Hopp til innhald

Fagstoff

Vask av mjølkeanlegg

Når du er ferdig med mjølkinga, må du vaske og desinfisere mjølkeanlegget. Viss du har mjølkerobot, er han stilt inn på å vaske anlegget eit visst tal gonger i døgnet. Men viss du mjølkar på bås eller i mjølkegrav, må vaskinga startast og gjennomførast etter mjølkinga både morgon og kveld.
Ein mann står i eit fjøs og spyler mjølkeorgan med ein vasslange. Foto.

Kvifor det er viktig med godt reinhald?

Hygiene og reinhald er veldig viktig når du driv med mjølkeproduksjon. Viss hygienen ikkje er god, blir det dårlegare kvalitet på mjølka du leverer, noko som resulterer i dårlegare betaling for arbeidet du gjer.

Det er òg veldig viktig å ha god hygiene for å hindre smittsame sjukdommar i å spreie seg i fjøset ditt. Friske dyr i eit godt miljø er ein føresetnad for å få gode resultat.

Gongen i arbeidet

Viss du arbeider i eit fjøs med mjølkerobot, vil vaskinga av mjølkeanlegget gå automatisk fleire gonger dagleg. Men i eit robotfjøs er det òg viktig å kunne litt om gongen i arbeidet, slik at du lettare kan oppdage feil og manglar.

Ytre reinhald av mjølkearealet, mjølkeslangar, mjølkeorgan og anna utstyr må du dessutan gjere manuelt òg i eit robotfjøs.

1. Utvendig vask av mjølkeorgan og slangar

For å sikre at gammal skit ikkje festar seg, er det viktig å skylje av mjølkeorgan og slangar etter mjølkinga. Av og til må du òg bruke ein børste for å løyse skit og lort.

2. Tøm anlegget for mjølk

Før du kan starte opp vaskinga, må du sørge for å få all mjølka frå anlegget over på mjølketanken. På manuelle anlegg gjer du dette ved å sende ein tømmepropp, eller svamp, gjennom mjølkerøyra.

To svampaktige sylindrar, ein heilt kvit og ein gulaktig. Foto.

3. Ta ut mjølkeslangen frå tanken

Når du har fått ut all mjølka frå anlegget, er det på tide å drenere mjølkeslangen ved å løfte han opp slik at mest mogleg av mjølka renn over på tanken. Etterpå tek du ut slangen frå tanken.

4. Ta ut mjølkefilteret

Mjølkefilteret skal takast ut etter kvar mjølking, og du bør sjekke om det er slintrer eller andre uønskte ting som har festa seg på filteret når du tek det ut. Det vil ofte visast på filteret viss ei eller fleire kyr eller geiter har høgt celletal eller skadar i juret.

I eit robotfjøs med mange kyr kan det vere fleire mjølkefilter som du må skifte. Då er det lurt å ha ein fast rutine, slik at filtera blir skifta ofte nok og til faste tider kvar dag.

Tre bilete som viser skifting av mjølkefilter. Foto.

5. Skyljing

Den første delen av vaskinga går ut på å skylje ut mjølkerestar som ligg igjen i mjølkeorgana og på veggane i resten av anlegget.

Du må plassere mjølkeorgana i ein vask eller i eit vaskestativ før du startar. Ved manuell vask må du fylle vaskekaret med lunka vatn, og så blir vatnet soge opp av mjølkeorgana og køyrt ein runde gjennom anlegget. Dette vatnet skal du tømme rett ut igjen etter éin runde. Skyljinga avsluttar du ved å sende ein tømmepropp gjennom anlegget.

Det er det same som skjer ved automatisk vasking, men då treng du som regel berre å plassere mjølkeorgana i eit stativ og trykke på ein knapp. Så sørger automaten for å sende lunka vatn gjennom anlegget og tømmer det ut etter ein runde.

6. Hovudvask

Når du har fått ut dei siste mjølkerestane, er det på tide å starte hovudvasken. Då skal du bruke så varmt vatn som mogleg, helst opp mot 80 gradar. Ved manuell vasking må du fylle vaskekaret med berre varmt vatn og tilsetje vaskemiddel som er berekna på vask av mjølkeanlegg.

I hovudvasken skal vatnet sirkulere i anlegget så alle røyr og mjølkeorgan blir heilt reine. Som regel bør ein hovudvask vare i 5–7 minutt, men ikkje så lenge at vatnet blir avkjølt for mykje.

Når vasken har gått lenge nok, tømmer du ut vatnet og drenerer mjølkerøyra med ein eller fleire tømmeproppar. Så skal anlegget stå lukka fram til neste mjølking, slik at vaskemidla får halde fram med å verke og du unngår at det kjem fluger eller andre uønskte gjestar inn i systemet.

Vaskemiddel

Syre og kombi er framleis vanlege namn på dei to vaskemidla vi bruker til å vaske mjølkeanlegg og mjølketank.

Syre er sterkt surt, og kombi er sterkt basisk, og begge midla kan gi etseskadar på huda i ufortynna form. Derfor er det tilrådd å bruke hanskar når vi handterer desse midla.

To femliters kanner, ei med raudt, syrehaldig vaskemiddel og ei med blått, alkalisk vaskemiddel. Begge er merkte med fareskilt for etseskadar. Foto.

Når du skal vaske mjølkeanlegg, er det vanleg å bruke dei annankvar gong, til dømes syre om morgonen og kombi om kvelden.

Grunnen til at vi bruker to ulike vaskemiddel, er at vi vil sikre at bakteriar og mikroorganismar ikkje skal lære seg å tole vaskemidla. Når vi vekslar mellom eit middel som er sterkt surt, og eit som er sterkt basisk, vil ikkje mikroorganismane klare å lage mutasjonar som er resistente mot det eine eller det andre.

7. Jurklutar og blindspenar

Jurklutane kan du gjerne vaske på høg temperatur i vaskemaskin, det vil seie på minst 60 gradar, og gjerne 90 gradar. Då tek du knekken på dei fleste uønskte mikroorganismane før neste mjølking.

Viss du ikkje har vaskemaskin, kan du bruke same framgangsmåte som ved vask av mjølkeanlegget. Skyl godt med lunka vatn først, og vask dei i varmt vatn tilsett surt eller basisk vaskemiddel.

Ekstrautstyr som blindspenar må du òg vaske og desinfisere kvar gong etter bruk.

Film om vasking av mjølkeanlegg (5:16)

Sjå filmen, og sjekk kva du fekk med deg, ved å gjere oppsummeringsoppgåvene etter filmen.

Oppgåve: Vask av mjølkeanlegg

Lag ei oppsummering av alle arbeidsoppgåvene i samband med vask av mjølkeanlegg. Hugs å få med viktige faguttrykk.

Tips: Jobb saman med ein medelev og forklar munnleg for kvarandre først. Etterpå kan de lage ei skriftleg oppsummering under.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2023

Læringsressursar

Mjølking