Vedlikehaldsarbeid
Vedlikehald av maskiner og utstyr er svært viktig for å oppnå lang levetid og god kvalitet på maskiner og det arbeidet dei skal utføre. Likevel har vedlikehald i mange bransjar og firma blitt forsømd, og mange har betrakta vedlikehald som ein unødvendig kostnad.
I seinare tid har det blitt større fokus på vedlikehald, då investering i maskiner har blitt svært kostbart, og bedriftseigarane ønsker å bruke utstyret så lenge som mogleg. Då er det viktig å halde maskinene ved like etter tilrådingane til fabrikantane, slik at utstyret får lengre levetid, og at investeringa dermed kan fordelast over fleire år.
Dårleg vedlikehald kan òg påverke nøyaktigheita til utstyret, noko som igjen medfører at dei varene og tenestene firmaet tilbyr, ikkje held tilfredsstillande kvalitet.
I tillegg kan dårleg vedlikehald påverke sikkerheita og dermed utsetje operatøren for ein unødvendig stor risiko.
Vi deler vedlikehaldsarbeid i fleire ulike underkategoriar.
Serviceplanen til ei maskin eller utstyr inneheld som regel informasjon om ulike typar vedlikehaldsarbeid som skal gjennomførast til ulike tidspunkt, anten ut frå kalender, temperatur eller driftstimar.
Inspeksjon
For å sikre at maskina eller utstyret fungerer som forventa, er det viktig å gjennomføre inspeksjon. Ved ein inspeksjon kan du eventuelt gjennomføre ein kontroll av sluttproduktet og sjå at det er i samsvar med dei dimensjonane og kvalitetane som er forventa. Du kan òg sjå på temperaturar, sjekke for lekkasjar, lytte etter unormale lydar eller kjenne etter vibrasjonar.
Inspeksjonen kan vere overflatisk ved å sjå, kjenne og høyre, eller du kan nytte avanserte verktøy som temperaturmålar eller vibrasjonsmålar eller endå meir avanserte verktøy som ultralyd og røntgen for å sjekke for eventuelle sprekkar eller materialtrøyttleik.
Funksjonskontroll
Ved ein funksjonskontroll gjennomfører du ein oppstart og ei standardisert oppgåve på ei maskin eller eit anlegg for å sjå at alle funksjonar fungerer tilfredsstillande og gir ønskt sluttresultat. Du sjekkar òg at det ikkje er unormale lydar eller avvik i temperaturar.
I tillegg er det viktig at du saman med ein maskinoperatør gjennomføre ein funksjonskontroll av maskina eller anlegget etter reparasjon eller justering, for å kvalitetssikre jobben som er utført.
Feilsøking
Feilsøking blir ofte gjennomført viss ei maskin ikkje fungerer som forventa, eller etter at ein feil har oppstått. Ofte er det maskinoperatøren som oppdagar dette og tek kontakt med ein mekanikar for feilsøking. Det er då viktig at mekanikaren har dialog med maskinoperatøren som kan feilsøke og eventuelt påvise kva som ikkje fungerer som forventa.
I mange tilfelle er det viktig at maskinoperatøren gjennomfører denne funksjonskontrollen saman med mekanikaren, ettersom mekanikaren ikkje kjenner til maskinene eller anlegget som skal feilsøkast.
Ved feilsøking er det viktig å ha tilgang til reparasjonslitteratur og koplingsskjema for kvar enkelt maskin. Det er òg viktig at feilsøkinga blir gjennomført systematisk. Start med å isolere problemet med enkel feilsøking, og arbeid deg vidare inn i meir kompleks feilsøking og avanserte system.
Justering
Under bruk vil maskiner av og til komme ut av stilling og ikkje fungere optimalt. Då er det behov for justering. Dette kan vere enkle jobbar som å justere eller stramme ein skrue, justere eit potensiometer eller justere straumstyrken.
Det kan òg vere justering og stramming av eit transportband, justere beinet til maskina slik at ho står i plan eller å justere plassering av sensorar.
Slike enkle reparasjonar og justeringar blir kalla korrigerande vedlikehald.
Korrigerande vedlikehald og reparasjon
Viss du ved inspeksjon eller feilsøking avdekker ein feil som medfører endringar i maskina eller anlegget, vil dette krevje ein reparasjon. Reparasjon er altså ein vedlikehaldsprosess for å korrigere ein feil.
Dette kan vere utskifting av komponentar, sveising eller større justeringsarbeid.
Når du har reparert maskina eller anlegget, har du gjort endringar som fører til at utstyret fungerer som forventa igjen og er sett tilbake til funksjonsdyktig tilstand ut frå talet på driftstimar.
Ein reparasjon treng ikkje å innebere utskifting til heilt nye komponentar, du kan òg byte ut komponentar med fungerande komponentar med tilsvarande driftstimar og status som resten av anlegget.
Det er viktig at aller reparasjonar blir loggførte i loggboka til utstyret, slik at bedrifta til kvar tid har ei oversikt over kva som er gjennomført.
Overhaling
Ved ei overhaling gjennomfører vi ein større reparasjon. I tillegg til å skifte ut defekte komponentar skiftar vi ut komponentar som har oppnådd forventa levetid ut frå driftstimar. Dette kan til dømes vere eit lager der produsenten har oppgitt ei forventa levetid på 3 000 timar, og ved overhaling etter 3 000 driftstimar blir dette lageret bytt sjølv om det ikkje har ulyd eller er defekt. Ved å skifte ut slike komponentar med nye kan du rekne med at maskina fungerer som forventa inntil neste overhaling.
Andre døme på slik overhaling kan vere reimar og oljar.
Det er viktig at du som mekanikar har god dialog med bedrifta ved gjennomføring av vedlikehald eller reparasjon av utstyret til bedrifta. Som oftast må ei maskin stoppast og bli teken ut av produksjon ved gjennomføring av slikt arbeid. Viss maskina er ein del av ei større produksjonslinje, vil det i mange tilfelle vere behov for å stenge ned heile produksjonslinja, noko som sjølvsagt kan få store konsekvensar for produksjonen.
Viss bedrifta til dømes har lovd å levere eit produkt til ein kunde på eit gitt tidspunkt, må du og bedrifta ha ein dialog for å finne eit tidspunkt som passar for å stenge ned. Du må gjere ei fagmessig vurdering om maskina kan fullføre den produksjonen som er under arbeid.
Har maskina stoppa eller havarert, er ikkje dette noko stort problem, for då er det viktigaste for kunden at maskina kjem i drift igjen.
Svar på spørsmåla i oppgåva ved å velje rett svaralternativ. Spørsmåla kan ha fleire rette svar.