Hopp til innhald
Fagartikkel

HMS ved vedlikehaldsarbeid

I tillegg til at vedlikehald held oppe driftstida av maskinene, held det oppe sikkerheitsutrustinga til maskinene. Slik kan du som operatør betene dei på ein trygg og sikker måte.

Korleis vareta helse, miljø og sikkerheit ved vedlikehaldsarbeid

Når du skal utføre service på ei maskin eller eit anlegg, kan det vere utstyr som du ikkje har fått detaljert opplæring i bruken av. Det kan òg vere maskiner og utstyr som er sette saman i ei produksjonslinje meint for eit spesielt formål.

Då er det spesielt viktig å vareta sikkerheita både for deg sjølv og andre under arbeidet.

Dette kan du gjere ved å følge reparasjonsmanualar for maskiner. Spesialbygde maskiner eller anlegg kan vere utfordrande, fordi det ofte ikkje finst ein slik manual. Då er det viktig at du har ein dialog med maskinoperatøren, slik at du får ei god innføring i funksjonen til anlegget.

Hjelpeskjema

Nedst på denne sida finn du døme på skjema du kan nytte til å gjennomføre kartlegging og risikovurdering og til å utvikle handlingsplanar for eit arbeidsoppdrag.

Risikofaktorar

Når du gjennomfører vedlikehald på slike maskiner og anlegg, kan du bli utsett for ulike sikkerheitsrisikoar.

Døme på slike risikofaktorar kan vere

  • høgt trykk frå luft eller hydrauliske anlegg

  • høge temperaturar på metallkomponentar, olje eller kjølevæske

  • slangar med høgt trykk som må demonterast eller som sprekk under arbeidet

  • søl frå olje eller kjemikal som kan komme i kontakt med hud, svelg eller auge

  • søl frå olje eller kjemikal som gjer golvet du jobbar på, glatt

  • søl frå olje eller kjemikal som kan påverke miljøet i form av lukt eller forureining i bakken

  • rørlege delar

  • store krefter

  • klemfare

  • brann og eksplosjon

Førebuing til vedlikehaldsarbeid

Før vedlikehaldsarbeidet blir sett i gang, er det viktig å både risikovurdere og planlegge jobben og dessutan ta førehandsreglar:

  • Finn fram nødvendig dokumentasjon for jobben du skal gjennomføre, som bruksrettleiingar og andre rettleiingar.

  • Skaff deg ei oversikt over farlege forhold og risikofaktorar, og skriv ein (SJA).

  • Steng ned maskina eller anlegget ved å kople utstyret frå det elektriske anlegget, og sikre det med barrikadar. Viss du ikkje er autorisert til å kople frå det elektriske anlegget, må du skaffe ein annan autorisert person til å gjere det, til dømes ein elektrikar.

  • Forsikre deg om at slangar, rør og trykksette komponentar er trykklause.

  • Ha utstyr for å samle opp eventuelt olje- eller kjemikalsøl.

  • Skaff eit arbeidsløyve frå den personen som administrerer maskina, slik at nedstenging av maskina ikkje påverkar anna drift unødig.

Verneutstyr ved vedlikehaldsarbeid

Ved vedlikehaldsarbeid er det òg viktig at du nyttar personleg verneutstyr ikkje berre i samsvar med den jobben du skal utføre, men òg i samsvar med det arealet eller verkstaden jobben blir utført i.

Sjølv om jobben du utfører, ikkje krev til dømes høyrselsvern, kan det hende at annan aktivitet i arealet rundt deg er av ein slik type at høyrselsvern er påkravd.

Døme på personleg verneutstyr

Som personleg verneutstyr reknar vi

  • hanskar

  • eigna arbeidsklede

  • vernesko

  • hjelm

  • briller

  • høyrselsvern

Reinhald, orden og inspeksjon

Før du startar vedlikehaldsarbeidet, er det viktig at du reingjer området der du skal jobbe, både med tanke på eiga sikkerheit og med tanke på risiko for at ureinskapar kan komme inn i maskina eller anlegget der du skal jobbe.

Når området du jobbar på, har god orden og eit godt reinhald, vil det vere enklare både å finne feil og å avdekke nye feil. Ein rein arbeidsplass fører òg til større effektivitet i ditt eige arbeid.

Ved å ha eit regelmessig reinhald blir ofte stopptid og kvalitetstap forhindra fordi maskina får lengre driftstid.

Ved å halde god orden rundt maskiner og anlegg reduserer du risikoen for ulykker. Det blir i tillegg enklare å finne nødvendig verktøy og utstyr, noko som gir større effektivitet. Ein rein og ryddig arbeidsplass gir òg betre arbeidsmiljø, og kunden opplever ofte at ein rein og ryddig verkstad er synonymt med god kvalitet.

Opplæring av maskinoperatøren

Bedrifta eller skulen har ansvar for at maskinoperatøren har fått opplæring i bruk av maskinene eller anlegget, og maskinoperatøren skal ikkje nytte maskina før slik opplæring er gitt. Operatøren må forhalde seg til brukarmanualar og interne arbeidsinstruksar både for å vareta eiga sikkerheit og for kvalitet og levetida til utstyret.

Viss ein operatør oppdagar manglar eller feil på noko av utstyret, maskinene eller anlegget under bruk eller ved periodisk vedlikehald, er det viktig at rett person i firmaet blir varsla om dette i samsvar med rutinane til bedrifta, og at vedlikehald blir sett i verk.

I mange tilfelle er det eigne vedlikehaldsmekanikarar som utfører vedlikehald av maskina. Desse har ikkje same opplæring, og dei er ofte avhengige av støtte frå maskinoperatøren når det gjeld funksjonstesting.

Bruk av løfteutstyr

Det er òg viktig at du har tilgang til tilpassa og godkjent løfteutstyr viss det arbeidet du skal gjennomføre, medfører tunge løft av ein slik grad at det kan vere helseskadeleg.

Hugs at betening av løfteutstyr kan krevje spesielle autorisasjonar og godkjenningar.

Skjema

Arbeidstilsynet har utvikla standardiserte skjema som kan nyttast for kartlegging, risikovurdering og handlingsplan for arbeid.

Under finn du døme på slike skjema.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Verktøy for planlegging

Her får du verktøy som kan hjelpe deg å planlegge eit arbeidsoppdrag.