Hopp til innhald
Fagartikkel

Mineral

Mineral er stoff kroppen treng i små mengder. Dei er viktige byggesteinar og hjelpestoff som dyra må få gjennom fôret.

Mineral – byggesteinar og hjelpestoff i små mengder

Minerala er nødvendige for mange prosessar i kroppen vår. I motsetning til vitamina er fleire mineral viktige byggesteinar i kroppen. Særleg skjelettet er avhengig av mineraltilførsel. Mineral er òg viktige for at nervesystemet og musklane skal fungere normalt.

Trass i at dei ulike uorganiske minerala til saman berre utgjer ein liten del av kroppsvekta, er dei svært viktige.

Vi deler minerala inn i to hovudgrupper:

  • mineralstoff
  • sporstoff

Forelesing om mineral og sporstoff (3:10)

Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

Mineralstoff (makromineral)

Mineralstoff treng dyra våre relativt mykje av. Dei fungerer som byggesteinar i kroppen. Nokre viktige mineralstoff er fosfor, kalsium, magnesium og natrium.

Fosfor

Mesteparten av fosforet i kroppen finn vi som kalsiumfosfat i skjelettet og tennene. Omsetninga av fosfor og kalsium heng tett saman.

Kalsium

Kalsiumion er heilt nødvendige for oppbygginga av skjelettet og tennene, for at musklane skal kunne trekke seg saman, for overføring av impulsar i nervane og for at blodet skal koagulere.

Kalsiumion er det mineralstoffet vi har mest av i kroppen. Mjølk og ost er svært rike kjelder for kalsiumion. Vi treng vitamin D for å ta opp kalsiumion frå maten.

Hypokalsemi – mjølkefeber

Hypokalsemi er det vitskaplege namnet på mjølkefeber. Mjølkefeber oppstår oftast rett etter kalving hos mjølkekyr og kjem av lågt kalsiumnivå i blodet. Søyer kan få mjølkefeber i slutten av drektigheita, altså før lamming.

Magnesium

Magnesiumion verkar saman med mange enzym og arbeider med omsetninga av energi i kroppen og i produksjonen av protein og arvestoff. Høge verdiar av kalium i jorda hemmar opptak av magnesium i plantene, og dette kan igjen føre til lågt innhald av magnesium i grovfôret.

Tenk gjennom!

Graskrampe oppstår når magnesiuminnhaldet i blodet blir for lågt. Det vitskaplege namnet på graskrampe er hypomagnesemi. Kva trur du "hypo" tyder?

Natrium

Natriumion trengst for å halde oppe ein normal trykkforskjell mellom innsida og utsida av celleveggane, og dei er derfor nødvendig for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene. Dei er òg nødvendige for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt, og for å regulere pH-balansen.

Kalium

98 prosent av det totale innhaldet av kaliumion i kroppen finn vi i cellene. Kaliumion regulerer saltbalansen og er til liks med natriumion med på å regulere trykkforskjellen mellom innsida og utsida av celleveggane.

Kalium og natrium må vere til stades for at nerveimpulsar skal kunne forplante seg langs nervetrådane. Særleg mykje kaliumion er det i bananar, grønsaker og poteter.

Sporstoff (mikromineral)

Sporstoff er mineral som vi treng veldig små mengder av, men fleire av sporstoffa er livsnødvendige. Det vil seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død. Det er vanleg å dele inn sporstoffa i to grupper: dei livsnødvendige, som jern, jod og sink, og dei giftige, som bly og kadmium.

Jern

Jernion er heilt nødvendige fordi dei både fraktar oksygen til cellene og inngår i enkelte enzym som trengst i energiomsetninga. Dei viktigaste kjeldene til jern er grovbrød og andre grove kornprodukt, kjøtt, leverpostei og grøne bladgrønsaker. Vitamin C aukar jernopptaket frå maten.

Jod

Jodion er viktige for å halde oppe eit normalt stoffskifte sidan dei er med i utviklinga av hormonet tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Tyroksin er eit hormon som er med på å regulere energiomsetninga i kroppen. Saltvassfisk er ei god kjelde til jod.

Sink

Sinkion hjelper til med å transportere karbondioksid frå cellene til lungene, og dei er med i omsetninga av fleirumetta feittsyrer. Sinkiona er viktige for immunsystemet, inngår i insulin, aktiverer enkelte enzym, og dei får sår til å gro.

Mineral og sporstoff som produksjonsdyra treng

Dei ulike stoffa verkar på same måte i dyrekroppen som hos menneske, men behovet for dei ulike stoffa er ikkje likt. Mange av produksjonsdyra er store, og dei skal produsere mjølk, kjøtt, ull eller egg. For å sikre at dyra får dei minerala dei treng for å vekse og fungere normalt, blir det tilsett mineral i kraftfôret. Dyr som ikkje får kraftfôr, treng tilgang til mineraltilskot. Purkemjølk inneheld svært lite jern, derfor er det vanleg å gi jerntilskot til smågris i løpet av første leveveke.

Makromineral som dyra må få gjennom fôret

Mineral

Funksjon

Kalsium (Ca)Skjelett, eggeskal, blod, nerveimpulsar
Fosfor (P)Skjelett, arvestoff, omsetning av energi
Magnesium(Mg) Del av mange enzym
Natrium (Na)Osmotisk trykk, transport
Klor (Cl)Osmotisk trykk, transport, fordøying
Kalium (K)Osmotisk trykk, nervefunksjon, omsetning av karbohydrat
Svovel (S)Del av protein: biotin, tiamin og insulin. Pels og fjør
Mikromineral (sporstoff) som dyra må få gjennom fôret

Sporstoff

Funksjon

Jern (Fe)Fraktar oksygen, inngår i hemoglobin
Mangan (Mn)Aktiverer enzym
Sink (Zn)Danning av insulin
Koppar (Cu)Danning av hemoglobin
Jod (I)Nødvendig del av hormonet tyroksin
Selen (Se)Antioksidant, verkar saman med vitamin E. Del av viktig enzym
Kobolt (Co)Nødvendig del av vitamin B12
Molybden (Mo)Del av enzym

Giftige sporstoff

Ørsmå mengder av ei lang rekke giftstoff finst i kroppen hos alle menneske. Desse stoffa har til vanleg ingen innverknad på helsetilstanden vår. Ved aukande konsentrasjonar kan dei derimot påverke kroppsfunksjonane nokså mykje. Kadmium og bly er dei viktigaste sporstoffa som er giftige.

Oppgåve

Kjelder

Brodshaug, E. & Wist, A. K. (2017). Melkefeber. Buskap. https://www.buskap.no/journal/2017/8/m-947/Melkefeber#:~:text=Forbig%C3%A5ende%20lavt%20kalsiumniv%C3%A5%20(hypokalsemi)%20i,av%20kalsium%20skjer%20ved%20kalving.

Gjefsen, T. (2016). Fôringslære. Fagbokforlaget.

Hennum, K. O. (2022). Brå død hos ku. Buskap. https://www.buskap.no/journal/2021/2/m-6247/Br%C3%A5_d%C3%B8d_hos_ku

Lande, B. & Svihus, B. (2022, 29. april). Mineraler og sporstoffer. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/mineraler_og_sporstoffer

Relatert innhald

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Bjørg E. B. Aurebekk, Øyvind Bønes og Ingrid Ellen Resell. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023