Hopp til innhald

Fagstoff

Parasittar (snyltarar)

Parasittar er organismar som lever utanpå eller inni ein levande vert og utnyttar denne verten for å utføre livsfunksjonane sine. Det finst veldig små artar som du berre kan sjå i mikroskop, og nokon større som du ser utan hjelpemiddel.

Livssyklus hos parasittar

Sidan parasittar finst i alle miljø, må du vite kva parasittar som finst der du har dyra dine, sånn at du kan gjere tiltak for å verne dyra best mogleg.

Nokre parasittar har ein livssyklus som berre krev éin vertsorganisme, men mange parasittar treng òg ein mellomvert for å kunne formeire seg.

Syklus som viser korleis eit hundedyr får i seg bendelorm når han et innmat. Bendelormen utviklar seg i tarmen til hunden og legg egg som kjem ut med avføringa. Hjortedyr får i seg eggane når dei beiter, og eggane utviklar seg i lunger og lever. Illustrason.

Ein parasitt livnærer seg av vertsdyret sitt, og mange parasittar kan leve lenge i eller på eit dyr utan at du ser nokre teikn til sjukdom eller skade. Det er vanleg å dele parasittane i to grupper: innvendige og utvendige.

Innvendige parasittar (endoparasittar)

Som namnet seier, er dette parasittar som lever inne i dyra. Dei kan komme inn i dyra ved at dyra et forureina fôr, eller ved at dei drikk vatn frå ei kjelde der parasittane finst. Dei kan òg overførast til husdyra via mellomvertar som mygg og flått.

Nokre vanlege endoparasitter

Namn

Kjenneteikn

Vertsdyr

Mellomvert

Bendelorm/Ekinokokkose

(Echinococcus)

Lang orm med leddelt kropp og hovud med små piggar. Illustrasjon.

Lever i tarmen hos vertsdyra.

Utviklar parasittblærer i indre organ (lunger, lever).

Som regel ingen ytre sjukdomsteikn.

Hund, rev, ulv.

Parasitten har ulike artar tilpassa hovudvertsdyret.

Pattedyr som får i seg egg frå avføringa til vertsdyra.

Den store leverikten

(Fasciola hepatica)

Lansettforma organisme med forgreina årer innvendig. Illustrasjon.

Avhengig av mellomvert og fuktig miljø.

Unge iktar borar seg gjennom tarmveggen og vandrar til levra.

Drøvtyggarar.Lungesniglar.

Den vesle leverikten

(Dicrocoelium dendriticum)

Treng to mellomvertar.

Drøvtyggarar og kameldyr (lama og alpakka).

Storfe, rein og sau toler han betre enn lama og alpakka.

Sniglar og maur.

Koksidiar

(Eimeria)

Rund form med to mindre runde former inni. Illustrasjon.

Eincella sporedyr som gir kraftig diaré.

Kan vere dødeleg for unge dyr utan behandling.

Pattedyr og fuglar, rammar helst unge dyr.

Ingen mellomvert.

Sjodogg/anaplasmose

(Anaplasma phagocytophilum)

Feber.

Nedsett appetitt.

Lam er mest utsett, men kan òg ramme storfe, geit, hest, hund, hjortedyr og menneske.

Flått er berar av bakterien.

Toksoplasmose

(Toxoplasma gondii)

Sirkelforma organisme med fleire sirklar av ulike storleik og farge på innsida. Illustrasjon

Fosterdød og kasting (abort).

Skade på foster eller abort kan òg skje viss ei kvinne blir smitta for første gong under graviditeten.

Katt og gaupe er friske smitteberarar, og den eincella parasitten har kjønna formeiring i tarmen deira.

Kattane skil ut sporar gjennom avføringa.

Pattedyr, vanlegast hos sau i Noreg.

Livssyklus til stor leverikte. Sau et gras med iktelarvar. Larvane utviklar seg til vaksne individ og produserer egg mens dei lever i levra til sauen. Egg kjem ut i avføringa til sauen. Iktelarvar utviklar seg i eggane og går over i sniglar, der dei utviklar seg vidare. Larvane skilje ut av snigla og festar seg på gras som blir ete av sau. Illustrasjon.

Utvendige parasittar (ektoparasittar)

Desse parasittane lever i dei ytre hudlaga eller i pels og hår. Vi kan òg finne dei i øyre, nasegonger og auge. Smitte kan skje ved direkte kontakt med dyr som har parasitten, men òg via innreiing, utstyr og klede.

Nokre vanlege ektoparasittar

Namn

Kjenneteikn

Vertsdyr

Mellomvert

Skabb

(Sarcoptes scabiei)

Oval organisme med kort bein, utvekstar i form av hår og piggar og spisse munndelar. Illustrasjon.

Lever på og under huda. Skabbmidden grev seg ned i hudoverflata for å legge egg.

Gir intens kløe!

Gris.

Det finst òg ein artsvariant av skabbmidd som har menneske som hovudvert.

Røktar og innreiing kan overføre smitte mellom dyra.

Saueskabb

(Psoroptes ovis)

Lever i hudoverflata og gir sår og skorpedanningar.

Intens kløe!

Kan bli betent.

Sau, men kan òg finnast hos storfe, hest, kanin og kamelidar.Geiter, lama og alpakka kan vere smitteberarar.

Flått

(Ixodes ricinus)

Edderkoppdyr med åtte leddelte bein og dropeforma kropp. Illustrasjon.

Blodsugande midd som er mellomvert for ulike mikroorganismar.

Irritasjon og kløe på bitstaden.

Pattedyr, fuglar og reptil.Sit i toppen av gras og buskar og ventar på vertsdyr som passerer.

Flugelarver

(myiasis)

Avlang og kvit mark med antyding til leddelt kropp. To små følehorn i den eine enden. To korte halar i bakenden. Illustrasjon.
Fluger legg egg på fuktig, skadd eller skiten hud, og larvene kan ete seg innover i musklane.

Sau mest utsett, spesielt når ulla er fuktig og skiten.

Klipping av ulla på bakparten kan vere aktuelt før beiteslipp.

Ingen mellomvert, flugene legg egg direkte på dyra.

Oppgåve

Endo- eller ektoparasittar?

Er parasittane endo- eller ektoparasittar? Flytt dei til rett kategori.

Kva heiter parasittane?

Vend korta og finn par av bilete og namn på parasittar.

Kjelder

Animalia (2017, 14. september). Sjodogg. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/spesifikke-infeksjoner/sjodogg/

Animalia (2017, 8. desember). Toksoplasmose. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/reproduksjon---soye/toksoplasmose/

Animalia. (2021, 6. mars). Koksidier. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/fordoyelseskanalen/koksidier/

Animalia. (2021, 8. juli). Leverikter. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/lever/leverikter/

Animalia (2021, 8. juli). Fluelarveangrep. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/hud-og-ull/fluelarver-myiasis/

Animalia (2022, 9. november). Saueskabb. https://www.animalia.no/no/Dyr/sauehelsenett/sjukdommer/hud-og-ull/saueskabb/

Veterinærinstituttet (u.å.). Skabb hos gris. Henta 17. desember 2023 frå https://www.vetinst.no/sykdom-og-agens/skabb-hos-gris

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2023

Læringsressursar

Vanlege husdyrsjukdommar