Hopp til innhald

Fagstoff

Tevling i maskinmjølking

I denne filmen får du høyre kva reglar som gjeld når du skal vere med og konkurrere i maskinmjølking. Viss du lærer deg desse reglane og følger dei når du skal mjølke, er sjansen større for at du kan behalde god jurhelse hos kyrne og oppnå god mjølkekvalitet.

Film om maskinmjølking (10:42)

Oppgåver til filmen

  1. Kan du forklare kvifor du ikkje skal vri opp jurkluten over bøtta med dei reine klutane?

  2. Når er det aktuelt å bruke ein blindspene, eller ein spenepropp?

  3. Kvifor er så viktig å opptre roleg under mjølkinga?

  4. Beskriv korleis du vil gå fram når du skal vaske og stimulere juret før mjølking.

  5. Kva er riktig framgangsmåte ved handmjølking: fullhandsgrep eller stripemjølking? Forklar dei to omgrepa.

  6. Beskriv korleis du vil gå fram når du skal setje på mjølkeorganet. Stikkord: vakuum, luftinnslepp, styring.

  7. Korleis veit du at kua er tom, sånn at det er på tide å ta av mjølkeorganet? Skal juret vere heilt tomt?

  8. Kva er tomgangsmjølking? Kvifor er det uheldig?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Mjølking