som blir gjenvunne, er dessutan ei miljøbelastning. Sjølv om dei fleste metalla kan gjenvinnast, krev resirkuleringsprosessen store energiressursar. Sist, men ikkje minst, vil ujamn kvalitet på produkta føre til omdømmetap hos kundar.
Tenk over
Tenk på ein del du har produsert på verkstaden.
Kva for kostnader er knytte til produksjonen av denne delen?
Kva kostnader kan auke dersom maskinene du nyttar, ikkje er haldne ordentleg ved like?