Hopp til innhald

Fagstoff

Forgiftingar

På eit gardsbruk kan det finnast mange skadelege stoff som vi må verne oss sjøl og dyra våre mot. Det er viktig at vi kan noko om gassar som blir danna under arbeid med fôr og gjødsel, giftige planter og andre giftstoff som finst i miljøet, for å kunne ta trygge og riktige val i arbeidet vi gjer.
Påfylling av husdyrgjødsel på gjødselvogn. Foto.

Gassforgifting

Naturlege prosessar som går føre seg i og rundt dyra, fører til at det blir danna mange ulike gassar. Nokre av gassane er ufarlege, i alle fall i små mengder, men til og med gassar som i utgangspunktet er ufarlege, kan vere livsfarlege i store konsentrasjonar!

Det finst til dømes mange døme på at både dyr og menneske har mista livet på grunn av gassforgifting. Farlege gassar blir danna både under produksjon av surfôr og ved gjødselhandtering.

Nokregassar og verknaden av dei

Namn

Kvar finst gassen?

Verknad

Karbondioksid (CO2)

Oppstår ved anding. Når du legg gras i ein tårnsilo, vil graset halde fram med å puste og dermed produsere CO2 .

Store konsentrasjonar medfører kveling.

Hydrogensulfid (H2S)

Oppstår ved omrøring i gjødsel. Gassen er tyngre enn luft og vil legge seg nede ved golvet.

Svært giftig! Gjødselgassforgifting gjer at du svimar av raskt. Redningspersonell må ha rett utstyr før dei kan hente ut folk og dyr.

Ammoniakk (NH3)

Blir brukt til luting av halm. Finst òg i gjødsel og i vomma hos drøvtyggarar.

Feil bruk av ammoniakk til fôrkonservering kan gi fôr som inneheld giftstoff.

Mineral og kjemiske sambindingar

Nokre av desse stoffa er livsviktige for dyra i små mengder, fordi dei inngår i nokre av dei viktige prosessane i kroppen.

Til dømes inngår selen (Se) i eit enzym som er nødvendig for normal omsetning av oksygen i cellene, i tillegg er selen ein viktig antioksidant. Samtidig kan dyra bli sjuke og i verste fall døy viss dei får i seg for store dosar av stoffet.

Nokre mineral og kjemiske sambindingar som kan gi forgiftingar

Namn

Kvar finst mineralet/sambindinga?

Verknad

Bly

(Pb)

Gamle batteri i beiteområde.

Dyra blir sløve, og dei kan døy ganske fort. Kan behandlast med motgift viss det blir oppdaga i tide.

Kopar

(Cu)

I korn og kraftfôr og i gras. Det er lite kopar i gras langs kysten. I indre strøk finn vi meir kopar i graset.

Rammar sau.

Dyra sluttar å ete, og slimhinnene blir bleike.

Urinen blir brun.

Dyr som blir ramma, døyr ofte etter eit par dagar.

Selen

(Se)

Tilsetjing i fôret. Lite selen i jordsmonnet.

Dårleg appetitt, problem med å gå.

Akutt forgifting ved større mengder: unormale rørsler, problem med pusten, dødsfall.

Vegsalt

(CaCl2, MgCl2, NaCl)

Blir brukt for å binde støv på hovudvegar om sommaren (CaCl2 og MgCl2).

Om vinteren blir brukt NaCl, som ikkje er farleg for dyra.

Sau er mest utsett.

CaCl2 er etsande og gir sår i munn og svelg.

MgCl2 kan gi diaré og nevrologiske problem i store dosar.

Nitratforgifting

Nitrat er òg eit kjemisk stoff, men det er ikkje giftig i seg sjølv. Det er berre drøvtyggarar som kan bli forgifta av nitrat, fordi mikroorganismane i vomma gjer om nitrat (NO3) til nitritt (NO2).

Dette skjer viss dei et for mykje fôr som inneheld store mengder nitrat. Nitritt gjer at blodfargestoffet hemoglobin blir forandra til eit stoff som ikkje kan frakte oksygen (methemoglobin), og dyra blir kvelte innanfrå.

