Hopp til innhald

Fagstoff

Mjølkefeber

Mjølkefeber er ein alvorleg sjukdom som oppstår i samband med fødsel. Dyra blir liggande og kjem seg ikkje på beina, derfor blir denne sjukdommen òg kalla kalvingslamming. Hos sau kan han oppstå før fødselen, mens hos kyr ser vi han helst etter kalvinga.
Ei ku og ein kalv står i ein binge med halm på golvet. Kua er raud, og kalven er svart. Foto.

Nokre faktum om mjølkefeber

Mjølkefeber kjem av mangel på kalsium, og det er ein dødeleg sjukdom viss han ikkje blir behandla. Sjukdommen oppstår i samband med fødsel hos kyr fordi mjølkeproduksjonen bruker av kalsiumlagera til kroppen.

Andre namn på sjukdommen er kalvingslamming og hypokalsemi (hypo = "for lite", kalsemi = "kalsium").

Symptom

Sjuke dyr vil ikkje klare å ete, og dei blir ofte liggande utan å kunne reise seg.

Visste du at...

Dyr som har mjølkefeber, ikkje får feber? Derimot har dyr med mjølkefeber litt for låg kroppstemperatur.

Når oppstår sjukdommen?

Mjølkefeber oppstår når kroppen bruker for mykje kalsium i forhold til det han har kapasitet til. Stress og andre negative miljøfaktorar kan gjere dyra meir utsette.

Hos kyr oppstår sjukdommen i samband med fødsel. Mjølkeproduksjonen krev mykje næring, og når juret lagar mjølka, blir kalsium trekt ut av reservane til kroppen for å inngå i mjølka.

Hos søyer oppstår mjølkefeber like gjerne før fødselen, fordi kroppen bruker så mykje kalsium til fosterveksten.

Førebygging

Tiltak som kan vere med på å førebygge at dyra blir sjuke:

  • Riktig fôring i drektigheitstida. Pass på at kyr og kviger ikkje blir for feite.

  • Ikkje flytt eller stress dyra i tida før fødselen.

  • Mjølk ut berre den mengda kalven treng dei første dagane. Det blir produsert mindre mjølk i juret når du ikkje tømmer det, og kua beheld meir av kalsiumet i kroppen.

Behandling

Viss dyret ikkje et, ikkje klarer å reise seg og i tillegg har nedsett kroppstemperatur, er det viktig med dyrlegebehandling så raskt som mogleg! Det er stor sjanse for at dyret døyr utan behandling.

Dyrlegen gir kalsium direkte i blodet, og så er det viktig å få dyret opp på beina igjen. Nokre gonger må behandlinga blir gjenteken fleire gonger.

Sørg òg for at dyret får

  • lunka vatn å drikke frå bøtte, fleire gonger!

  • mjukt underlag for å hindre liggesår.

Viss dyret ligg, må du sørge for å snu det frå den eine til den andre sida for å unngå skadar i musklane. Dette er spesielt viktig for store og tunge kyr!

Oppgåve

Vel rett svar på spørsmåla. Klikk på pilen for å gå vidare til neste spørsmål.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2023

Læringsressursar

Vanlege husdyrsjukdommar