Hopp til innhald

Fagstoff

Ketose

Drektige dyr og dyr som skal produsere mykje mjølk, treng store mengder energi. Både kyr og søyer kan slite med å få i seg nok energi. Ketose blir òg kalla "husmannssjuka", fordi denne sjukdommen var veldig vanleg i fjøsa hos dei som hadde for lite vinterfôr til dyra sine før i tida.
Ein ung mann står på fôrbrettet mellom to sauebingar og deler ut høy til søyene. Foto.

Nokre faktum om ketose

Ketose oppstår når dyra treng meir energi enn det dei klarer å ta opp gjennom fôret. Då må dei bruke av kroppsreservane sine for å halde stoffskiftet i gang.

På grunn av energimangelen blir det danna stoff i kroppen som gir ei spesiell lukt. Desse stoffa heiter ketonlekamar, og derfor har sjukdommen fått namnet ketose.

Ketose blir rekna som ein produksjonssjukdom, og som regel rammar han dyr som står på innefôring. Men dette er ein samansett sjukdom som òg kan oppstå som følge av at dyra er svekte av andre sjukdommar og lidingar. Det er med andre ord fleire risikofaktorar, og her har vi lista opp nokre av faktorane som er med på å auke risikoen:

Risikofaktorar hos kyr

  • alder

  • for låg eller høg vekt

  • kalving om vinteren og våren

  • har fødd tvillingar

  • stort haldtap etter kalving

  • mjølker mykje etter kalving

  • kort sintid

Risikofaktorar hos søyer

  • for tynn eller for feit

  • har fødd tre eller fleire lam

  • stress mot slutten av drektigheita. Stress kan komme av

    • fôrskifte

    • vaksinasjon

    • klipping

    • dårleg fôrkvalitet

Symptom

Ketose kan vere vanskeleg å oppdage, men det er nokre symptom du bør kjenne til, og som du alltid skal ta på alvor viss du oppdagar dei. Viss du har mistanke om at det er noko unormalt med eit dyr, er det viktig å seie frå til den som eig dyret.

Her er nokre døme på korleis du kan oppdage ketose:

Synleg (klinisk) ketose

  • Dyra sluttar å ete, og det første dei vrakar, er ofte kraftfôret. Viss du ser at eit av dyra i flokken din ikkje et kraftfôret sitt, må du alltid reagere! Eit friskt dyr vil alltid ha lyst på kraftfôr.

  • Dyra blir slappe når dei ikkje får nok energi, og mjølkeytinga vil gå ned. Magen og tarmane får for lite å jobbe med, noko som òg går ut over mikroorganismane i vomma hos drøvtyggarane.

  • Hos nokre dyr kan du kjenne ei ganske sterk søt lukt når dei har ketose. Ved mangel på glukose vil feittreservane i kroppen forbrennast for å skaffe nok energi, og det vil bli danna ketonlekamar som blir skilde ut gjennom pust, mjølk og urin. Aceton er ein vanleg ketonlekam som blir danna.

Skjult (subklinisk) ketose

Det er ikkje uvanleg at både kyr og søyer kan ha ketose utan at du merkar det. Ofte kan ketose komme som ein følgesjukdom etter at dyra har hatt andre helseproblem, til dømes mjølkefeber.

Skjult ketose kan du oppdage ved å bruke ulike analysar:

  • Den sikraste måten er å ta ein blodprøve for å sjekke blodsukkeret. Utstyr til blodsukkermåling kan du kjøpe på eit apotek. Men hugs at du alltid skal rådføre deg med dyrlegen før du set i gang med dette, det er ikkje lov til å ta blodprøvar av dyr utan å ha godkjenning frå dyrlege!

  • Du kan òg kjøpe strips til å måle innhaldet av ketonlekamar i mjølk eller urin med, men desse kan vere litt vanskelege å tolke. Så uansett må du få dyrlegen til å hjelpe deg, slik at dyra får den hjelpa dei treng, så raskt som mogleg!

