Hopp til innhald

Fagstoff

Karbohydrat

Karbohydrat er ei hovudgruppe næringsstoff som gir mykje energi. Det er mykje karbohydrat i matvarer frå planteriket. Alle karbohydrata er opphavleg danna frå druesukker, som igjen er danna i plantene gjennom fotosyntesen.

Karbohydrat gir energi

Karbohydrata er den viktigaste kjelda vår til energi. Vi får karbohydrat frå plantekost som pasta, poteter, sukker og brød.

Vi deler karbohydrata inn i tre grupper:

  1. monosakkarid
  2. disakkarid
  3. polysakkarid
Flytdiagram over ulike typer karbohydrater: monosakkarid (druer), disakkarid (sukker) og polysakkarid (brød). Illustrasjon.

Monosakkarida – dei enklaste karbohydrata

Glukose (druesukker)

Plantene lagar glukose av vatn og karbondioksid i fotosyntesen med energi frå sola. Plantene omdannan seinare glukosen til andre byggestoff. Glukose finst i honning, søte bær og frukter.

Fruktose (fruktsukker)

Eit anna vanleg monosakkarid, fruktose, dannar ein femring. Fruktose gjer at honning, frukt og bær smaker søtt.

Galaktose

Galaktose er eit monosakkarid som inngår som ein del av laktose (mjølkesukker), og som derfor finst i produkt laga av mjølk. Galaktose dannar òg ein seksring.

Disakkarid – to monosakkarid bundne saman

Sukrose (vanleg sukker)

Sukrose blir framstilt frå sukkerroer eller sukkerrøyr. Det raffinerte sukkeret vi kjøper, er reinsa gjennom ulike prosessar. Sukrose er samansett av glukose og fruktose.

Laktose (mjølkesukker)

Laktose finn vi i mjølk og mjølkeprodukt. Laktose er samansett av monosakkaridene glukose og galaktose. Enzymet laktase gjer at laktose blir spalta i tynntarmen.

Alle menneske har laktase når dei er spedbarn. Dei som har forfedrar frå Nord-Europa, har laktase òg i vaksen alder. Dei fleste andre mister dette enzymet heilt eller delvis i tre–fireårsalderen, når vi vanlegvis ikkje lenger treng å drikke morsmjølk.

Maltose (maltsukker)

Maltose blir danna i spirande korn (når stivelsen blir broten ned). Det blir brukt i ølbrygging og finst derfor i øl og maltekstrakt. Maltose er samansett av to glukosemolekyl.

Polysakkarid – kjeder med monosakkarid

Bilete og strukturar av ulike polysakkarid. Illustrasjon.

Stivelse, glykogen og cellulose er døme på polysakkarid. Alle er lange kjeder av monosakkaridet glukose (poly betyr «fleire»), men dei er bundne saman på ulike måtar. Dette gir molekyla ulik form, noko som har mykje å seie for kva eigenskapar og funksjonar dei har.

Stivelse – karbohydratlageret til plantene

Nærbilete av ein haug potetar med brunrosa skal. Foto.

Stivelse er først og fremst den viktigaste til plantene og består av 100–1000 glukosemolekyl. Dei finst i store mengder i røter, knollar og frø. Korn og kornprodukt, poteter og grønsaker er dei viktigaste kjeldene våre til stivelse. Stivelse er nesten uløyseleg i kaldt vatn. I varmt vatn svell stivekorna og syg til seg store mengder væske. Det gjer dei lettare å fordøye og lar vassløysinga tjukne.

Mikroskopbilete av jodfarga stivelseskorn. Foto.

I spyttet i munnen og i bukspytt finst enzymet amylase. Det spaltar stivelsen til disakkaridet maltose. Vi kan påvise stivelse ved at han blir blåfarga av jodløysning.

Glykogen – karbohydratlageret til dyra

Glykogen er eit polysakkarid som berre finst i animalsk vev, i lever og musklar. Molekylet liknar på stive, men er sterkare forgrenet og inneheld fleire glukoseeiningar (33 000–60 000).

Glykogen er dyra sitt svar på stivelsen hos plantene. Karbohydrat dyra ikkje forbrenner med ein gong, blir lagra som glykogen. Kroppen hentar næring frå desse lagera når det går ei stund mellom måltida.

Cellulose – ugreina kjeder av glukose

Cellulosemolekyla er lange, ugreina kjeder av glukose. Buntar av molekyl blir bundne saman til cellulosefibrar med hydrogenbindingar. Cellulosefibrane er stive og utgjer den viktigaste delen av celleveggen i plantecellene.

Flytdiagram med oversikt over karbohydrater. Illustrasjon.


Cellulosen skil seg frå dei andre polysakkarida ved at fordøyingskanalen til menneska ikkje kan bryte bindingane mellom glukosemolekyla og utnytte energien. Cellulosefibrane passerer derfor ufordøydde gjennom tarmen. Vi bør likevel ete kost som inneheld ein del cellulosefibrar, fordi fibrane stimulerer og reinsar tarmane. Det førebygger ein del sjukdommar. Cellulosefibrar blir derfor kalla kostfibrar.

Kyr som et grovfôr i fjøset. Foto.

I formagane hos drøvtyggarar lever det mikroorganismar som kan spalte cellulosen til monosakkarid. Dyret kan så ta opp desse monosakkarida i blodet. Sjølv om grisen er eit einmaga dyr, og dermed ikke kan spalte cellulose, er det viktig at drektige purker får grovfôr for å fylle opp magen og tarmane.



Oppsummeringsoppgåver om karbohydrat

CC BY-NC-SASkrive av Bjørg E. B. Aurebekk, Thomas Bedin og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023

Læringsressursar

Næringsstoff