Driftsstans og nedetid
Nedetid kallar vi den tida ei maskin ikkje er tilgjengeleg for produksjon i bedrifta. Då har bedrifta ikkje noka inntening fordi ho ikkje kan produsere varer. Derfor er det viktig at nedetida kan planleggast, og at ho blir så kort som mogleg. Når vi planlegg nedetid i samband med ordinært vedlikehald, må vi ta omsyn til den daglege drifta.
Ved driftsstans blir maskina eller anlegget sett ut av drift fordi det har oppstått ein kritisk feil. I slike tilfelle kan ikkje nedetida planleggast på same måten som under ordinært vedlikehald.
Av og til krev ein kritisk feil umiddelbar driftsstans. Andre gonger kan dagleg vedlikehald avdekke feil som på noko lengre sikt vil gi store reparasjonskostnader eller utgjere ein stor sikkerheitsrisiko.
Ved planlagd nedetid er det alltid viktig med ein god dialog mellom deg som mekanikar eller maskinoperatør og den ansvarlege i bedrifta, til dømes produksjonsleiaren. Saman kan de sikre at tida du må ta maskina eller anlegget ut av drift, er tilpassa behovet til bedrifta på best mogleg vis. Det er også formålstenleg med ein arbeidsavtale som skildrar kvar og når maskina eller anlegget er tilgjengeleg for vedlikehald, og kva arbeid som skal gjennomførast.
Å ta omsyn til behovet til bedrifta betyr ikkje at du er nøydd til å jobbe kveldar og netter mens bedrifta er stengd, men at bedrifta kan finne eit tidspunkt der maskina eller anlegget ikkje er kritisk for øvrig drift. Bedrifta kan til dømes køyre maskina litt ekstra dagen før for å kompensere for tapt produksjon i tidsrommet du jobbar på maskina.
Viss du skal arbeide på ei maskin eller eit anlegg som har fått driftsstans, må du halde bedrifta informert om skadeomfang og forventa utbetringstid. Det kan òg vere interessant for bedrifta å vite om maskina eller anlegget kan reparerast midlertidig, slik at vanleg reparasjon kan vente til eit tidspunkt der nedetida ikkje er kritisk.