Hopp til innhald

Fagstoff

Ringorm

Ringorm er ein soppinfeksjon i huda og kjem av ei gruppe av soppar som vi kallar dermatofyttar. Ringorm er ein zoonose som lett kan smitte mellom dyr og menneske. Han gir òg store økonomiske tap, og derfor er han klassifisert som ein liste 2-sjukdom som vi ønsker å utrydde.
Ku med sirkulære merke i huda. Foto.

Nokre faktum om ringorm

Ringormsoppane (dermatofyttane) er ei gruppe muggsoppar som finst i heile verda, og dei treng keratin for å vekse. Keratin er eit viktig protein som finst i hud, hår, negler, fjør, ull og pels.

Vi har fleire artar ringorm i Noreg, med ulike hovudvertar. Men fleire av artane kan smitte til fleire dyr, òg til menneske! Og alle har evne til å danne sporar som kan overleve lenge i miljøet. Unge og svake dyr er mest utsette for smitte, og i buskapar med mange dyr spreier smitten seg fort.

Ringorm hos storfe kjem av soppen Trichophyton verrucosum, denne soppen dannar sporar som kan overleve mange år i fjøsmiljøet.

Katt og marsvin kan vere friske smitteberarar av ringorm. Det betyr at dei kan ha ringormsporar i pelsen utan å ha synlege symptom.

Ringorm hos storfe og pelsdyr er ein liste 2-sjukdom, det vil seie at du straks skal gi beskjed til Mattilsynet viss du mistenker at eit eller fleire dyr er smitta. Hos andre dyr blir ringorm rekna som ein liste 3-sjukdom.

Symptom

Soppinfeksjonen lagar hårlause, ringforma flekkar i huda, med flass som inneheld soppsporar. Det er stor variasjon i kor godt det synest, og kor plagsamt det er for dyra. Hos enkelte dyr kan ringorm gi ein kraftig betennelsesreaksjon, mens du knapt merkar at andre dyr i flokken er smitta. Dyr som har svekt immunforsvar i utgangspunktet, vil ofte vere mest prega.

Når oppstår sjukdommen?

Soppen trivst der det er dårleg hygiene, varme og fukt. Eit slikt miljø vil òg vere stressande for dyra, og dei blir meir mottakelege for smitte. Soppen smittar ved direkte kontakt, men òg via klede, sko og innreiing i fjøset.

Førebygging

For å verne både deg sjølv og dyra dine mot ringorm er det nokre førebyggande tiltak du må kjenne til:

  • Sørg å få helseattest ved innkjøp av nye dyr, og pass på at du ikkje kjøper dyr frå ein buskap der det finst ringorm.

  • Unngå nærkontakt med andre dyr i flokken ved mistanke om smitte.

  • Alle som skal inn i besetninga, må bruke smitteslusa, skifte klede og sko og vere nøye med handvask og desinfeksjon.

  • Desinfeksjon av dyrebil og dyrebilsjåfør. Bruk utlastingsrom for å redusere smittefaren.

Behandling

Ved mistanke om infeksjon med ringorm må du tilkalle dyrlegen slik at hen får teke ei prøve av dyret og sendt ho inn til eit laboratorium. Det er viktig å vere nøye med prøvetakinga, for viss det ikkje blir gjort rett, kan resultatet av analysen bli feil.

  • Pass på at dyr som er smitta, ikkje har nærkontakt med andre dyr.

  • Start behandling med soppdrepande middel når smitte er stadfesta.

  • Vask og desinfiser grundig, dette er viktig fordi ringormsporar kan overleve lenge i fjøsmiljøet.

Ved utbrot hos storfe

Sidan ringorm hos storfe er klassifisert som ein liste 2-sjukdom, er det veldig strenge krav til tiltak. Du må følge dette opplegget som varer i eit til to år frå du oppdagar sjukdommen:

  • vaksinasjon av alle symptomfrie dyr i buskapen

  • vaksinasjon av alle kalvar fødde i buskapen straks etter fødsel, og alle nyinnkjøpte dyr. Vaksinasjon er tilrådd i tre til fem år.

  • behandling av smitta dyr med soppdrepande middel og isolering av smitta dyr frå friske (om mogleg)

  • vasking og desinfeksjon av husdyrrom og utstyr med soppdrepande middel (om dette let seg gjennomføre i praksis)

  • kalving i reingjort og desinfisert miljø

Kjelder

Veterinærinstituttet. (u.å.). Ringorm hos storfe. Henta 17. desember 2023 frå https://www.vetinst.no/sykdom-og-agens/ringorm-hos-storfe

Veterinærinstituttet. (u.å.). Ringorm. Henta 3. januar 2024 frå https://www.vetinst.no/sykdom-og-agens/ringorm

Animalia. (2023, 10. november). Utbrudd av ringorm i Trøndelag. https://www.animalia.no/no/animalia/aktuelt/utbrudd-av-ringorm-i-trondelag/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2024

Læringsressursar

Vanlege husdyrsjukdommar