Hopp til innhald
Fagartikkel

Feitt

Dyra nyttar først og fremst feitt som energikjelde, men feitt er òg ein viktig byggestein i kjønnshormon, og feitt inngår i cellemembranane. I tillegg verkar feitt som varmeisolator og støytdempar.

Forelesing om feitt (4:06)

Video: Amendor / CC BY-SA 4.0

Feitt til energi og isolasjon

Den energien cellene ikkje nyttar, lagrar dei som mellom anna feitt. I tillegg verkar feitt isolerande. Feittstoff er òg byggesteinar i hormon og ein viktig innhaldsdel i cellemembranen. Feitt høyrer til ei gruppe stoff som blir kalla lipid. Andre stoff i denne gruppa er voks, oljar, steroid og fosfolipid.

Feitt er bygd opp av glyserol og tre feittsyrer

Det meste av feittet finst i form av såkalla triglyserid – stoff der alkoholen glyserol og tre feittsyrer er bundne saman. Vanlegvis er det ulike feittsyrer i eitt feittmolekyl. Sidan mykje feitt er sett saman av lange karbonkjeder, er feitt lite løyseleg i vatn. Feitt er upolart, mens vatn er polart.

Inndeling av feitt

Vi kan dele feitt inn i to hovudgrupper:

  • metta feitt
  • umetta feitt

Metta feitt i landdyr

Feittsyrer med berre enkeltbindingar mellom karbonatoma er metta feittsyrer. Dei inngår i metta feitt. Vi finn metta feitt i kjøtt og kjøttprodukt. I planteriket er det mykje metta feitt i kokosnøtter og avokado. Produkt som inneheld mykje metta feitt, er gjerne faste ved romtemperatur.

Umetta feittsyrer – feitt frå planter og fisk

Feittsyrer med éi eller fleire dobbeltbindingar i kjedene er umetta feittsyrer. Dei inngår i umetta og fleirumetta feitt.

I planter finn vi umetta feitt som opplagsnæring i frø og frukter. Plantefeittet som inneheld mest umetta feitt, blir gjerne vunne ut til matoljar som soyaolje, maisolje og olivenolje. I tillegg inneheld fisk mykje fleirumetta feitt.

Fleire av dei umetta feittsyrene er essensielle (livsnødvendige) feittsyrer. Det er feittsyrer som kroppen ikkje sjølv kan lage, og som vi derfor må få tilført gjennom mat. Omega-3 og omega-6 er grupper med fleirumetta feittsyrer som vernar mot hjarte- og karsjukdommar ved å motverke blodpropp. Dei finst i feit fisk som makrell, sild, laks og aure, og i planteoljar som raps og soya.

Essensielle feittsyrer til produksjonsdyr

Feitt er ei viktig energikjelde for mange husdyr. Spesielt rovdyr er avhengige av forholdsvis mykje feitt i fôrrasjonen. Drøvtyggarar og andre planteetarar treng ikkje mykje feitt. For mykje feitt i fôret til drøvtyggarar er uheldig for vommikrobane og hemmar vomgjæringa. Altetarar, som gris og fjørfe, treng heller ikkje feitt, men de toler det godt.

Visste du at ...

  • umetta feitt blir omdanna til metta feitt av mikroorganismane i vomma?

  • dei flyktige feittsyrene eddiksyre, propionsyre og smørsyre er avfallsstoff for mikrobane, men viktige energikjelder for drøvtyggaren?

Oppgåve

Kjelder

Clark, M. A., Douglas, M., & Choi, J. (2018, 28. mars). Lipids. Openstax. https://openstax.org/books/biology-2e/pages/3-3-lipids

Gjefsen, T. (2016). Fôringslære. Fagbokforlaget.

Relatert innhald


CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Øyvind Bønes, Thomas Bedin, Bjørg E. B. Aurebekk og Ingrid Ellen Resell. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023