Korrigerande vedlikehald
Førebyggande vedlikehald omfattar kontroll av maskiner, utstyr og komponentar, til dømes sjekking av kjølevæske, justering av verktøy, stramming av reimer og andre små tiltak som er nødvendige for at maskina skal fungere optimalt.
Korrigerande vedlikehald er reparasjonar eller utbetringar av ein identifisert feil, eller av ein feil som har forårsaka ei uventa hending. Slike feil eller manglar oppdagar vi ofte under førebyggande vedlikehald, men det hender også at maskinoperatøren observerer ein mangel eller fare. Vedlikehaldet blir då ein respons på eit meldt avvik. Derfor snakkar vi også om responsivt vedlikehald.
Korrigerande vedlikehald er mellom anna reparasjon eller utskifting av slitne eller defekte delar, og utskifting av forureina kjølevæske. Formålet er å minimere konsekvensane av feil og å eliminere feila før dei blir så omfattande at produksjonen må stansast.
Denne typen arbeidsoppgåver er ikkje planlagde og til vanleg ikkje risikovurderte på same måten som planlagde arbeidsoppgåver. Derfor er det viktig at det blir gjennomført ein SJA, og at jobben blir risikovurdert.
Feilsøking og diagnostisering
Vi gjennomfører korrigerande vedlikehald viss ein del eller komponent er unormalt sliten. Før vi begynner på reparasjonen, må vi kartlegge kva som er årsaka til den unormale slitasjen slik at vi kan unngå at den same feilen oppstår igjen.
Reparasjon eller utskifting
Når årsaka til feilen er fastslått, gjennomfører vi nødvendige tiltak for å løyse problemet. Vi kan kanskje reparere den eksisterande komponenten, eller vi må skifte han ut. Kanskje vi til og med må skifte ut heile eininga eller heile systemet.
Tids- og ressursbruk
Korrigerende vedlikehald kan krevje mykje tid og ressursar, spesielt når komplekse feil må identifiserast og rettast opp. Vedlikehaldsoppgåvene kan også føre til betydeleg nedetid for utstyr eller system og på denne måten påverke produksjon og drift. Sikkerheita til operatøren må likevel komme i første rekke, og på lengre sikt er det også til beste for økonomien til bedrifta at det blir sett av nok tid til å finne årsaka til unormal slitasje.
Kan vi unngå korrigerande vedlikehald?
Sjølv om korrigerande vedlikehald er ein viktig del av vedlikehaldsarbeidet, gjer vi vanlegvis det vi kan for å redusere behovet for korrigerande tiltak. Då er ein god plan for førebyggande vedlikehald til stor hjelp, for han gjer det lettare å oppdage og handtere problem før dei utviklar seg til større feil og forårsakar havari.