Behandling

Kyr

Den viktigaste behandlinga av kyr med ketose er å få opp blodsukkernivået. Du kan hjelpe kua ved å gi tilskot av sukkerblanding. Det finst fleire tilskotsblandingar på marknaden, til dømes propylenglykol, Pluss Energibalanse og Aksvet Energi. Her gjeld same råd som nemnt over: Du må alltid ta kontakt med dyrlegen så snart som mogleg for å få hjelp til å setje rett diagnose, før du startar behandling på eiga hand.

Viss kua har kraftig ketose, er det vanleg at dyrlegen gir intravenøs behandling med glukose. Denne behandlinga verkar fort, men har ikkje langvarig effekt. Derfor er det viktig å ha ein god plan for oppfølging av kua i etterkant, for å unngå tilbakefall.

Søyer

Viss du har erfaring med sau, veit du kanskje at søyene kan få ketose mot slutten av drektigheita. Ei søye som går drektig med fleire foster, treng mykje energi til fosterveksten mot slutten av drektigheitsperioden, så fosterforgifting er eit vanleg namn på denne sjukdommen i sauehaldet. Fosterforgifting blir òg kalla ovin ketose.

Hos søyer som blir sjuke før fødselen, er det ofte best å starte fødselen eller ta ut lamma med keisarsnitt. Så lenge fostera er inne i søya, vil dei krevje glukose frå mora, og ho vil ikkje klare å bli frisk før fødselen er overstått.

Førebygging

Rett fôring er den beste førebygginga. Fôret må tilpassast dyrearten og ha rett samansetjing av næringsstoff. Du må òg passe på at dyra får dekt behovet for mineral og vitamin gjennom tilskot. Dette er spesielt viktig viss dyra ikkje får kraftfôr, eller viss dei får veldig lite kraftfôr. Når dyra berre får grovfôr, vil det ofte bli for lite av eit eller fleire næringsstoff.

Følg med på haldet! Viss dyra taper mykje vekt, er det eit teikn på at dei ikkje klarer å dekke næringsbehovet. Dette kan skje sjølv om du har mykje fôr på fôrbrettet. For at dyra skal ha god appetitt, er det viktig at fôret både ser godt og freistande ut og at det luktar godt. Derfor er det alltid ein god regel å koste bort gamle fôrrestar før du kjem med nytt fôr.

God hygiene på fôringsplassen er noko du alltid bør prøve å ha, for å hindre at gammalt fôr og skit spreier forureining, som i neste omgang gjer dyra dine meir mottakelege for sjukdom og smitte.

Viktige omgrep

Ketose
er ein sjukdom som kan oppstå når kroppen ikkje klarer å ta opp nok energi frå fôret.
Drektigheitsforgifting
er eit anna namn som blir brukt om ketose fordi søyer ofte får ketose mot slutten av drektigheita.
Produksjonssjukdom
er ei fellesnemning på sjukdommar som heng saman med høg yting hos dyra.
Innefôring
er når dyra står inne i fjøset og må tildelast fôret der, i motsetning til når dei er på beite.
Haldtap
betyr at dyra blir tynnare, vi seier at dei taper hald.
Ketonlekamar
er ufullstendige nedbrytingsprodukt av feitt som blir danna når dyra må utnytte feittreservane i kroppen i staden for glukose til å skaffe seg energi.
Propylenglykol
er energitilskot til kyr med symptom på ketose. Blir òg brukt som løysemiddel og konserveringsmiddel i ulike produkt (mat, kosmetikk, frostvæske med meir).

Oppgåve

Risikofaktorar for ketose

Kjelder

Steen, A. (2021, 15. oktober). Praktisk håndtering av skjult (subklinisk) ketose hos mjølkekyr. https://drarvidsteen.no/subklinisk-ketose.html

Weiert, M. W. (2020, 5. november). Ketose. I Store norske leksikon. https://snl.no/ketose_-_veterin%C3%A6rmedisin

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2023

Læringsressursar

Vanlege husdyrsjukdommar