Hopp til innhald

Fagstoff

Mastitt

Mastitt, eller jurbetennelse, er ein av dei vanlegaste sjukdommane i husdyrproduksjon. Dyra kan bli akutt sjuke med høg feber, men mastitt kan òg vere usynleg. Derfor er det viktig å kjenne til dei ulike symptoma, sånn at du kan gi rett behandling.
Tre injeksjonssprøyter med ulikt innhald. Foto.

Nokre faktum om mastitt

Alle pattedyr kan få mastitt når dei produserer mjølk. Mastitt kan vere smittsamt, men dyr med høg yting er meir utsett. Derfor seier vi ofte at mastitt er ein produksjonssjukdom.

Mastitt er som regel smertefullt for dyret, og sjukdommen medfører ekstra jobb og tapt inntekt for bonden. Mastitt kan opptre på to ulike måtar: som synleg eller skjult mastitt.

Symptom

Synleg (klinisk) mastitt

  • Dyret kan ha feber.

  • Juret er ofte vondt, raudt og hove. Ved smerte vil dyret sparke når du prøver å mjølke.

  • Mjølka kan vere blodig eller ha slintrer.

I verste fall utviklar symptoma seg fort, og dyret får høg feber, blir liggande utan å ta til seg næring og kan døy utan rask behandling.

Skjult (subklinisk) mastitt

  • Det er ingen tydelege teikn på sjukdom.

  • Mjølka kan ha slintrer.

  • Høgt celletal i mjølka er ein reaksjon på betennelse – sjekk tanklappen.

    • Bruk schalmtest ved mistanke.

    • Ta speneprøvar og send inn til analyse før behandling.

To kvitteringar som viser mengde mjølk og resultat etter analysar av mjølka. Foto.
Eig hand held ein behaldar med schalmvæske og bruker peikefingeren til å pumpe ut væska i eit schalmbrett. Foto.

Korleis oppstår mastitt?

Mastitt oppstår ved at bakteriar kjem inn i juret, og jo fleire bakteriar det er i fjøset og rundt dyra, dess større er sjansen for at dei blir smitta. Bakteriane kjem inn i juret gjennom spenekanalen eller via sår og rifter på spenane. Det er to hovudtypar av mastittbakteriar: smittsame og miljømessige.

Smittekjelder

  • Dårleg hygiene i fjøset og dårlege rutinar i mjølkingsarbeidet gir bakteriane gode levevilkår.

  • Feil og manglar ved mjølkeutstyret kan føre til skadar på jur og spenar.

  • Dårleg reinhald fører til oppblomstring av bakteriar.

  • Hos storfe er kalvar eller kyr som syg på fleire kyr, ei smittekjelde du bør vere klar over. Dette kan òg skje i geitebesetningar, viss kjea går saman med geitene.

Førebygging

For å hindre at dyra får mastitt, er det viktig å ha god hygiene i fjøset.

  • Vask hendene før mjølking, og bruk gjerne eingongshanskar. Hanskar hindrar overføring av bakteriar frå deg til kua eller geita, og omvend.

  • Ved mjølking må du ikkje bruke same klut for å vaske fleire dyr, og dei skitne klutane skal aldri leggast tilbake saman med dei reine klutane.

  • Prøvemjølking i ein prøvekopp er viktig for å kunne sjå om mjølka har slintrer eller feil farge. Viss du mistenker at det er noko gale med mjølka, bør dette sjekkast før du held fram mjølkinga.

  • Du kan bruke ein schalmtest for å teste celletalet i mjølka, sidan mastitt ofte vil gi veldig høgt celletal. Viss du finn ut at celletalet er for høgt, bør du mjølke kua eller geita heilt til slutt, så det ikkje blir overført smitte til andre dyr gjennom mjølkeanlegget.

Behandling

Nokre mastittar oppstår plutseleg, og dyra kan bli veldig sjuke. I desse tilfella må du tilkalle dyrlegen, slik at behandling med smertestillande og penicillin kan starte så snart som mogleg.

Det er alltid viktig å tømme jurkjertelen godt og ofte, då får bakteriane mindre næring. Du må som regel handmjølke for å få tømt kjertelen godt nok.

For å sikre at det blir gitt rett behandling, bør det alltid takast ut ein speneprøve.

  1. Speneprøvar blir tekne frå kvar enkelt spene, i små reagensrøyr som er laga for dette.

  2. Juret og spenane blir vaska godt, og vaskinga blir avslutta med å vaske spenespissen med ein spritserviett.

  3. Kvart reagensrøyr skal fyllast med mjølk frå éin av spenane, i ei bestemd rekkefølge. Det er viktig å vere veldig nøye med hygienen når du skal ta ut speneprøvar, for det skal veldig lite til før dei blir forureina av bakteriar som lever i fjøsmiljøet rundt dyra!

Prøvane blir sende til Mastittlaboratoriet i Molde. Der finn dei ut kva mastittbakteriar som er årsak til infeksjonen. Når du veit kva bakteriar som har invadert juret, kan dyrlegen gi den behandlinga som verkar best i kvart enkelt tilfelle.

Film om mastitt (2:38)

Spørsmål til filmen om mastitt

  1. Korleis kan ei ku bli smitta av mastitt?

  2. Kva symptom kan du sjå på dyr som er smitta med mastittbakteriar?

  3. Kva to hovudkategoriar av mastittbakteriar finst det?

  4. Kva kan vi gjere for å unngå mastittbakteriar?

Kjelde

Tine. (u.å.). Jurhelse [Elektronisk brosjyre]. https://sway.office.com\?refLink

Relatert innhald

Kva er ein schalmtest, og korleis skal du gå fram for å ta ein speneprøve? Det får du svar på her.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2023

Læringsressursar

Vanlege husdyrsjukdommar