Kvar er det mykje nitrat?

Det er mykje nitrat i grønfôrvekstar og hardt gjødsla gras, spesielt raps og raigras. Det er òg mykje nitrat i kunstgjødsel, så pass på at dyra ikkje har tilgang til opne gjødselsekkar eller haugar med kunstgjødsel.

Førebygging og behandling

Sørg at det ikkje blir ein plutseleg overgang til fôr med mykje nitrat, og avgrens mengda du gir til dyra når du skal over til meir nitrathaldig fôr. Viss forgiftinga ikkje er for alvorleg, kan dyra reddast av veterinæren.

Giftige planter og sopp

Som regel vil dyra unngå å ete planter og sopp som dei ikkje toler, fordi giftige planter ofte har ein bitter smak som dyra ikkje liker. Av og til hender det likevel at det oppstår forgiftingar fordi dyra har fått i seg giftige plantedelar eller sopp.

Viss det blir for lite beitegras på grunn av tørke, eller det er andre grunnar til at dyra ikkje finn nok fôr, kan dei bli freista til å forsyne seg av planter dei normalt ikkje vil finne på å ete av.

Nokre giftige planter og sopp

Namn

Kvar finst planta?

Kva giftstoff?

Verknad

Rome

Blomsterstand med ein klase av fleire gule blomstrar. Foto.
I myr og på fjell, trivst i surt miljø.Saponinar.

Sau mest utsett (sjukdommen alveld).

Toler ikkje lys.

Leverskade.

Landøyda

Blomsterstand med samling av mange små, gule, prestekrageliknande blomstrar. Foto.
På Sørlandet og i Rogaland, spreier seg raskt.Giftige alkaloid og eteriske oljar.

Storfe og hest (sjukdommen sirasjuka).

Leverskade.

Oftast dødeleg.

Sau og geit toler ho.

Tyrihjelm

Planter med grøne blad og lilla blomstrar som er samla i toppen av lang stengel, står tett saman. Foto.
Er vanleg over nesten heile landet.Alkaloid. Dyra unngår han som regel, men kalvar og kviger kan bli freista viss det er lite anna å beite på.Skjelving, ustø gonge, tung pust, svak hjarteaktivitet og koma. Dyra døyr etter få timar.

Engsoleie

Nærbilete av gul blomster med fem kronblad og mange pollenberarar. Foto.
I heile landet.Protoanemonin. Dyra unngår som regel friske planter, men kan bli freista viss det er lite anna å beite på.

Giftstoffet i plantene verkar etsande på hud og slimhinner.

Men gifta forsvinn ved slått og tørking.

Muggsopp

Lange "stilker" med hovud. Foto.
I heile landet.Mykotoksin finst i dårleg tørka korn og mugg på silo.

Luftvegsinfeksjonar.

Kasting.

Allergi.

Oppgåver

Påstandar

Vel rett påstand, og lag eit samandrag av sida.

Giftige vekstar

Kjenner du igjen dei giftige vekstane? Lag par av bilete og namn.

Kjelder

Animalia. (2017, 6. mars). Veisaltforgiftning. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/forgiftninger/veisaltforgiftning/

Animalia. (2017, 14. september). Blyforgiftning. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/forgiftninger/blyforgiftning/

Animalia. (2019, 12. september). Nitratforgifting. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/forgiftninger/nitratforgiftning/

Animalia. (2022, 19. september). Kobberforgiftning. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/forgiftninger/kobberforgiftning/

Bernhoft, A. (2018). Flere husdyr forgiftet av planter enn vanlig. Veterinærinstituttet. https://www.vetinst.no/nyheter/flere-husdyr-forgiftet-av-planter-enn-vanlig

Grøtta, M. (2020, 18. mars). Næringsstoffet selen. https://www.agropub.no/fagartikler/naeringsstoffet-selen

Vatn, S., Hektoen, L. & Nafstad, O. (2008). Helse og velferd hos sau. Tun Forlag AS.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2024

Læringsressursar

Vanlege husdyrsjukdommar