Hopp til innhald

Fagstoff

Schalmtest og speneprøve

Vi bruker ein schalmtest for å finne ut om det er høgt celletal i mjølka. Viss vi finn ut at celletalet er for høgt, er det stor sjanse for at det er ein infeksjon i juret. For å finne ut kva bakteriar som står bak infeksjonen, må du ta ein speneprøve og sende inn til analyse.
Eit plastbrett med fire runde skåler. I kvar skål er det lillafarga væske. Foto.

Schalmtest

Schalmtesten bruker vi for å finne ut om ei ku, geit eller søye har høgt celletal i ein eller fleire spenar. Høgt celletal er eit teikn på at det er ein infeksjon på gang i juret, så viss celletalet er høgt, skal du ikkje levere mjølka til meieriet.

Testbrett med handtak og fire skilde rom, ei flaske og ei pumpekanne med testvæske. Foto.

Visste du at ...

CMT er eit anna namn på schalmtesten? CMT betyr Californian Mastitis Test, mens Schalm er etternamnet til mannen som fann opp testen, Oscar W. Schalm.

Framgangsmåte

  1. Vask juret og spenane, og mjølk ut nokre strålar frå kvar spene i ein prøvekopp.

  2. Mjølk så i schalmbrettet. Hugs kva spene du mjølkar i kvart rom. Ein god hugseregel kan vere å halde brettet sånn at handtaket peiker framover langs buken på kua.

  3. Hald schalmbrettet litt på skrå så det blir like mykje mjølk i kvart rom.

  4. Tilset schalmvæske, lik mengd væske som mjølk i kvart rom.

  5. Roter schalmbrettet i 20 sekund.

  6. Sjekk resultatet. Bruk denne tabellen:

Tyding av resultat frå schalmtest

Schalmverdi

Beskriving

Talet på celler per milliliter mjølk

1Ingen klumpar, konsistens som mjølkunder 200 000
2Små klumpar som forsvinn etter kvart

150 000–550 000

3Tydeleg geldanning som varer. Geléen dannar ikkje ein klump som heng saman.400 000–1,5 millionar
4Tydeleg geldanning, dannar ein heil klump som heng saman800 000–5 millionar
5Sterk geldanning som toppar seg som ei manet i midten. Fell ut som ein klump.over 5 millionar
Ei hand held ein behaldar med schalmvæske og bruker peikefingeren til å pumpe ut væska i eit schalmbrett. Foto.

Film om schalmtest (01:50)

Speneprøve

Viss ei ku, geit eller søye har høgt celletal i ein eller fleire spenar, er det tilrådd at du tek ut ein liten prøve av mjølka frå kvar av spenane og sender han til analyse på Mastittlaboratoriet før du startar behandling med penicillin.

Av og til kan det vere nødvendig å starte behandling før du får svar på ein slik analyse, men det er ikkje alltid dyra blir så veldig sjuke sjølv om dei har ein infeksjon. Viss du ser at kua, geita eller søya elles ser frisk ut og ikkje har feber eller smerter, treng ho kanskje ikkje behandling i det heile. Men dette må dyrlegen eller ein erfaren bonde hjelpe deg å ta stilling til.

Film om speneprøve (5:13)

I denne filmen viser vi korleis vi tek ein speneprøve.

Framgangsmåte

  1. Vask jur og spenar grundig med ein rein og fuktig klut. Tørk godt, bruk gjerne tørkepapir.

  2. Mjølk nokre stråler frå kvar spene i ein prøvekopp.

  3. Desinfiser spenespissane med spritserviett.

  4. Hald prøveglaset på skrå, og pass på at strålen går rett i glaset utan søl. Det er viktig at korka og kanten på glaset ikkje kjem i kontakt med fingrar, golv, ku eller noko anna som kan forureine prøven! Fyll glaset opp til merket, og set på korka.

  5. Gjenta for kvar spene. Hugs at glasa må brukast i rett rekkefølge!

    • glas nr. 1: høgre framspene

    • glas nr. 2: venstre framspene

    • glas nr. 3: høgre bakspene

    • glas nr. 4: venstre bakspene

  6. Fyll ut skjemaet som skal sendast inn saman med prøven, og frys ned heile eska til ho skal sendast.

Jur hos ku der spenane er nummererte. Nummer ein: høgre framspene. Nummer to: venstre framspene. Nummer tre: høgre bakspene. Nummer fire: venstre bakspene. Under juret er det nummerte prøveglas. Illustrasjon.

Film om innsending av speneprøve (1:30)

Oppgåver

Påstandar om schalmtest og speneprøvar

Vel rett alternativ.

Ta speneprøvar!

Hugsar du kva som er rett rekkefølge på spenen når du skal ta speneprøvar? Dra prøveglasa til rett spene.

Viktige omgrep

Celletal
er talet på døde jurceller og kvite blodceller i mjølka. Blir gitt opp som talet på celler per milliliter mjølk.
Schalmtest
er ein enkel test for å finne ut om det er for høgt celletal i mjølka. Bør finnast i alle fjøs som har mjølkeproduserande dyr.
CMT
er det same som schalmtest, og det er ei forkorting av Californian Mastitis Test.
Schalmbrett
er eit plastbrett med fire separate rom til å ha mjølk frå kvar spene i.
Schalmvæske
er eiga testvæske som blir brukt når du tek ein schalmtest. Viss det er høgt celletal, vil væska øydelegge cellemembranen og cellene i mjølka vil klumpe seg saman.
Infeksjonar
oppstår når mikroorganismar kjem inn i kroppen, formeirar seg der og gjer skade på kroppsvevet.
Speneprøvar
er prøvar av mjølk frå kvar enkelt spene. Mjølka blir send inn til analyse for å finne ut om det er bakteriar i ho, og i så fall kva bakteriar det er. Blir brukt for å finne ut om ein infeksjon skal behandlast med antibiotikum.
Kjelde

Tine. (2017). Jurhelseboka. https://medlem.tine.no/dyr-og-helse/jurhelse

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2023

Læringsressursar

Mjølking