Mangelsjukdommar
Mineral er livsviktige for at kroppen skal fungere, derfor blir det tilsett mineral i kraftfôret. Behovet for ulike mineral er ikkje det same hos alle dyra, så innhaldet varierer mykje i dei ulike kraftfôrblandingane.
Viss dyra dine ikkje får kraftfôr, er det viktig å gi dei mineraltilskot. Men hugs at det er viktig å velje eit tilskot som er tilpassa akkurat dei dyra du skal fôre. Nokre av minerala kan nemleg føre til forgifting viss dyra får for mykje av dei!
Mineral | Viktig for | Mangelsjukdom som kan oppstå | Symptom |
---|---|---|---|
Jern (Fe) | Evna blodet har til å frakte oksygen. | Anemi. | Slapp og bleik i huda (grisunge). |
Kalsium (Ca) | Beinstruktur. | Hypokalsemi = mjølkefeber (kalvingslamming). | Lammingar. Dyr kan døy utan intravenøs behandling. |
Magnesium (Mg) | Beinstruktur. Viktig for mange enzym. | Hypomagnesemi = graskrampe. | Krampar. Dyr kan døy utan intravenøs behandling. |
Kobolt (Co) | Er ein viktig del av vitamin B12. | Anemi hos drøvtyggarar. | Redusert tilvekst. |
Selen (Se) | Antioksidant, verkar saman med vitamin E. Inngår i eit viktig enzym. | Stivsjuke hos lam (muskeldegenerasjon). Muskelsvinn og akutt hjartedød hos gris. Dødfødslar kan skje. | Vantrivsel, vekttap. Stiv gonge, problem med å reise seg (lam). |
Dei fleste vitamina kan produserast av mikroorganismane som lever i fôrmagane hos drøvtyggarar, med unntak av dei feittløyselege vitamina A og D. Likevel kan det av og til bli for lite av enkelte vitamin hos drøvtyggarar som får lite kraftfôr, fordi det er nokre av vitamina som ikkje kan lagast viss det er for lite mineral tilgjengeleg for mikroorganismane.
Gris og fjørfe får som regel dekt vitaminbehovet gjennom kraftfôret dei et.
Vitamin | Finst i | Viktig for | Mangelsjukdom som kan oppstå | Symptom |
---|---|---|---|---|
A | Feitt, og karoten i grøne vekstar som blir omdanna til vitamin A i kroppen. | Syn. Immunitet. Fruktbarheit. | Nattblindheit. | Dårleg nattsyn. Redusert tilvekst. |
B12 | Mjølk, kjøtt, fiskemjøl, gjær. Kobolt er ein viktig del av B12. | Omsetjing av protein. Tilvekst. | Anemi. | Redusert tilvekst. Slappheit. |
D | Blir danna både i plantene og i kroppen til dyra når dei blir utsette for sollys. Ferskt gras og grovfôr er gode kjelder. Fiskeolje (tran) inneheld òg mykje. | Beinstruktur. Eggeskal. | Rakitt. | Dårleg beinstyrke. Tynt eggeskal. |
E | Kveite, mais, mjølk og nokre grønsaker. | Antioksidant som hindrar nedbryting av umetta feitt i celle-membranen. | Muskelsvinn hos gris og drøvtyggarar. Akutt hjartedød hos gris. Hjerneskadar hos kylling. | Vantrivsel, vekttap. Stiv gonge, problem med å reise seg (lam). |
Vel rett alternativ til spørsmåla om mangelsjukdommar.